tirsdag 1. august 2023

Gamleløa til Harald´n i Dale

Løa til Harald`n i Dale blir riven


Gjennom ein tråd på Facebook sida om Dale, og kor mange av bygningane i Dalstunet som er vekke, vart eg minte på den gamle løa til Harald`n i Dale. Eit lite steinkast frå Skaartun der eg vaks opp. Eg tok ein liten bildeserie den gong løa vart riven. Som eit minne om barndommen eg hadde i og rundt løa. Det var nemleg far til naboguten, Per`n i Dale, to år eldre enn meg, som åtte løa.

Dei par siste dagane har eg faktisk tenkt meir på løa. Og all moro og kreativiteten vi hadde rundt løa. (Du veit vi vaks opp med sveivetelefon i dei dagar. Sjølvsagt måtte vi lage dei spillopper vi sjølv kom på). Vi vart jo ikkje proppa øyra og augene fulle med all slags masseproduserte greier som i dag...

No er det mange episodar å gripe tak i rundt løa og gamle Dalstunet. Men skal i denne omgang halde meg til løa. 

Det første som slår meg av "galne" påfunn, var naturlegvis å hoppe i høyet. Frå ganske høgt oppe under låvetaket. Ikkje akkurat det mest kreative kanskje. Men vi laga tunnelar i høystålet òg. Dette var no heldigvis i tida før røyking og den slags. Så sjølve brannfaren var vel heller liten. Kjekkast var det nok likevel når vi fekk lurt med oss ei jente inn i tunnelane. Rett nok var dette i tida før det vart noko alvor av høykosen... (Som ein kanskje tenkjer på under slike omstende). Kyss klapp og klem vart det seinare inne i dei andre tunnelane (men det er ei anna soge...). 😅

Meir "krut" var det nok i lufta då vi fekk tak i luftgevær og sat på huk bak kyrabåsane og skaut på rotter. Jøss, det var moro! Kor mange rotter det gjekk til hugsar eg ikkje. Men nokre vart det. Noko samanlikning med Rottefangaren frå Hameln var det nok likevel ikkje. 😃

Per`n kan det skrivast mykje om. Han er ikkje lenger blant oss. (RIP Per). Eg har mange minne til han. Men for å halde oss til løa som dette skulle dreie seg om, så hadde Per`n dette fantastiske instinktet i seg å skulle flyge. (Han prøvde sjølv oppe i åkeren med nokre heimelaga venger). Men ved låven var det hønene som fekk "gjennomgå". Dag etter dag prøvde han å få hønene til å flyge jmfr. alderen vår (12-14 år eller noko slikt). Dette kunne jo sjølvsagt ikkje late seg gjere. Men han trena hønene opp igjen og opp igjen. Ja, han fekk faktisk ei høne til å flakse langt opp på låvetaket ved å hive ho opp i lufta. Meiner å hugse at dette var den lettaste og slankaste av sorten. Somme vil vel hevde at høna flaug over heile låvetaket. Men det kjem ikkje frå meg...😄

Sterke handtak då løa vart riven

Meir blodig gjekk det føre seg under slaktinga om hausten. Vi katane fekk jo oss til å smugkike då sauene vart slegne i hel med slegge (trur eg det var) og tappa blod av. Så blodeimen rauk! Endå verre var det når grisen skulle slaktast - han vræla slik at eg høyrer gjenlyden i Dalstunet endå. Det var fælsleg! Mildt sagt. Om eg sjølv har teke skade av desse seansane veit eg ikkje. Men å ta livet av noko som helst byr meg iallefall i mot den dag i dag (altså etter rottene og mysene då...). 

Høgste alvor vart det elles då bror min, han godeste Sillan, gjekk gjennom nokre rotne bord og hamna rett i møkakjellaren i gamleløa. Meiner å hugse det var kattunger vi kraup etter der på plankane. Ja, sant og seie kunne dette ha gått gale! Men heldigvis fekk vi tak i William D. og fekk fiska broderen opp igjen. Lukta av katen var som du kan skjøne heilt forferdeleg. Eg synest nesten synd i mamma endå som måtte ta seg av han heime. Om kleda vart kasta tòrer eg ikkje svare på. Men lukta av han forsvann iallefall - til slutt... 

Ja, den løa den løa. Som låg der midt i sentrum av "selveste" Dale. Til stor forargelse for somme. Men til dessto meir forlystelse og spaning for oss andre. Om somme i si tid (dei kondisjonerte) gjerne kunne grine på nasa av lukta av dyr, sauer, høns og motting, hadde ein i dag gjerne teke sin sikre død av løa her midt i sentrum. For min del synest eg mykje av identiteten til Dale forsvann då løa og dei andre gamle husa i sentrum vart rivne. I dag som berre minne for oss som var så heldige å ha ein slik gylden barndom. Fred over løa til Harald`n og gamle Dalstunet. 

  
Dalsåsen såg annleis ut òg då løa var riven

 

 

Ingen kommentarer: