Eg greidde å time dette til sjølvutløysaren...:-))
Veret letna heldigvis noko i ettermiddag. Med klede i bilen gjekk eg oppom Høgefjellet på veg heim igjen. Greitt slik. Sparer tid og slepp ekstra køyring. Dette er i grunn noko eg har gjort til rutine kvart år på den toppen som ligg i Kvammen på fjelltrimmen. Med klede klar i bilen kan eg sjå vèret og formen an der og då. Det er ikkje alltid ein er like klar for eit fjellrace etter arbeid heller. Jobben krev no sitt òg. Men det rare er jo at eg di meir eg sit i ro di trøttare blir eg. Ja, ja alt er relativt då...
Sjølve turen var heilt grei. Men det bles jammen friskt og kaldt på toppen. Rennefoket stod som ein vegg ut frå toppen av Rørvikenipa i aust. Den blaute snøen oppe i bratthenget er elles litt skummel no ved at det er lett å trakke gjennom. Kva som er under veit ein no ikkje. Ofte kan det vere ganske så djupe holer. Ser at isen på Bjørnastigvatnet går opp no. Vatnet er i tillegg smekk fullt. Så det vatnet blir vel ikkje brukt i år...
Foto Høgefjellet |
Full vinter på Rørvikenipa og Blegja endå...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar