lørdag 31. mai 2014

Eldorado og mannskit

Eitrefossen
Lonane, Fossedalshengenipa t.v.


Vårleg ved Leknesvatna

Ved Leknesvatna
Blegja i morgonskodde







På Eitrenipa
Rypa tok nok ikkje heilt til Storehesten

Dale i morgonstemning

Motiv ved Krokavatnet


Eitrenipa

Eitrenipa og Nordre og Søndre Kringa eg var oppom i dag

I dag tok eg den kjempeflotte turen til Eitrenipa og nordre og søndre Kringla. Eg var tidleg ute. Allereie klokka 06 var eg på plass i Skjerlia. Kan ikkje sove bort sommarmorgonen - så lyst og fint som det er ute. Vakne gjer eg likevel. 

For å begynne med det negative først så ser det ikkje ut ved Markavatnet no etter at Sogn og Fjordane Energi byggjer veg til Grunnevatnet. Siristien er øydelagd. Likeeins den flotte fureskogen. Plankane vi la ut for turlaget over myra går visst ein ublid skjebne i møte. Røska opp og hivne bak nokre steinar. Somme kallar dette framsteg - eg kallar det rasering av natur ! Mykje godt dugnadsarbeid fåfengt. Men eg får la dette liggje endå ein gong - bilder ser de iallefall på vedlagde bildefil. 

Då blir det noko heilt anna å komme opp til Leknesvatna. Aldeles nydeleg i det tidlege morgonlyset. Fantastisk morgonstund. Sola står jo opp nesten i nord ! 

Eg topp greitt ut Eitrenipa. Klokka viste akkurat 08. Litt skodde sveva avgarde i den kalde morgontrekken. Men nydeleg utsikt til Dale i sør, Blegja og Storehesten i aust, heile eldoradoet i vest og mot øyane i Florø i nordvest. Fantastisk. 

Deretter tok eg ned austsida av Eitrenipa og svinga så sørover til Nordre Kringla. Opp ryggen her, og fekk mykje av den same utsikta frå ein annan vinkel. 

Så bar det ned på sørsida og opp igjen på Søndre Kringla. Toppa greitt ut her òg. Til den enorme utsikta her i frå. Rett ned til Dale, til Sætenes og inn fjorden, Laukelandshesten nett nedom i aust, Storeelva som renn ned i Laukelandsfossen, Krokavatnet og Eitrenipa i nord. Og sjølvsagt heille området i vest. (Sjekk bilder og video).


Eg gjekk så ned den vanlege stien mot Øvre Fossedalen. No gjekk eg ikkje heilt ned i Øvre, men tok over myra og kom inn på DNT-løypa til Nipebu. Ved vadet på Krokavatnet tok eg så nord att vestsida av Krokavatnet. Følgde den eldgamle ferdselsåra sør/nord. Der eg fann ho... Det hadde jo vore eit flott prosjekt å rydda og sett i stand stien langs Krokavatnet igjen. Ein del av stien føl ein dessutan til Fossedalshengenipa frå sør. I nordenden av vatnet kjem ein inn på den vanlege stien frå Markavatnet til Nipebu. Eg følgde den ned igjen til bilen. Og måtte nok ein gong gjennom rasert natur...! 

Aldeles nydeleg tur, sjølv om begynnelse og slutt var eit kapittel for seg... No får vi berre håpe og trur at det ikkje skjer noko liknande i Fossedalen. 


torsdag 29. mai 2014

De nære ting 2

Klokka er 05.15. Første sola på fjella.
Jentene på haugen

Premien for vasken må nytast....

Jakta på røter var vellukka


Ein ny bukk ilag med oteren
Stor vaskeinnsats på tunet






Olina har snappa solkremen


Det vart "De nære ting" igjen i dag. Med tre småtroll og kaniner heime sa det vel seg sjølv. Men heldigvis var det kjempeflott vèr så vi fekk vere ute heile dagen. 

Første bildet eg tok for dagen var kl 05.15. Fantastisk morgonstund. Blikkestille fjord og med første solstrålane for dagen på Skålefjellet. Minstejenta vakna 05.30 så då var dagen i full gang... (Nærare detaljar om slikt veit vel dei fleste småbarnsforeldre...:-))

Då sola kom på tunet ei stund seinare sette eg i gang med operasjon "Bil". Tora og Tiril vart ivrig med å vaske. Ja, dei heldt faktisk på ganske lenge. Lønna var to is frå kjellaren. Det såg faktisk ut til å falle i smak...:-) 

Noko seinare på føremiddagen sette vi i gang operasjon "Rot". Eg ville ha på plass fleire dyr i bedet på framsida av huset. Så då sette vi oss eit lite stykke i bilen og gjekk ein liten spasertur for å finne dyr. P.S. Eg visste jo kvar røtene var, men det treng de ikkje seie... Etter dette vart det jo meir lønn...

Men operasjon "Bil" var ikkje ferdig. Innvendig vask og støvsuging. Men det tok eg sjølv, sidan jentekobbelet var på trilletur inn i fjorden for å sjå om det var noko liv. Dei kom att til å ta seg av vasken av mattene i bilen. Til stor åtgaum for liten og stor. P.S. Legg merke til fotografen på nest siste bildet. 

Ja, så vart det trampoline. Leiting etter dyr for å ha i glas. Og etter det enda utedagen opp med at eg polerte bilen òg. Travelt dette her. Godt det er kveld. Kroppen kjennest ut som etter ein lang fjelltur....(eg endå er ikkje helga begynt...:-))


onsdag 28. mai 2014

Spanande fiskevak

Ved Mangevatna i kveld

Etter å ha sett etter ungane her heime i lag med Olaug eit par timar etter arbeid, måtte eg berre bevege meg litt. Så då vart det ein kjapp joggetur på Skylefjellet. 

No har dei hersens flugene hatt gode dagar, så no er invasjonssvermane på gang med same dei kjenner sveittelukt. Fordømt plage ! Eg sat likevel ei stund ved Mangevatna og såg etter fiskevak. Og jammen var det nokre som var opp i yta. Spanande. Eg får prøve til at ein kveld med fiskestonga når det passar med vèret...

mandag 26. mai 2014

Sanden








Peter skulle spele småguttekamp i dag, så eg køyrde han til Askvoll. Men eg hadde så god tid til kampen skulle begynne at eg køyrde ein tur ut på Sanden og til badevika der. Det er ei slik fantastisk flott rullesteinstrand der. Ovanfor ser du bilder derifrå. 

søndag 25. mai 2014

Shimano Beastmaster DX 270L

Krikavatna




I dag ville eg teste ut den nye fiskestanga eg fekk i helga. No har eg fleire lettspinnstenger, men ynskte meg ei 9 fots stang i to deler. Dei eg har frå før har tre og fire deler, og er litt kortare. For trimmen sin del tok eg med meg Toreheia og Skylefjellet på fisketuren, og prøvde så fisken i Krikavatna og Mangevatna. Olaug vart med til krysset mot Blåfjellet. Ho gjekk ut der, medan eg tok ruta oppover. 

Krikavatna er perfekte i den forstand at det alltid er fisk å få. Difor passar dette særskilt for småtroll og ungdommar som vil lære seg gleda av å fiske i fjellvatn. Dei største fiskane går an å grille på bålet, eller ta med seg heim, men som vanleg matfisk er fisken i minste laget. I dag sleppte eg alt ut att i. Eg prøvde meg òg i Mangevatna. Her veit eg det går større fisk. Men vèret var sjølvsagt alt for fint, og vatna alt for stille til å lure den vàre fjellkjøa. Så forhåpningar til fisk hadde eg ikkje. Stanga derimot innfridde heilt. Perfekt. 

Sjølve turen på Toreheia/Skylefjellet er vel ikkje så mykje å skrive om. Det var som sagt nydeleg vèr. Lett og fint. Og forma er bra, trass i nokre ekstra kilo siste året. Forresten traff eg folk frå Stavestranda på Toreheia i dag.  Ein liten prat med dei to vart det tid til òg. Det var jo hyggeleg. 

Steinsund Marinesenter

Solund er kjend for villsauen sin
Utsikt frå nord

Hardbakke frå Steinsund

Solund Marinesenter

Fiskestengene har teke kvelden
Det kveldast...


...på Marinesenteret
Sola har nett gått ned

Selfie i solnedgang med blitz


Dei fleste av oss på kundesenteret i banken hadde oss ein flott og sosial tur til Solund i helga. Vi budde på Steinsund Marinesenter rett utanfor Hardbakke. Fredag tok vi middagen på Solund Bryggje. Eg fekk testa ut den sagnomsuste villsauen frå Solund. Lammet av sorten smakte himmelsk ! Og breiflabben damene inntok såg visst ut til å gjere det same. Det var sopte fat over heile linja. Ja faktisk slik at eg la merke til det. 

Nærare detaljar frå turen held vi internt. Men eg har laga ei eiga bildefil frå turen. Basert på naturen. Dessutan ein snutt frå den fantastiske solnedgangen frå ein liten topp i nærleiken fredagskvelden. Sjekk dette opp mot forrige blogginnlegg, så ser de at Solund er ein heilt unik og ein utruleg flott plass. Du finn ei romantisk vik overalt...



fredag 23. mai 2014

Tour de Solund

I dag blir det helgatur til Solund med jobben. Vedlagde bilder er frå den fantastiske øyhoppings-turen vi hadde i fjor sommar. Vèret ser ligg grått ut no, men det skal visst skine opp, så dette blir topp !




Lågøystolane

onsdag 21. mai 2014

Magisk sommarkveld

Fantastisk flott joggetur på Toreheia og Skylefjellet i går kveld. Tørt og fint. Stilt. Joggesko og bar overkropp. Reine sommaren. Idyll. Ro.

Ein liten dorsk ungkar av ein hoggorm, nokre heipiplerker, ein gauk og eit forelska par steinskvett heldt meg med selskap. Og ikkje ein lyd utanom ko-ko og sildring av eit par elvar. Aldeles nydeleg !



Foto Toreheia & Skylefjellet 200514

Heime på Yndestad igjen i kveldssola