torsdag 28. juni 2012

Sommar og snø på Blegja

Blegja i ettermiddag

Eg var oppom Blegja på veg heim etter arbeid i dag. Sidan eg no skal vekk på ferie, og vèret var så fint, følte eg litt trong for det (p.s det blir folk i huset hvis nokon tenkte noko anna....:-)) 

Eg gjekk opp i joggesko, sjølv om eg då visste eg blei våt. Det første partiet oppover er likevel så tørt, og fordelen med lette sko så openbar, at eg valde det.  Første snøen ligg i bakkane under Rørvikenipa. Ranane bortover traversen mot sør er snøfrie, men frå Nipevatnet og opp, ligg det for det meste snø heile vegen. Unnataket er øverst i ura og i "salen" mellom nipa og platået opp på sjølve toppen. Her ligg heile ura no i opne dagen. 

Det var fantastisk flott oppover. Sol og heilt stilt. Eg gjekk difor i bar overkropp, og kunne berre gje på. Men i dei snøfylte partia som nemnt ovanfor, er jo ikkje joggesko nett det beste å ha på føtene. Litt skrens og smågliing vart det difor i bakkane. Våt og litt kald på føtene vart eg sjølvsagt òg, men det tok eg no berre med meg. 

På toppen var det suverent. Vindstille. Praktfull utsikt som vanleg. Snøen hadde minka mykje sidan sist, men enno låg her ein god del. Skavlane var enorme enno (sjå video). 

 Store skavlar på Blegja endå
 
No sprada eg ikkje rundt så lenge her oppe. Til det var føtene for kalde. Eg tok meg difor raskt ned igjen. Sprang ned att snøpartia og frå under urane. Og turen i ettermiddag trur eg må ha vore blant dei raskaste eg har gått hit. Artig det òg.

No tek som sagt skribenten ferie. Kor mykje bloggen vert oppdatert dei neste 14 dagane er noko usikkert. Men eg er tilbake med ny giv etter det. God sommar!

Foto Blegja 270612

mandag 25. juni 2012

Jonsok-foto




Foto Jonsok 2012

Kjende fjes i Stongfjorden...!

Til ei forandring legg eg ut nokre bilder av folk her på bloggen (sjekk link). 
Det er nok litt for lite av det til vanleg, då denne bloggen for det meste handlar om turane mine. 
Greitt med endringar i kosten....:-)

søndag 24. juni 2012

Myrull og iskrystallar



Tre foto frå Moldura i dag.

Eg var tenkt å halde meg i ro i dag. Men etter å ha sysla med nokre bilder framfor pc`en eit par timar i dag tidleg, vart eg så søvnig at då var det berre å komme seg ut. Eg tok meg difor ein rask tur på Moldura igjen. Standardruta frå Stafsnes. 

Eg traff Ansgar Bjarne på tunet der borte. Vi slo av nokre ord, mellom anna om morderiske fluger. Dei er ein pest og ei plage no om sommaren. Det virkar som livretten deira er sveitte. Kravlar og summar inn i øyra, håret, i ansiktet, nakken, armar og føter. Di mindre klede du har på deg di verre er det sjølvsagt. Og no når det endeleg er temperatur til å kle av seg... Toppen på kransekaka er jo når du svel dei. Dei synest leve ned gjennom halsen i lang tid etterpå.... Det er likevel mogeleg at dei åt seg mette på Ansgar Bjarne her oppe hin dagen, for så ille var det faktisk ikkje i dag. Kanskje hadde det noko med trekken og litt småregn i lufta å gjere. 

Det er mykje myrull rundt om i landskapet no. Praktfullt mange plassar. Vaiande lydlaust i vinden. I dag fekk eg assosiasjonar til vintervandringa mi med hovudlykt. For myrulla minte meg om iskrystallane som glitra meg i møte dei flotte vinterkveldane eg hadde her oppe. Det er ikkje mange månadane sidan. Så utrulig flott på alle måtar denne turen same kva årstid det er....

Sjølv om eg kom meg opp i bar overkropp, var det rimeleg kjølig på toppen i dag. Solfritt som det var. Heldigvis hadde eg med meg ein topp å dra over meg. Men ned igjen fekk eg fort varmen igjen. Eg sprang på direkten til Stongfjorden - våt av sveitte...:-) Herlige Moldura! 

lørdag 23. juni 2012

Roundabout

Skålefjellet frå Portavatnet Nord

Diverre var sola forsvunna i dag. Men det var opplett, bra temperatur og austavind. Eg kutta difor ut Blegja, som eg var tenkt å gå, og gjekk først på Røyrbotnholten frå Oslandsbotnen igjen. Eg manglar nokre turar inn på fjelltrimposten der. Men eg tok med meg sekk og fiskestong for å ta ein tur opp i Porten og Portavatnet etterpå.

Eg stakk innom reiret til heipiplerkene i Svelia, men der var jammen fuglane flogne. Nok eit kull av den mest talrike fuglen i fjellet var på vingene. Jammen går det fort unna. Sommaren bokstaveleg talt flyg...

Litt lenger sør kom eg over eit hissig par steinskvett. Tekk-tekk-tekk og raske forflytningar. Reiret var gøymt inn i ei steinrøys. Så det var vanskeleg å komme til med eit hurtig fotoshot. Det fekk difor vere heilt i fred. Fuglane var forresten minst like hissige då eg kom ned igjen. 


  Heipiplerkereiret var tomt, men eit hissig par steinskvett ynskte meg vekk...

Det bles ganske bra på toppen av Røyrbotnholten. Eg gjekk difor ned igjen i Svelia med ein gong. Så bar det nordover langs det nedtappa vatnet igjen til der eg hadde plassert sekken. Deretter gjekk turen opp dalen i aust for Botnastølen og til Porten. 

Nokon suksess vart fisketuren ikkje. Det kan vere sagt med ein gong. Kjøa var forholdsvis lita. Men eg veit her skal vere større eksemplar. Sikkert litt tidleg på sommaren endå. Eg let difor fiskestong vere fiskestong, åt meg eit par skiver, og tok peiling opp dalen mot Portafjellet. Sekken og utstyret sette eg att ved vatnet. 

Steik, det er fint oppover dalen her. Elva snirklar seg i idylliske bogar, avbroten av ein og annan småfoss, flott myrlandskap og irrande grønt beite for sauene langs fjellsidene der det endå ligg ei og anna snøfonna. Myrulla svaia i vinden, og molteblomstene skein meg til møtes. Nydeleg utsikt til Portavatnet Sør, Vardenova lenger oppe og til havs. Og så har vi Portafjellet då med si majestetiske form. Til og med sola stakk i gjennom for å glede meg endå meir. Lenger oppe er det kjempeflott utsikt til fjella i aust, mot Langevatnet og Nipebu, Førdefjordsida i nord og sørover til Lihesten og Brosviksåta. Og sjølvsagt til Stongfjordeni i vest. Eg laga ein snutt frå toppen, og sjølv om det starta å regn og blåse så får ein vel eit inntrykk likevel. 


Til og med sola stakk gjennom skydekket då eg gjekk opp dalen mot Portafjellet...

Snutt frå Portafjellet

Eg tok like godt og varda litt undervegs i dag. Stordalsfjellet, som ligg rett aust for Portafjellet, er vel snart på programmet for fjelltrimmen igjen. Og ruta opp langs Portafjellet, sjølv om her er litt bratt, eignar seg veldig godt til å komme seg dit. (Ein kan gå opp gjennom Porten, rett ovanfor Portavatnet, og ta opp dalen frå sørsida, øvst i Stordalen, òg. Om vinteren er dette eit tryggare alternativ. Eg hadde forresten ein tur denne vegen i vinter). 

Oslandsbotnen, Botnastølen og Porten er egentleg eit kjempeflott alternativ til å komme seg til den fantastisk flotte Stordalen og til Nipebu. Området har inga utbygging (INON) og vart heller ikkje godteke utbygt av SFE i siste "raidrunda" deira. (Diverre gjekk det annleis med Grunnevatnet og Leknesvatna lenger aust). Utan å komme for mykje inn på akkurat dette her og no, så vil eg i framtida søkje Nipebu-traktene meir frå denne ruta. Når gravmaskinene og dynamittsalvene gjer sitt inntog ved Markavatnet og Grunnevatnet vert provokasjonen i dette for tung å bere...


 Sjølv på ein gråversdag er det flott opp gjennom dalen mot Portafjellet...
Her utsikt sørover mot Portafjellet (1) og mot Skålefjellet (2) i nordvest.

Eg gjorde nokre ekstra kast med fiskestonga då eg kom ned igjen til Portavatnet der sekken og fiskestonga stod. Fleire kjø vart det, men dei fekk alle behalde livet. Som vi sa i gamle dagar om torsken då vi sette han ut igjen i, han fekk vekse seg stor til neste gong han beit på. I denne samanhang er nok det ei tvilsam ytring...:-)  

Etter ei lita stund her ved vatnet, begynte det å regne igjen. Ganske mykje faktisk, før det avtok. Men då var eg i grunn nøgd. Pakka i hop utstyret og gjekk ned igjen dalen til Botnastølen. Her tok eg nokre bilder av hytta før eg heldt fram til bilen i Oslandsbotnen. Ein flott lørdagstur var til endes...

Rivedalssauene trivst utmerka ved dei utstikkande hamrane på nordvestsida av Røyrbotnholten.

torsdag 21. juni 2012

Fint ved sjøen i kveld





Nokre foto frå kaia i stad. Peter fiska makrell til middag. Kaia ligg nedanfor huset vårt på Yndestad. Han fekk berre ta opp 4 stk...:-)
Ein fin kveld...

Ein lyngvals

MMS Høgefjellet i ettermiddag
Det vart litt forandring i planane i dag. Peter sin fotballkamp i Askvoll vart avlyst, noko som gjorde det altfor freistande å stoppe i Rørvika på veg heim. Ja, akkurat, eg måtte oppom Høgefjellet. Tredje dagen på rad. Men som sagt det var ikkje heilt planlagt altså....:-) 

Fantastisk flott. Joggesko og bar overkropp. Berre å peise på. Litt på halv åtte ned igjen. Ei vond tå og eit skrubb her og der. God giv!

onsdag 20. juni 2012

Sko av bly...

Har vore eit par kjappe standardturar på Høgefjellet etter arbeid denne veka. Joggeskorna har fått seg ein pause etter at det vart skikkeleg vått igjen. Eg har brukt dei gamle fjellskorna. Sko som eg har sløva med og stelt. Og resultatet har blitt deretter - kliss våte og to kilo kvar sko. Så eg kunne like godt ha teke joggesko...:-)
Så mykje å fortelje om desse trimturane er det ikkje. Det blir raskt opp og ned, og skubbsvolten heim til middag. Middagen blir no ofte av det raske slaget òg. To skiver med fire, fem speileegg og 1 liter skumma melk. Sit bra i fram til grauten neste morgon det...

søndag 17. juni 2012

Rasert natur






Etter å ha vandra gjennom øydelagd vassdragsnatur ved Bjørnastigvatnet tidlegare i helga, gjorde eg det same i dag ved Svelivatnet (a). Vatna her òg er sterkt nedtappa no til sommaren, med ørkentilstandar, erosjonar og daud natur langs land. Ikkje akkurat noko pent syn. Men hvis du spør nokon om det er slik det skal vere, ja, så svarar dei vel at dette må vi leve med. Ja, ja slik er det. Galskap vil alltid finnast, og straum treng vi jo, sjølv om eg meiner det er forskjell på fullstendig galskap eller berre litt.... Etter mitt syn burde det aldri vore lov å tappa ned desse vatna så mykje. 

Begge dei to ovannemde vatna er det fisk i. Men reproduksjon er det minimalt av sidan gytegropene blir tørrlagde i løpet av vinteren og våren. Kvaliteten på fisken i Svelivatna er miserabel. Fisken er utrulig mager. Nesten som ål. Eg drog opp nokre i stad, men nytta meg av "catch and release". Og sjølv om fisken er nokolunde bra av storleik, ser den ikkje appetittleg ut. Det er opplagt at matforholda er mangelfulle. Ikkje rart det når dei produktive og grunne områda langs land er raserte... Sørgelege greier! 

Eg stakk sjølvsagt oppom Røyrbotnholten på same turen. Eg fann ei ny og litt betre skår opp frå vatnet. Hamrane er ikkje heilt ufarlege når det er vått som det vart i dag. For det starta å regne ganske mykje før eg nådde opp på toppen. Ja, det vart etter måten skikkeleg vått og kaldt etterkvart. Skodda kom sigande og i tillegg friskna vinden på. Det vart difor ganske så utriveleg. Litt utilstrekkeleg utrusta som eg var, returnerte eg difor fort heim igjen. Nokon sjukdom kan eg ikkje risikere når eg snart skal til Tyrkia. Der er det iallefall ikkje vått og kaldt...:-)   

lørdag 16. juni 2012

Close encounter of the cow degree

Oslandsvatnet

Eg tok med meg Peter og Andreas til Oslandsvatnet i stad slik at dei fekk fiske seg nokre kjø. Eg sjølv fekk selskap av ein flokk med kyr. Selskaplege til tusen. Eg måtte hive alt av klede til vask etterpå, for eg vart grundig rundsleikt  i dette møtet. Artig det:-)

Foto Oslandsvatnet


Fra Oslandsvatnet 160612

Fisk og hjort på sym

Høgefjellet og Bjørnastigvatnet i går kveld

Flott tur på Høgefjellet i går ettermiddag. Deretter fisketur i Bjørnastigvatnet og Leknesvatna med overnatting i uteliggar der. I dag gjekk turen motsett veg, nesten...

Det er veldig strabasiøst å bevege seg langs Bjørnastigvatnet, for å seie det mildt, nedtappa som det er. Eg måtte klyve over hamrar og sva. Nesten uframkomeleg enkelte plassar. Stadig vekk opp og langt over vatnet igjen for å kome meg rundt nye hamrar. Akkurat den delen av turen anbefalar eg ingen å ta.... 

I vestenden av vatnet og vestover mot Leknesvatna, er det mykje lettare og ganske greitt å gå. Her har eg i tillegg gått fleire gonger før og er godt kjend. Brukbar sti langs vatnet mellom Leknesvatna og Bjørnastigvatnet. Faktisk på begge sider av dette vatnet som ikkje har namn på kartet. Etter å ha fiska både her og der, og fått nokre solide kjø, slo eg meg til ro for natta.


Morgonen etter på veg mot vest med Eitrenipa midt i synet rett i sør fekk eg meg ei fantastisk naturoppleving då to hjortar brått la på sym over vatnet. Sjå videoen under. Ja, til og med hjorten har vanskar med lendet rundt Bjørnastigvatnet...


Noko av meininga med denne overnattingsturen, utanom fisket sjølvsagt, var å teste ut ei rute frå Skorvemarka, via Leknesvatna og på Høgefjellet. Fint å kombinere både fjelltrim og fiske på same turen. Eg rota meg ikkje heilt inn igjen same vegen som eg kom kvelden før, men tok meir rett opp. Det viste seg å vere fornuftig. Så den biten gjekk egentleg heilt greitt. 

Det går ei bru beståande av eit par tremaster over vestenden av elva ved det namnlause vatnet, truleg noko SFE har sett opp. Og ved å gå over her finn ein ganske greitt opp og inn att på Høgefjellet. Returen til bilen i Rørvika igjen er vel ikkje så mykje å nemne.

Kjekt å vandre ute sumarnatta. Og med berre 3 timar søvn, får eg slumre litt på sofaen ei stund no. 
  


Rørvika og Rørvikenipa i dag tidleg


torsdag 14. juni 2012

Kald nordavind


Under ei snøbru på Høgefjellet i ettermiddag
Vassdråpane var forfriskande:-)

Eg stakk oppom Høgfjellet på veg heim igjen i dag. Og i motsetnad til i Førde var det heilt klårt og solskinn her ute i ytre strok. Det har vore stor skilnad på vèret dei siste dagane soleis. Likevel var det låg temperatur. Kun 12 grader ved fjorden og iskald nordavind. Kor manbge gradene det var der oppe veit eg ikkje... Men snøen såg no ut til å smelte iallefall...:-) Som i går heldt eg akkurat varmen i berre shorts ved å halde høg intensitet både opp og ned.

Elles er det kjekt at det no går sauer i området. Ei sauebjølle i fjellet gir gode kjensler!


onsdag 13. juni 2012

Røyrbotnholten igjen


Eg tok same turen etter arbeid i dag som hin dagen. Frå Oslandsbotnen til Botnastølen, Svelia og Røyrbotnholten.

I dag såg eg årets første hoggorm. Sjeldan eg kjem over orm. Men denne låg i vegen øverst i Brekka og kosa seg i sola. Eg fekk akkurat fram mobilen og knipsa eit bilde før han forsvann under ein stein.

Som om ikkje det var nok fann eg eit heipiplerkereir oppe i Svelia. I fullt firsprang ned igjen trakka eg nesten på reiret då fuglen fauk opp framfor føtene på meg. Artig oppleving, sjølv om eg etterpå var glad for at eg ikkje trakka ungane i hel. Eg måtte knipse eit mobilbilde her òg. Men trekte meg fort unna. Fuglenøsta såg temmeleg sårbare ut der dei låg.

Elles gjekk turen som hin dagen, raskt og flott opp. Fint å få springe mykje av vegen. For mange av myrane er no tørka heilt inn. Dei er lettare å springe då med berre joggesko og shorts.

Nordavinden var temmeleg kald i kantane når sola forsvann i ettermiddag. Turen heldt akkurat utan klede, men ikkje meir enn som so. Målaren i bilen viste berre 12 grader då eg kom ned igjen. Ikkje akkurat nokon særleg temperatur til å springe naken i fjellet det. Iallefall ikkje i kald nordavind... Ei god avriving...:-)

mandag 11. juni 2012

Røyrbotnholten frå nord

Eg tok meg ein kjapp tur frå Oslandsbotnen til Botnastølen, Svelia og Røyrbotnholten etter arbeid i dag. Det går fint å ta fjelltrimposten i Rivedal på denne måten. Så slepp eg ein masse køyring. Litt lenger er dette nok enn frå sørsida, men tidsmessig sparer eg på det. Iallefall som i dag med shorts og joggesko i bilen, og såleis ta turen på direkten utan å reise heimom. 

Mykje av denne ruta er elles fin å springe. Godt mogeleg at eg kjem til å nytte meg av dette alternativet framover. Iallefall når berga er tørre. For sjølve oppstigninga frå Svelia kan vere litt tricky når berga er våte. I tillegg er det eit parti som er veldig bratt. 

søndag 10. juni 2012

Eit privilegium

Eg er priviligert. Eg veit det. I ein alder av 55 er det ikkje alle som kan springe i shorts og joggesko i fjellet. Som i dag. Ein øsande leik med boblande krefter som eg berre kan pøse på med. For det gjekk så leikande lett opp på Moldura i stad at eg nesten vart overmanna. Kanskje hadde mangel på klede og iført lette joggesko sitt å seie? Ja, dei siste bakkane opp la eg like godt på sprang. For moro skuld. 

Ned igjen gjekk det over stokk og stein, snøfonner og myrar. I snø som rein slush sprang eg så snøspruten stod opp etter dei nakne leggane. Over myrane så vatnet spruta. Om joggeskorna vart litt våte hadde jo ingen ting å seie. I pur lyst måtte eg late or meg eit lite jubelbrus... Ja, fy flate det var ein artig tur. Så artig at eg like godt jogga asfalten frå Stafsnes til Yndestad i same rennet sidan Olaug måtte ha bilen...

No traff er rett nok Karen på veg ned igjen omlag med det same eg hadde starta frå Stafsnes i stad. Det var uvant at nokon kom ned igjen stien utanfor elva. Den trudde eg det berre var Ansgar Bjarne og eg som nytta. Men så var det visst ein liten bom lenger oppe som hadde gjort utslaget. Elles er det jo veldig kjekt at folk brukar denne sida opp på Moldura no. Olaug skryt uhemma. Ja, ho står visst på trappene til å gå i lag med Marie no. 

Sjølv om eg no har nådd målsettinga mi med desse turane på Moldura kan det godt hende eg held fram. På pure lysta...:-)

lørdag 9. juni 2012

Sjø og fjell



Fint i Rivedal i føremiddag

Eg hadde lovd bror til Olaug nokre foto frå Rivedal og Hyllset, sidan slekta har røter der i frå. Og sidan Sander, eine barnebarnet mitt, er på besøk i helga, tok eg turen til Rivedal i dag og ikkje nokon lenger tur.

Det var ein nydeleg morgon. Ganske varmt og stilt. Men sola forsvann ganske fort etter at eg fekk teke dei bilda eg ville.

Eg kunne likevel ikkje ta turen til Rivedal utan å stikke oppom fjelltrimposten på Røyrbotnholten òg. I berre shorts og joggesko gjekk det veldig lett opp. Spesielt sidan myrane nordover var nesten tørre. På toppen gjekk eg bort på nordsida av fjellet og fekk nesten hjartestopp då eg såg Svelivatna. Fullstendig nedtappa. Eit trasig syn. Spesielt no til sommaren då her er mykje folk og turistar som går i området. Også for dei som driv vèrebeite i Svædalen er dette truleg no good. Det er nemlig fullt mogeleg får dyra å passere over midten på vatnet, og då er vegen fri i alle retningar. Som vi veit er området elles inngjerda. Det er synd at det skal vere lov å tappe ned vatna så mykje...

 Svelivatna såg sørgeleg ut i dag...
Tragisk!

Ned igjen sprang eg. Nesten som vanleg får eg seie. Og myra over har vel knapt vore unnagjort fortare. I joggesko og nesten tørrlagt den òg, fekk eg liksom farten med meg ut av bakkane ovanfor til eg brått stod ved demningen og kraftvegen og i neste omgang parkeringsplassen. Herlig!

Vel, det var berre starten på dagen. Noko seinare tok Peter, Sander og eg oss ein sjøtur for å teste båt, motor og makrelen. Det vart rett nok berre 3 og ein torsk, men han er no på gong iallefall, makrelen. Det viktigaste var no likevel for katane å få seg litt sjøluft og miljøforandring...:-)

Peter og Sander testa båten og makrelen i dag....


Foto Fra Røyrbotnholten_Hyllset_Rivedal 090612_1
Stong
Tragisk nedtapping av Svelivatna

fredag 8. juni 2012

Nydeleg ettermiddag på Moldura

Fint ute i vest i ettermiddag

Eg tok meg ein ettermidddagstur på Moldura  då eg kom heim frå arbeid i dag. Fantastisk vèr, god temperatur og vindstille. Eg gjekk både opp og ned naken på overkroppen. Litt sommar er det visst i lufta ja....!

Det ligg framleis litt snø i nordhellingane på toppen, men den er fin og "slushi" å gå på. Elles er det ganske tørt blitt i lendet. Artig at det i år er to heilopar som held til på ruta opp. I dag traff eg forresten på ein forviten røysekatt òg. Dei er morosame. Stikk seg vekk, men må opp igjen gong etter gong for å sjå. Eg fekk eit knips av han akkurat i eit sekund han heldt seg i ro. 

Spesielt klårt var det ikkje ute i havet i ettermiddag. Litt disig, men fint. Eg knipsa nokre bilder i motlyset ute i vest. Men egentleg skulle eg vore opp nokre timar seinare. Då hadde nok bilda blitt betre. Men det får eg ha til gode. 

Ned igjen sprang eg mesteparten av vegen for å nå andre omgangen av opningskampen i fotball-EM...

Traff på ein forviten kar i ettermiddag...:-)

torsdag 7. juni 2012

Eksotisk stillfilm

Eg har sett saman ein stillfilm frå Tyrkia og Kemer. 
Kemer er ein fantastisk flott plass som eg absolutt kan anbefale å reise til. Eg kunne skrive side opp og side ned med skryt om staden, men er nokon interessert i opplysningar, kan dei ta nærare kontakt. Eg er lett å finne....!

onsdag 6. juni 2012

"Litt" sommar i lufta

MMS:Fint på Høgefjellet i ettermiddag
Eg stakk oppom Høgefjellet på veg heim igjen i dag. Kjempeflott. I bar overkropp. Greitt og fint. Til og med snøen er nesten vekke no. Berre litt igjen i nordhellingane på toppen. Elles såg eg verken fugl eller menneske...:-) 

Så mykje er det ikkje å fortelje om desse turane. Det blir mykje reprise som sagt. Eg brukar difor litt ekstra tid på den andre bloggen min no for tida i staden. Som med alt anna ein balar med her i livet så er tida begrensa. Spesielt etter jobb....

"Frikar" under her er frå LysandeStemningar.

tirsdag 5. juni 2012

Frikar


Eg sit her ved sida av breidda til liv
og nynnar ein lystige song
Eg har ingen møyer å engsta meg med
og verda den går no sin gong

Eg løftar mitt auge mot landskap av gull
eg treng ingen andre som tolk
Her er eg min herre den edlaste sort
der nede spring maurar og folk

Men mange dei undrast nok sikkert seg på
kva han gjer der opp i det blå
Det kagar meg lite om dagar er grå
eg treng ingen grunnar som så

Eg kviler i sola og tenkjer på ho
som skein som eit strålande slått
På lyset som slokna så brennande fort
og borte var jenta for godt

Nei, fint eg slepp plagast av kvinner og vin
på meldingar banklån og jobb
Eg egnar mitt beite og veivar mi stong
og tankane går til min dobb

Det kitlar eit grasstrå på tåa den fri
frå sorglause neter til vår
Og tenkjer som så at det livet du får
er nett kva du ynskjer og sår

Tekst og foto G.Skaar

Reprise på reprisen

Eg køyrde Peter på fotballtrening i ettermiddag og tok like godt turen opp igjen på fjelltrimposten på Kultingane i dag òg. Det går fint på den tida han er på trening, så det passar no i grunn greitt. 

Posten der nede er fin å ta med seg når vèret ikkje er av det beste. I dag begynte det å regne ganske bra oppover, men ned igjen vart det ganske fint. Skiftande med andre ord. Elles er det vel ikkje så mykje å seie. Ei god økt:-)

mandag 4. juni 2012

Skoddevinden

Eg sprang ein kjapp tur på Kultingane i Askvoll i kveld. Endå var det bra tørt i bakkane. Heldigvis. For dei er jammen sleipe når det er vått og du skal springe ned igjen. Nesten gjørme. Men i kveld heldt det akkurat. Litt småyr no og då gjorde det rett nok i grenseland til å halde farten oppe. Det er jo det som er moro - litt på limit ned igjen...:-)

Elles låg skodda tett oppover. På toppen bles det kaldt òg, så der var ingen verandes plass. Tynnkledd som eg var. Men trimmen var bra...

søndag 3. juni 2012

Staveneset - a look


Eg laga eit lite samandrag av nokre bilete eg har frå Staveneset. Fleire av bileta er nokre år gamle (du ser det bl.a av katane som har vakse til, og biletkvaliteten). Landskapet derimot er det same som det har vore. Omlag. Og det får vi sjølvsagt håpe det blir for ettertida òg..... (Det er jo ei stund sidan dei første slektningane våre trødde sine føter her).   

Hugs å sette på stor skjerm, lyd og best mogeleg kvalitet! Hakkar framsyninga så sett ned oppløysinga...

Og så er det tid for Høgefjellet....:-)

lørdag 2. juni 2012

Kalde vindar

Foto frå Høgefjellet i dag.
 Foto frå oppstigninga til Blegja i dag.

Det var vel tredje lørdagen på rad eg gjekk Rørvika/Blegja/Høgefjellet/Rørvika i dag. Så det blir litt reprise på reprisen dette her. Men sjølvsagt skiftar både ver, vind og temperatur frå gong til gong. Snøen derimot låg omlag som forrige lørdag. Knallhard frå under Nipebua. Men den var egentleg fin å gå på ved å nytte spora frå forrige lørdag. Heilt oppe ved kanten tok eg likevel på meg stegjern for sikkerhets skuld. 

Elles var det ein heilt grei og flott tur opp. Rimeleg kaldt oppover etter som sola forsvann. Det var elles frose på frå omlag under Rørvikenipa. Truleg hadde det vore fleirfoldige kuldegrader om natta i det siste. 

Etter å ha vore oppom toppen, gjekk turen vestover til Høgefjellet. Men i dag torde eg ikkje gå over Tobbedalsvatnet. Isen såg rimeleg grå ut. 

Utløpet av Tobbedalsvatnet. 
Elva renn ned i Rørvika.

Etter å ha vore ut om trimposten på Høgefjellet, tok eg meg eit par skiver på toppen av skaret på veg ned igjen. Men eg skulle ikkje sitte lenge får frosten kom sigande i nordavinden. Rett og slett kaldt til å vere i juni dette her. Vi vart godt lurte nokre dagar med dei høge temperaturane vi hadde. 

Nesten nede igjen i Rørvika møtte eg forresten Arild og Vigdis K. Vi slo av ein prat der i lia om likt og ulikt. 

Flott tur igjen. Men det må no vel vere lov å håpe på snart og sleppe å ta med seg heile vinterhabitten på fjellet no i juni....

FOTO Fra Blegja_Høgefjellet 020612