fredag 4. august 2023

Dalsstølen - nokre minne


Dalsstølen frå innlegg på Facebook

I det forrige blogginnlegget mitt om gamleløa til Harald`n i Dale, kom eg inn på barndoms-kompisen min Per, naboguten, son til Ann og Harald Dale. Han var to år eldre enn meg. Sidan eg nemnde han med spillopperi og greier som vi fann på, minnest eg òg alle dei flotte turane vi hadde i lag til Dalsstølen (i dag står stølshuset att t.h. på biletet ovanfor). 

Vi var vel i 13-15 års alderen då vi nytta stølen utan vaksne. Ganske tøffe i ånden vil eg seie. For vi vart skyssa over fjorden og overletne til oss sjølve. Med returbillett eit par, tre dagar seinare. For over fjorden kom vi oss ikkje igjen før avtalt tid! 

Turen med ryggsekk, sovepose og anna var rimeleg tung. Spesielt opp Kleivane. Då var det ekstra hyggeleg å kome til Nedre Fossedal der Gunnhild og Øystein servert gul saft og bollar. Ja, det var kanskje dei som var "redningsbøya" om noko uforutsett skulle skje. Men det trur eg neppe vi tenkte på den gongen. Vi klarte jo oss sjølve.... 

Gunnhild og Øystein Fossedal t.v. sjå tekst foto og kommentarar

For dei som er kjende i traktene gjekk den gamle stien vidare vestover under Fossedalsfossen og opp lia. Ganske tungt det òg. Vidare sør for lonane til vi kunne sjå stølen i vest. Deretter rundt "svingen" på elva til tjerna.    

Parti av stien til Dalsstølen ved lonane. Fossedalshengenipa oppe t.v.

 
Målet i sikte...

Ja, kva gjorde vi på stølen på den tid? Utan mobiltelefon og internett? Med turutstyr som var so som so? Ein ting er iallefall sikkert. Vi kjeda oss aldri! Tida gjekk med til fisking i tjerna og elva. Og bading. Veldig kjekt då vi var såpass gamle at vi kunne ta ut båten som hang under bjelkelaget i selet. Den var laga av eit slags seglduksmateriale hugsar eg. Og veldig lett. Ikkje store farkosten. Med den var det betre å få fisk i tjerna. Også med garn. I matvegen gjekk det såleis i steikt fisk på omn eller bål og brød frå Thomassen i Dale. Blåbær i fleng. Enkel kost. 

Parti ved elva/lona ved Dalsstølen
(i dag er her meir gjengrodd enn før i tida)
Kringla i bakgrunnen

I nærområdet var det vel ikkje ein meter som ikkje vart utforska. Opp langs elva, lonane og kulpane. Berrføtt, solbrune og blide. Lått og song. Tur til lonane og Valvike-hytta i aust ved Fossedalsvatnet. Dei nære ting var liksom veldig nær den gongen. Den einaste gongen eg hugsar eg var litt bekymra var då torevèret heldt på å rive ned Heileberget i sør...

Til underhaldning hadde vi elles med oss fleire blad frå bokhandelen i Dalstunet - Donald Duck, Fantomet, Kaptein Miki og anna. Og så snop. Vi kunne ligge lenge i soveposen på grasbakken utanfor selet om kveldane. Lese, prate, snope.... Ikkje hugsar eg at myggen og kleggen var spesielt plagsomme heller. Deretter var det til køys. (Ein blir søvnig av fjellufta...) 


Dalsstølen ca 1925?

Selfie Nedre Fossedal 
i pur ungdomstid
Ein ting eg elles minnest på Dalsstølen var nettene. Å vakne opp og "høyre" den uverkelege stilla. Når det ikkje regna vel og merke for då høyrde du elva og regnet på blekktaket. Men før skein vel alltid sola sommarsdagen! Nesten iallefall. Det var så utruleg stilt. I halvmørkna reint trolsk å stikke nasen ut gjennom vindauget eller å gå på utedoen. Vi var åleine i heile verda! Eg kjenner kjensla langt inn i sjela den dag i dag. Med dagens teknologi, er det nesten rart å tenke tilbake på korleis vi ungane vaks opp i forhold til i dag....   

Ja, mange gonger har eg lurt på korleis det hadde vore å bli sett tilbake i tid - slik sett. Gått baklengs inn i fortida. Det hadde vel vorte ei  sjokkarta oppleving for eit spirande ungdomsliv. Alt ein har gjort seg van med i dag. Vel, i den tid gjorde vi oss våre eigne erfaringar. Kanskje ikkje styrt slik av omverda som i dag. Sjølv er eg ikkje i tvil om at dette var ei god ballast å ha seinare i livet. For meg. For Per`n gjekk det diverre ikkje slik. Men det skuldast nok heilt andre forhold enn dei blømande barne- og ungdomsåra våre. Minna etter Fossedalen og Dalsstølen lever like godt i dag som før. Også etter Per. Og enda er det nye opplevingar å sanke. Lengten lever.  


Ingen kommentarer: