torsdag 31. mai 2012

Poesi i høgda

Poesiturar. Her mms 31/5.
Eg har i grunn ikkje fått gjort så mykje med turbloggen dei siste dagane. Men jobba dessto meir med poesibloggen min "LysandeStemningar". Det vil ikkje seie det same som at eg ikkje har vore på fjellet. Høgefjellet ligg no der, og eg har vore oppom kvar dag. Ein kjappis. Det er der eg har konsentrert innsatsen no.

Så mykje er det i grunn ikkje å fortelje om desse turane. Det går mykje oppatt i det same. Men jammen har det vore kaldt i høgda. Isande kald vind. Snøsmeltinga er nesten stoppa opp. Vi får håpe gradestokken kryp litt oppover til helga.

tirsdag 29. mai 2012

Kaldt og varmt

Høgefjellet i ettermiddag.
Bak: Eitrenipa t.v. Heileberget og Fossedalshengenipa i midten.

Det var ei kald heite oppleving på Høgefjellet i stad. Varmt og godt når sola var framme og vinden stilna, men isande kaldt då sola forsvann og vinden tok tak. For å halde varmen heldt det likevel med ei Nike t-skjorte og ei joggebukse. Men intensiteten måtte nesten vere på topp... 

Snøen har minka mykje og ligg berre enkelte plassar mot nordsida på toppen. Og den bratte bakken opp er no snøfri, man ganske blaut etter snøsmeltinga. Elles er det jammen blitt veldig tørt lenger nede i lendet. Hadde vore veldig kjekt å prøvd dei nye gore-tex joggeskorna ein dag...

Hyllest til Agnar



Eg laga ein filmsnutt frå Nipebu som ein gest til Agnar som fylte 60-år i helga.
Hytta hadde neppe stått i dag utan hans innsats.

Eg har vore heldig og hatt mange fine stunder med han på Nipebu og i området.
Gratulerer med overstått Agnar!

(hugs lyd og stor skjerm)

mandag 28. mai 2012

Varmen som forsvann...

Blomstrane til skrubbebær er fine no....

Eg trur det måtte vere minst 10 grader kaldare på Moldura i dag enn i går. Eg greidde akkurat å gå kjapt opp i t-skjorte og ei treningsbukse, men heldigvis hadde eg putta både hanskar, hue og ei ekstra trøye i rumpetaska. Det måtte fram alt saman. Og heim igjen til Stongfjorden, sprang eg heile vegen så søla skvatt. Ramla langflat på magen i ei myr då ein snøkant brast i farta, så damene eg traff på Stafsnes lurte nok på kva vilt eg hadde treft på. Eg måtte innrømme at det var kaldt der oppe... Eller rettare sagt: eg hadde "gløymt" vinterhabitten...:-)

søndag 27. mai 2012

Velsigna pinse

Morgonstemning i Stongfjorden pinsedag

Eg valde Moldura og sørsida av Stongfjorden i dag. I det fantastiske vèret gjekk eg vidare inn over Fanafjellet og til Siklabergvatna, Langevatnet og over Smørskornova til Røyrbotnholten òg. Med retur gjennom Svelia og til Oslandsbotnen. Denne turen går gjennom eit nydeleg landskap med fantastisk utsikt til bygdelaga på sørsida av Dalsfjorden. 

Utstyrt kun med ei rumpetaske innehaldande ei appelsin, drikke  og solkrem, og iført kun shorts, var det minimalt med drags. Men pga all væta i terrenget tok eg likevel fjellsko på meg.
Det hadde minka mykje snø oppe i Moldura. Ingen problem å gå opp med berre sko. Snøen som låg var god og fast så tidleg på morgonen (det blotnar mykje meir opp ut på dagen noko som sjølvsagt gjer det tyngre å gå). Eg var på toppen ei stund etter 09 i eit utrulig vèr. Rett nok låg det noko skodde ute i havet, og var relativt disig i syningom. 

 Det har minka mykje på snøen på Moldura no

Deretter gjekk turen nedom fjellet på nordsida og opp på Fanafjellet. Snøen i skråninga i nord var blaut av morgonsola. Sola varma intenst innover mot Mannskaret. Det dampa av terrenget. Isen på Siklabergvatna hadde minka mykje òg sidan forrige helg. Også vidare opp dalen og mot Langevatnet var det forsvunne mykje snø. Rimlegvis. 

 Det ligg lite is igjen på Siklabergvatna.
Moldura i bakgrunnen.

Ikkje planar om eg torde å gå over Langevatnet som eg gjorde forrige helg. Isen var gått mykje opp. Det var elles søkk vått i terrenget etter all snøsmeltinga. Dei relativt utgådde fjellskorna mine (dei nye har eg ikkje teke i bruk...) hadde ikkje sjanse å halde ute væte... Eg var søkk våt. Men kva gjer vel det i ein slik temperatur. På austsida av Smørskornova og inn på Røyrbotnholten var det tørt og fint. Ei fyrstikk der og det hadde brunne godt!  

Eg gjekk så ned skaret på nordsida av Røyrbotnholten og til Svelivatnet. Det såg faktisk endå verre ut her nede i dag enn forrige helg. Vatnet var nesten så nedtappa som det var mogeleg. Og då ser det ut deretter (sjekk bilder - lite vakkert!!). Turen gjekk så ned til og forbi Botnastølen til Oslandsbotnen. Heldigvis kom Olaug å henta meg på Osland. Men som sist var det eit ork å gå frå Botnen til hovudvegen...Kjempetur igjen!

FOTO Fra Moldura_Røyrbotnholten 270512
Røyrbotnholten i dag

lørdag 26. mai 2012

Ramblin` man

Blegja i dag tidleg

Ja, korleis skal ein ordleggje denne flotte inngangen til pinsa? Vèret kan umogeleg bli betre på våre kantar av kloden. I tillegg har vi eit arsenal av flott natur rundt oss der berre fantasien set begrensningar på utfoldelsen. 

Eg for min del gjekk omlag opp igjen same turen som forrige lørdag. Var på plass i Rørvika i 7.45 tida. Perfekt tidspunkt på å ta opp dei bratte bakkane. Ei stigning på 1300 meter. 
I berre shorts og ei tynn t-skjorte var det ei rein brusande kjensle å gå opp ved den vårfriske elva. Kombinasjonen av kald gufs frå elva, varm temperatur og ein kropp som fekk opp dampen var som ein rus... Og det var så lett å bevege seg med så lite klede. 

Eg tok rett opp bakken under hytta og kom opp høgt mot elva som renn ut under Rørvikenipa.ø Snøen her oppe var slush-aktig. Trugane hadde eg med, men valde likevel å gå heilt opp i "salen" under kanten på platået utan noko under skorna. Men siste biten tok eg på stegjern. Sola hadde endå ikkje fått tak under kanten her og det var rimeleg hardt underlag. Så for tryggleiken sin del tok eg dei på. 

Det var fantastisk på toppen. Nesten blikk stilt og varmt. Og klokka var ikkje meir enn 9.40. Radig og kjempetur opp trass i litt sigesnø og stegjern. Førdefjorden låg paddeflat frå inst til ytst. Det var ikkje ei krusing ute i havet heller. Grøne bygdelag ved fjorden, snø og skavlar.  Og knallblått både nedst og øvst i synsranda. Det gjekk ikkje an å ha det betre! 

Eg tok ein snutt og knipsa nokre bilder før eg gjekk kanten på nordsida bort igjen over platået. Skavlane heldt fleire plassar på å losne, så det var best å ikkje gå for langt ut på. Eg skrådde så ned igjen mot sørvest i skaret og tok opp på Synste Stauren. Her er det flott utsikt til Dalsfjord-sida (sjå video). Det var utrulig freistande å gå ut heile Blåegga til Eitrenipa og i Skjerlia igjen. Men eg hadde bilen i Rørvika, så eg valde å gå ned og vest til Tobbedalsvatnet. Jammen gjekk det å gå over vatnet i dag òg. Det hadde eg ikkje trudd. Men isen heldt greitt. På hi sida av vatnet, i solbakken der varmen dirra i lyngen og det var totalt vindstille, tok eg meg ein pause. Herlig med nokre grovbrødskiver med brunost....

Herlig pause ved Tobbedalsvatnet,
Rørvikenipa i bakgrunnen.

Eg døsa nesten av i den brennheite sola. Litt ekstra Cliniderm solfaktor 15 måtte fram, elles veit eg ikkje korleis det hadde gått. Og hadde eg blitt liggjande lenger hadde det blitt svidd biff og brennvarm seng i natt. Ikkje akkurat noko å trakte etter...så eg heldt fram ut om Kringlefjellet og til Bjørnastigen. Sette av meg sekken i skaret og gjekk ut på Høgefjellet. Like fint og fantastisk. 

Før nestigninga til fjorden igjen tok eg på meg ei joggebukse. Einerkavane under fjellet mot stølane var ikkje akkurat noko eg såg fram til i shorts. Skinnet på lår og legger var sårt nok som det var...:-) Jammen var det knallvarmt ned lia. Eg var tørst som eit kvar ilt. Supa i meg vatn frå elva. Men reiste rett på butikken i Stongfjorden og kjøpte meg 3 digre Oldenflasker med sitronvatn og kolsyre. Herlig! Kunne ikkje blitt betre....

FOTO Fra Blegja_Synste Stauren_Høgefjellet 260512_1

torsdag 24. mai 2012

Kombi

Eg stakk oppom Kultingane i ettermiddag då eg likevel var i Askvoll. I berre shortsen gjekk det fort opp og ned på det tørre og gode underlaget. Men eg stoppa opp nokre minutt då eg traff Leif F. på veg oppover Askdalen. Måtte ha litt fiskenytt. God trim i det herlige og varme vèret.

onsdag 23. mai 2012

Varmt på Høgefjellet

Morgonstemning på Stafsnes.
Klokka er 6.25.

Det var altfor freistande å late vere og stikke oppom Høgefjellet i dag òg etter arbeid. I det fantastiske sommarvèret kribla det i føtene etter ein dag ved kontorpulten. Så eg stakk raskt oppover bakkane etter ein prat med Arvid L. i Rørvika.

I det varme vèret dundra formeleg elva frå området ikring Rørvikenipa nedover lia. Og ved stølane lenger oppe kvapp eg skikkeleg då det braka av snøras frå fjellet. Men den digre fonna på nordsida ved toppen på Høgefjellet heldt jammen stand endå. Lenger nede i bakkane var det forsvunne store mengder snø berre dei to siste dagane. Ikkje rart at NVE spår 10-års flaum i fylket. Det er enorme mengder med snø som skal vekk... 

Trass i varmen og mykje sveitte var det ein knalltur opp i bar overkropp. Eg valde likevel softshell bukse og ikkje shorts pga einerkavane ovanfor stølane. Det var jammen varmt nok. Fantastisk maivèr dette...

Høgefjellet i ettermiddag


mandag 21. mai 2012

Sommer i lufta

Nydeleg på Høgefjellet i ettermiddag...

Eg stakk oppom Høgefjellet på veg heim etter arbeid i dag. Skifta like godt klede medan eg stod og venta i køa på Heilevang for å sleppe gjennom vegstenginga. Stilt, knall sol og sommartemperatur i lufta. 

Det er etter kvart blitt sleipt og skite i skåra i berget der wiren heng. Her må ein vere litt obs slik at ein ikkje glir på berget. Som vi veit er det bratt ned. Elles minkar det mykje på snøen no. Artig å sjå kor tid den store fonna oppe ved toppen held stand før den deisar ut for. Ho heng endå, men berre på trass...! Elles er det vel ikkje så mykje å skrive heim om. Det gjekk radig opp og ned...:-)

FOTO Fra Høgefjellet 210512_1
Blegja t.v og Rørvikenipa frå ruta til Høgefjellet
"Broken wings"
Mangt dukkar opp når snøen smeltar....

søndag 20. mai 2012

Grøne lier kvite vidder

Motiv ved Siklabergvatna i dag

Eg tok turen Stafsnes/Moldura/Fanafjellet/Smørskornova/Røyrbotnholten/Osland i dag. Turen går forbi Siklabergvatna som vist ovanfor. Eit turområde eg set veldig høgt. 

Det var ein nydeleg morgon. Landskapet spegla seg i den blikkstille fjorden. Skikkeleg vår i lufta. Fantastisk. Etter alt skitvèret i det siste, var dette ein søndag vi verkeleg hadde fortent.
Bilen sette eg som vanleg ved vegen hjå Ansgar Bjarne på Stafsnes. Og gjekk opp den no etter kvart mest nytta ruta ute om Kvielva og Fremstelva. Tidlegare brukte eg å gå opp innanfor. Sistnemnde er vel gjerne ei meir "behageleg" rute, men noko lenger. Stien opp utanfor elvane går meir rett på mot Langedalen. 

Snøen bar første delen ovanfor dalen. Mykje var forsvunne òg. Så denne delen gjekk eg på føtene. Lenger oppe måtte trugane på. Her var det kome nysnø som ikkje bar. Det var mest behageleg med trugane på då eg sakk noko gjennom snøen. Trugane nytta eg heilt opp, sjølv om snøen var fastare lenger oppe.

Eg hadde gått i berre ei tynn Devold-trøye heilt opp. Eg slapp faktisk å ta på meg noko meir klede i det heile teke. Og klokka var berre 10! Knall sol. Blå himmel. Blått hav. Blikkstilt til havs så langt auga rakk. Dette smakte av fugl som det heiter.
  
 På Moldura i dag

Eg tok nokre bilder og heldt fram ned igjen til under toppen på nordsida. Det bratte henget mot Fanafjellet var rein snøsørpe no etter at sola hadde grilla snøbakken. Her er likevel så bratt at eg tok av meg trugane for å ha betre kontroll. Lenger oppe hadde eg nesten brukt trugane som ski i den våte snøen. Akkurat det var lite lurt i denne traversen...! Eg skulle jo over og ikkje ned i botnen.... Eg kom meg deretter greitt bort på Fanafjellet. Her var all snø "gone by the wind". 

 Nattefrost viser att ved Fanafjellet

Eg bytte ei trøye på Fanafjellet. Så gjekk turen vidare austover mot Mannskaret. Austover her i frå tok eg ein liten dugnad på vardar og T-merking mot Siklabergvatna. Vel og merke på det som var synbart over snøen. Frå vatna måtte trugane på igjen. Her ligg det framleis noko snø. Trugane nytta eg til eg kom til nordsida av Smørskornova. Då var det slutt med dei for dagen.

Eg tok sjansen på å gå over nordenden av Langevatnet. Vatnet er framleis isdekt, men det er gått opp ved osane og midt på. Frå Smørskornova til Røyrbotnholten er det no snøfritt. Bakkane formeleg dampa av den varmande sola. Nydeleg utsikt til Dalsfjorden, Rivedal, Tysse, Leite og Strausmnes. Vardenova kneisande i aust. Svelia, Osland og ein bit av Førdefjorden i nord.

 Fin utsikt til Straumsnes frå partiet mellom Mannskaret og Siklabergvatna
Blåfjellet, Blåfjellssåta og Bakkefjellet t.v.

Andre menneske såg eg ikkje. Ikkje hadde nokon registrert seg på fjelltrimposten på Røyrbotnholten heller. Klokka var nøyaktig 12 då eg skreiv namnet i boka. 

Eg åt ei dobbel skive med bruost og drakk litt saft, før eg gjekk ned igjen den bratte slukta mot Svelivatnet. Nedstigninga var ikkje heilt risikofri. Det var skikkeleg vått og glatt etter snøsmeltinga på svaene ned. Men med litt varsemd gjekk det greitt. Diverre var Svelivatnet veldig nedtappa. Då ser det ryse ut her oppe. Ein må berre prøve å fortrenge det sørgelege synet. 


 Det er eit sørgeleg syn når Svelivatnet er nedtappa som no...

Det var sett av nokre heilt ferske foravtrykk på stien nord igjen. Då var det nok folk i Svelia. Frå bildet eg tok av hytta ser eg i ettertid at det var dugnad. Lufting av madrasser, tepper o.a. er synbart.

Dugnad på veirehytta i Svelia. 
Foto frå nordsida av Smørskornova. 

Det måtte også vere aktivitet på Botnastølen. Skoddane på rutene var slegne opp. Men folk såg eg ikkje. På toppen av Brekka stod det to bilar. Og nede i Oslandsbotnen var det parkert tre bilar. Folksomt her oppe idag.

Heldigvis høvde det seg slik at eg kunne sitte på med Sissel, fruen og Peter frå Osland, då dei kom frå Høgefjellet i Kvammen. Flaks. For vegstykket frå Oslandsbotnen til Osland var faktisk det tøffaste på heile turen i dag. Det er slitsomt å gå etter berre vegen i dampande og våte fjellsko når du har gått fleire timar i fjellet... Og iallefall greitt å sleppe å gå asfalten til bygds igjen frå Osland i tillegg. Nok ein nydeleg turdag var i boks!
 
FOTO Fra Moldura_Røyrbotnholten_Osland 200512
Ein blå Auris er parkert på Stafsnes

lørdag 19. mai 2012

Full pakke

Dagens hopp på Høgefjellet...
Blegja som eg kom frå ligg bak...

Eg gjekk opp igjen 1.mai-turen i dag. Eg var såleis på plass i Rørvika i 8-tida og tok opp bakkane. Vèret var halvskya med litt sol inn i mellom. Betre i ytre strok. Eg såg frå Rørvika at det låg morgonskodde på toppen.

Snøen traff eg som tenkt nedom Nipebua. Men det låg ein god del blaut nysnø på den gamle. Denne var tung å ta seg opp gjennom. Første bakken seig eg godt gjennom på skorna. Noko som kjendest godt på pusten! Eg valde difor å ta på meg trugane. Under Rørvikenipa vart underlaget hardare. Eg gjekk likevel med trugane då det som kjent er godt jarn under desse. 

At våren har kome seint i år er det ingen tvil om. Eg for min del kan ikkje hugse at det har lege så mykje snø her oppe på denne tid. I nokre sprekker på Nipevatnet kunne eg sjå fleire meter rett ned. Og endå såg eg ikkje vatn. Opp gjennom "urane" var det nesten slake parti. Sluktene effektivt jamna ut av snøen. Nokre gedigne snøballar var rulla ned frå Nipa. På sørsida var det gått fleire ras. Det må ha snøa mykje her oppe under det siste regnvèret vi hadde i lågare strok! 

Midt oppe i ura, og før den siste bratte stigninga, tok eg av meg trugane og skifta dei ut med stegjarn. Heldigvis var desse med i sekken. For ovanfor eit nytt ras, som eg seig skikkeleg gjennom no utan trugane, var det skare igjen. Og under og over kanten hadde eg ikkje gått opp utan. Det hadde nesten vore litt for riski, sjølv om det ikkje var steinar som stakk opp under ein eventuell seglas ned igjen. Så eg kom meg ganske greitt over kanten og inn på platået. 

 Utsikt mot Dale frå sør på platået

Skodda kom og gjekk. Først var det ganske tett. Sidan letta ho. Eg tok nokre bilder ut i skoddeheimen. Men så fekk eg brått nokre som var brukbare. Første videoen vart sikkert berre graut (har ikkje sett den endå). Den siste vart kanskje bra. Varden var berre såvidt ein liten forhøging i all snøen. Steik - det var mykje snø gitt. Faktisk endå meir enn 1.mai. Det kjem til å ligge snø her til langt ut over sommaren... 

Eg gjekk sør på platået der vi kjem opp frå Hestad. Her letna det såpass at eg fekk sjå til Dale og Dalsfjorden. Storehesten dukka delvis opp frå skodda òg. Ja, det vart retteleg fint. Kaldt var det heller ikkje. Litt trekk må ein alltid rekne med. Deretter fann eg att holet i skavlen, og tok ned igjen same vegen som eg kom opp. 


 Traff Anita og Dag Tore på Høgefjellet...
Anita hadde nye kledelege sko som stod i stil med dama...;-)

Nede ved Nipevatnet igjen, gjekk eg vestover til Tobbedalsvatnet. Eg var litt skeptisk på å gå over, men med trugane på føtene tok eg sjansen. Det gjekk heilt fint, sjølv om eg syntes eg seig vèl mykje gjennom eit bèl... Så runda eg Kringlefjellet og gjekk vestover fjella til Bjørnastigen. Her kom Dag Tore og Anita opp. Etter å ha preika litt, sette eg av meg sekken og tok meg eit par skiver og litt drikke, før eg traff dei igjen på motsett kurs inne ved toppen av Høgefjellet. 

No var det blitt skikkeleg fint. Varmt og godt i sola. Eg kosa meg litt på toppen, før eg tok den vanlege ruta ned igjen til Rørvika. Kjempeflott tur!

FOTO Fra Blegja_Høgefjellet 190512_1

 Toppen på Blegja i dag. Varden er framleis borte vekk i snø...





torsdag 17. mai 2012

Moldura

Har laga ein stillfilm frå Moldura.

Ha ein fin 17.mai!

Foto 17.mai 2012

tirsdag 15. mai 2012

Sprell på Høgefjell

Eg greidde å time dette til sjølvutløysaren...:-))

Veret letna heldigvis noko i ettermiddag. Med klede i bilen gjekk eg oppom Høgefjellet på veg heim igjen. Greitt slik. Sparer tid og slepp ekstra køyring. Dette er i grunn noko eg har gjort til rutine kvart år på den toppen som ligg i Kvammen på fjelltrimmen. Med klede klar i bilen kan eg sjå vèret og formen an der og då. Det er ikkje alltid ein er like klar for eit fjellrace etter arbeid heller. Jobben krev no sitt òg. Men det rare er jo at eg di meir eg sit i ro di trøttare blir eg. Ja, ja alt er relativt då...

Sjølve turen var heilt grei. Men det bles jammen friskt og kaldt på toppen. Rennefoket stod som ein vegg ut frå toppen av Rørvikenipa i aust. Den blaute snøen oppe i bratthenget er elles litt skummel no ved at det er lett å trakke gjennom. Kva som er under veit ein no ikkje. Ofte kan det vere ganske så djupe holer. Ser at isen på Bjørnastigvatnet går opp no.  Vatnet er i tillegg smekk fullt. Så det vatnet blir vel ikkje brukt i år...

Foto Høgefjellet

Full vinter på Rørvikenipa og Blegja endå...

mandag 14. mai 2012

Rein gift

Eg køyrde i meg nokre saueribber etter jul i dag som nesten aldeles heldt på å ta knekken på meg. Det er nesten slik at eg trur juleribber utviklar seg til reine gifta når det lir ut på våren. Ja, når saueribbene ikkje er oppetne til påske er iallefall mitt råd å grave ned heile stasen på ein godkjend fyllingsplass for spesialavfall. Det er iallefall siste gong eg et slik mat ut på vårparten. Juleribber høver vel neppe som grillmat ved jonsokbålet heller... 

Utan å gå noko nærare inn på diagnosar, råna eg no endeleg sopass til igjen ut på kvelden at eg tok meg ein springmarsj i Askdalen og opp på Kultingane. Nokre sure rap i motabakkane tok no sørvestkulingane seg godt av. Og like godt - det var heller ikkje eit menneske å sjå. Stien opp dalen var nesten ei einaste elv. Moldbakkane oppover gjennomvåte og sleipe. Og på toppen reiv kulingen i kroppen. Elles heldt det seg opplett. 

Vel, kroppen hadde iallefall godt av turen. Likeeins magen. Men folkens - eit godt råd: Hiv ribbene du måtte ha i frysen etter jul. Det er reine gifta!

Haustleg i mai



Gårsdagen var ein av dei få søndagane i året eg heldt meg innandørs. Åleine med Peter kosa vi oss heime.

Som eit substitutt for manglande søndagstur vart eg likevel putlande med nokre fjellbilder. Ja mange minte om vèret ute... Så eg tromma like godt i hop ein  haust- og vinterserie frå Toreheia og nordsida her heime. Hugs stor skjerm, lyd og endra oppløysing til HD på YouTube. God fornøyelse...!

P.S. På HD kan bilda hikke hvis du har liten fart på linja di...






lørdag 12. mai 2012

Safari

Røyrbotnholten i føremiddag

Peter var på overnattingsbesøk i Rivedal i natt. Eg starta difor dagen med ein tidleg tur på Kultingane i Askvoll, for deretter å ta Røyrbotnholten i Rivedal. Og så avhenting. 

Kultingane: enkelt, kjapt og lettkledd. På toppen 08.15. Heilt fint, sjølv om det kom litt regn undervegs. Ein flott regnboge hang over Askdalen då eg stod på toppen. Diverre hadde eg berre med meg mobilen, så bildet vart deretter (sjå serie). 

Frå parkeringsplassen ved kraftverket i Rivedal såg eg at himmelen var blitt mørkeblå i vest. Jaha. Eg tok difor å skifta jakke og bytte til fjellsko. Myra ovanfor demningen er alltid søkk våt, og det er egentleg litt tidleg å bli våt på beina. Iallefall etter temperaturen å dømme. Og oppe i stigningane ovanfor stølen kom det ei solid snøslette. Det lava ned med våt snø. Slik heldt det fram heilt til topps. På toppen  var det elendig sikt. Kun iført tights sprang eg fort ned igjen. Sigla på ræv eit par gonger på den våte snøen som gjorde fjorårsgraset såpeglatt. Men då eg sprang over myra, letta det bra opp. 

Avhentinga av Peter gjekk ikkje heilt knirkefritt. Klokka var vel ikkje meir enn godt 10.30, så gutane var endå ikkje stått opp. Dei hadde hatt det kjekt til over midnatt. Det var visst grytidleg etter deira tidsrekning... Men eg fekk no guten med meg til slutt. 

Seinare på dag tok vi oss ei utflykt til Staveneset, og såg på helleristningar og krigsminne. Deretter gjekk turen til å sjå på gamle tyskarminner frå krigen i bygda igjen. 
Artig forresten å sjå havørn på nært hald i Staveneset i dag, eit tjeldreir og ein steinskvett som bygde reir (sjå bilder). Og gauken gol for første gong i år. Lenger inne sprang eit ekorn over vegen... Jaja, det er no vår, sjølv om temperatur og snøslette minner om noko anna.    


Fra Kultingane_Røyrbotnholten_Staveneset 120512

Peter på Staveneset i ettermiddag

torsdag 10. mai 2012

Strake vegen...


MMS Høgefjellet i ettermiddag

Eg stakk oppom Høgefjellet på veg heim i dag òg. Kjempeflott tur i nydeleg vèr. Stilt på toppen. Betydeleg snøsmelting. Og elva i Rørvika dura godt. Elles var det berre kjapt rett opp og ned. Til og med kameraet hadde eg lete att heime. 

Sidan Olaug er i Berlin nokre dagar, må Peter og eg halde fortet. Han er rett nok i Lavik og spelar fotball i ettermiddag. Kva som skjer med turlivet i helga er difor litt i det blå. Vi får sjå dagane an...|  

tirsdag 8. mai 2012

Spel av kontrastar

 Medan det er vår ved fjorden, er det mykje nysnø i fjellet...
(foto med gamal mobil)

Det vart ein rimeleg tung tur på Høgefjellet igjen i stad. Eit lass med tung våt snø frå stølane og opp krevde sitt. Det var kome minst 25 cm sidan sist eg var opp. Men mesteparten såg ut til å ha blitt blese frå toppen og ned på nordsida.

At snøen var tung var no så si sak. Lang verre var det at snøen effektivt skjulte holer nede i den steinete bakken, ja nærast stor ur eit parti, der eg brukar å gå opp. Det var ganske så skummelt. Lett å klinke ein ankel eller ta ein legg. Etter eit par skremmeskot tok eg det ganske forsiktig dette stykket. Tungt og skummelt, og i tilegg var det glatt. Spesielt lengst nede ovanfor stølane der den våte snøen låg opp på fjorårsgraset. Ja, dette var kanskje ikkje den kjekkaste turen i år. Men ein effektiv trimtur var det iallefall...

mandag 7. mai 2012

Om å kjenne seg transjakla

Eg var nedom fysioterapeuten i ettermiddag og fungerte som nålepute. Det var ei ny erfaring. Stikka var ikkje allverda. Verre var det med liggestillinga som trigga intense smerter rundt albogen. Det er tydeleg at dei veit kvar develskapen sit desse terapeutane. Dei finn akkurat rette punkta som er så vonde at ein kan hyle høgt. Og den som leitar han finn... 

Eg følte meg ganske transjakla etter seansen. Heldigvis ikkje verre enn at eg sprang på Kultingane etterpå. Her var eg iallefall svinheldig med vèret. Etter ei solid regnbyge før eg gjekk, var det nesten berre sol heile vegen opp og ned igjen. Men jammen var det sleipt ned igjen moldbakkane etter regnet. Og etter å ha hamna på ræv to gonger, måtte eg slakke av på tempoet. Ned dalen igjen var det sjølvsagt mykje betre. Då var eg allereie skiten frå før...:-)

lørdag 5. mai 2012

Alt slags vèr...

På Moldura i dag

Eg starta lørdagen med ein tur på Moldura. Som vanleg frå nord. Og fekk på meg ei god haglebyge med det same. Den var eg no forresten godt klar over. Har bra kontroll frå stova heime kva som kjem inn frå havet. Iallefall på kort sikt. Men når vèret er så skiftande, var dette ikkje noko å bry seg med. Byga gjekk som tenkt ganske fort over. 

Frå Langedalen og oppover låg det snø. Dette ser eg no òg forresten godt frå stova heime. Det vil seie frå vindauget mot sør og ikkje vest...:-) Snøen var ein mellomting av frosen og blaut. Så sjølv om eg hadde trugane med, nytta eg dei ikkje i dag. Det var greitt å gå på berre skorna. Men eg trakka gjennom snøen no og då... 

Apropos trakke gjennom. Det gjorde eg til gangs i elva som kjem ned her. Eg stod brått i lause lufta då eg trakka gjennom ei snøbru. Eg burde jo sjølvsagt aldri gått så langt fram mot eit oppkome i bakken. Eg landa med begge føtene ned i elva og snø til like under armane. Godt det ikkje var djupare... og godt eg ikkje følgde elva og berget ned og inn under snøen...!

    Eg stod brått i lause lufta... 
Legg merke til spora etter armane!

Det tjukna alvorleg til med skodde og snødrèv ovanfor Langedalen. Stengene eg sette opp i fjor haust står heldigvis endå. For oppover mot sjølve toppen var det null sikt. Alt kvitt. Whiteout. Til og med antydning til rennefòk. Det var omlag som midtvinters. Eg måtte faktisk vente på betre sikt eit par plassar for å forsikre meg om at eg heldt stø kurs.

Noko triveleg var det sjølvsagt heller ikkje på toppen. Eg skifta nokre klesplagg og ei jakke, før eg sette peiling ned igjen akkurat same vegen som eg kom opp. Spora eg sette på veg opp var vekke på ein augneblink. 

Ved Langedalen letta eg på meg i klesvegen igjen, og sprang på direkten til fjorden.

Etter å ha ete meg eit par skiver og drukke eit krus kaffi, fann eg ut at eg hadde eit ærend i Askvoll. Då passa det godt med tights, joggesko og ei vindjakke og ein rask tur på Kultingane i same slengen. Her traff eg Ingvar S. Vi hadde oss ein prat i Askdalen. Mellom anna om fotty. Til rask sommarbruk i fjellet, og utan oppakning, har eg nytta meg mykje av Innov8 og spesielt Rocklite 312. Dei sit godt på foten, er bra vasstette og gode på alt slags underlag. Også vått. Så dei kan eg godt anbefale.  Førde Sport har desse i sortimentet sitt.

Vèret var framleis veldig skiftande. Sol til å begynne med, og snøbyger på veg ned igjen. Men då sprang eg heile vegen. Fin trimdag! 

I morgon er det konfirmasjon i Dale, så då blir det vel neppe fjelltur. Vel, eg skal aldri seie aldri. Kjem litt an på kor tid eg er heime igjen...:-)  

Fra Moldura_Kultingane 050512

fredag 4. mai 2012

Greitt på Høgefjellet


Dance baby dance (mms)
Eg stakk ein tur oppom Høgefjellet etter jobb i ettermiddag. Den vanlege ruta frå Rørvika. Fekk meg ein prat med Arvid L. som skulle ein luftetur med hundane. 

Det var kome eit lite lag med nysnø opp igjen på den gamle snøen lengst oppe. Men snøen var likevel godt ròten. Ganske så surt på toppen med vind og nokre få plussgrader. 

Så mykje meir er det vel i grunn ikkje å skrive heim om. Greitt opp og ned. 

torsdag 3. mai 2012

Ein nasestyvar

Steik kor eg tryna nede i brattaste bakken til Askdalen i stad. I god fart ovanfrå Kultingane forsvann føtene under meg på eit berg. Rett på ræv og slengt halvveges rundt med nasa i molda. Snakk om nasestyvar! Godt det var mold akkurat der og ikkje stein... Men så såg eg ut deretter òg. Eg måtte finne meg ein elvasitle å vaske av meg verste molda på føter, armar og i fjeset. Lukka står den kjekke bi heiter det visst, for eg var like heil! 

Nye sko er undervegs. Men det er ikkje alltid det er fottyet det er noko i vegen med. Som oftast sit manglane høgre oppe i systemet... For ikkje å snakke om heilt øverst...:-)

Elles hadde høgrearmen min allereie fått seg ein omgang hjå fysioterapeuten. Det gjorde ikkje akkurat godt det heller. Men med vondt skal vondt fordrivast er det visst sagt òg. Det går seg nok til.

YouTube Bergen



Eg laga ein Youtube-film av ovannemnde. Klikkar du deg inn så hugs HD-kvalitet og stor skjerm.
Musikken er av Beethoven.



tirsdag 1. mai 2012

Suverèn 1.mai

Frå Blegja ser vi no brutårna på Dalsfjordbrua

Eg var på plass i Rørvika før klokka 8. i dag tidleg, og starta opp bakkane mot Rørvikenipa og Blegja. Fantastisk vèr, stilt og eit par små plussgrader. Ja, bilruta var faktisk påfrosen heime. Men det var akkurat dette eg ville ha. Tidleg avgarde for å nytte skaren lenger oppe før sola fekk for godt tak. 

Snøen traff eg på i bakken ned under Nipebua, hytta til Arvid L. Nokre gamle spor gjekk opp den frosne bakken. Perfekt. Raskt opp og forbi hytta. Men i bakken ovanfor og under nipa måtte broddane på. Her var det endå hardare yte. Med broddar under føtene nyttar du ikkje så mykje krefter med å kome deg oppover. Og sjølvsagt føler du deg tryggare.

Oppe under Rørvikenipa forsvann sola bak fjellet. Ein kald nordaust trekk gjorde at eg såvidt heldt varmen i den enkle polartec trøya eg gjekk i. Eit par tynne hanskar og ein buff på hovudet hjelpte på, slik at eg ikkje trong å lesse på meg meir klede. Det er pyton å ha for mykje på seg. 

 Sola forsvann bak Rørvikenipa. Ruta går opp t.h. under fjellet.

Det hadde vore nokon å sigla på randonne-ski her oppe. Sporet dei hadde gått oppover passa meg  perfekt. Spesielt i det bratte henget mot toppen, og opp i "salen" før kanten på sjølve toppartiet. Her var det igjen unnasols og hard skare så tidleg på dag. Men ved å følgje sporet dei då hadde sett i den blaute snøen, slapp eg stegjern. Ja, det gjekk faktisk ganske greitt å kome seg opp over kanten utan. Sjølvsagt med litt varsemd. 

Det var suverène forhold på toppen. Litt trekk, med det var faktisk allereie no rett etter klokka 10 varme i sola. Det hadde kome noko nysnø nyleg. Varden var berre ei lita forhøging i snøflata. Så det låg nok endå to, tre meter snø på toppen. 

Etter ei runde med fotoshots og eit videoklipp, gjekk eg ned igjen same vegen. Faktisk utan å måtte ty til ekstraklede i det heile teke. Ganske utruleg.

 Fantastisk på Blegja i dag

Snøen var allereie begynt å blotne opp ned første ura der sola no stod rett inn i bakken. Så eg sprang like godt ned igjen i den tinande snøen. Men nede ved Nipevatnet seig eg såpass gjennom at trugane måtte fram frå sekken. Supert. 

Eg runda så ned dalen, med strak peiling vestover, og gjekk over Tobbedalsvatnet. Her fekk eg fylt opp vassflaska mi i eit oppkome på vestsida. Sola steikte. Det dampa av dei snøfrie bakketoppane. Eitrenipa kneisa fantastisk flott framme på sørsida. Så runda eg Kringlefjellet. Gjekk ned dalen på vestsida, og opp på Botnafjellet. Her var det mobildekning igjen. Eg fekk difor kontakt med fruen som var på veg på Høgefjellet. Det viste seg at ho og Janne og Anne var i bakkane nedom Bjørnastigen. Det gjekk difor ikkje så mange minuttane før eg fekk dei i syne. Eg fann meg difor ein fjellknatt litt lenger vest og tok meg ein pause. Eg vrengde så av meg den våte trøya, tok meg eit par skiver, og venta damene  ut. Vi gjekk deretter i lag ut på Høgefjellet. Her fekk eg teke nokre bilder med folk på òg....:-)

 Anne og Janne på veg opp mot Høgefjellet i dag.
Rørvikenipa og Kringlefjellet bakerst.

Etter ein liten seanse på toppen, der damene tok seg ei matykt, snudde eg åleine ned igjen. Sigla på rumpa ned Bjørnastigen. Rende meg gjennom nokre einerkavar lenger nede for å ta beint fram over brua ved Ålastølen. På Åsastølen i vest var det folk. Opptil fleire. Og alt av tepper og sengety hang ute til lufting i den flotte vårlufta. 

Deretter bar det ned stien til Rørvika. Ein suverèn dag i fjellet var omme. Det kunne ikkje blitt betre på nokon måte. Vi er heldige som har slike omgjevnader rundt oss...

Janne, Olaug og Anne på Høgefjellet i dag


Videosnutt frå Blegja