lørdag 31. oktober 2020

Spikaroppdrag av sklisikre matter

Morningens selfie på Markahengenipa

Tidleg morgontur til Skorvemarka i dag, og ein tur oppom fjelltrimposten på Markahengenipa. På same turen hadde eg lagt inn ein jobb med å spikre sklisikre matter på brua i ura nedanfor Krokavatnet. Så eg sette att sekken med alt utstyr nede i ura og gjekk vidare til toppen først. 

Fantastisk å få oppleve soloppgangen ved Kringla og Fossedalshengenipa igjen. Også over alle dei flotte fjella i vest. Nede i Skorvemarka var sola ikkje komen fullt ut då eg stod på toppen. Forøvrig ganske frisk morgontrekk frå søraust. 

Soloppgang over Fossedalshengenipa i dag

Så gjekk turen ganske fort ned igjen til spikaroppdraget som nemnt ovanfor. Traff forøvrig 3 personar som var ein tur til selet på Svortevikstølen for eit reparasjons-oppdrag. Dei fekk innvie mattene på brua akkurat då eg var ferdig...😎 Så var det tur til Holmedal for å feire ein 95-åring... I den alder er ein begynt å bli rimeleg vaksen....!

Sklisikre matter i ura på
ruta til Nipebu

Foto Markahengenipa 311020

fredag 30. oktober 2020

Oktober 2020

 
    Nokre bilder frå oktober i år
musikk 
(no copyright music)



torsdag 29. oktober 2020

Meir og meir Milo

Blåfjellet i vest - 
Bjørneskjegg i haustfarge

Vått og grått - og brunt

Stavenesodden i delvis sol i dag -
Grunnevatnet fremst

Nok ein kjapp morgontur. I dag gjekk eg heime i frå til Blåfjellet i Grimelia og trimposten der. Har blitt nokre turar hit no. Og blir sikkert endå fleire.... 

Ikkje så mykje å skrive om egentleg. Veldig vått etter mykje regn i går kveld og i natt. Rindaelva var stor. Men eg kom meg forsåvidt greitt over der oppe. Elles småelvar både her og der. Og myr og gjørme. Vel - håpar det tørkar litt oppe - eller frys på. Blir stort forbruk av Milo om dagen...😊

onsdag 28. oktober 2020

Kjapt på Smørkletten

Fint og fargerikt i Askdalen i dag


Sein oktobersol ved Presteelva

Askvoll frå Smørkletten i dag
Fristadfjellet t.v. og Blåfjellet t.h.

I dag vart det til ei handlerunde til Askvoll og ein kjapp tur inn Askdalen til Smørkletten. Opplett og faktisk litt sol då eg kom ned igjen. Litt vind i høgda.  Veit ikkje om vèrmeldingane stemde heilt. Vått, men ganske fast opp bakkane mot toppen. Traff eit par kjenningar på veg ned igjen og slo av ein prat. Elles fort opp og ned.... og dagens trim i boks. 

tirsdag 27. oktober 2020

Rivedal morgon

Det er flott utsikt frå Vardenova - 
her m.a. Skredvarden og Alden, Dokka, Kalderasnipene, Hekkelfjellet og Moldura

her Skålefjellet med Nipane,
i midten bak Yndestadhøgeheia og Toreheia t.h.

her m.a. Blegja og Storehesten (Kvamshesten) bakerst - 
og Eitrenipa, Fossedalshengenipa, N&S Kringla, Skålefjellet (Gaular) og Laukelandshesten

Klokka var vel passert 08 då eg var tilbake i Rivedal i dag tidleg for ein tur på Vardenova igjen. Nydeleg morgon med nokre få plussgrader. På veg oppover kraftvegen vart eg møtt av den vanlege friske trekken ned dalen. Om hausten, og før sola har stått opp, er det ganske kaldt opp denne delen. Ein har jo heller ikkje fått varmen i kroppen. Så hetta på jakka måtte plent opp....

Ved demningen rann dei første solstrålane for dagen på Smørskornova, Røyrbotnholten og Vardenova. 


Morgonsol på fjella i Rivedal
(Vardenova t.h. bakerst og høgst)


Det var ein god del væte i myrane nordover dalen. Som vanleg. Sug godt dette. Og spesielt opp første bakkane under Røyrbotnholten var myrane tunge. Med litt tyngre fotty no enn om sommarsdagen, krev desse myrane energi. For å seie det på den måten. Men no fekk eg vinsten med første solstrålane for dagen. Like godt kvar morgon. Stimuli. Og så gløymer ein brått pusten....

Sola renn over Stølsfjellet - 
Rivedalskletten t.h.

Austover den T-merka delen av denne ruta gjekk det lettare. No låg likevel dette partiet i skugge, og med litt våte berg etter natta så måtte eg passe på fotfestet. Det er flott utsikt opp på Vardenova her i frå. Under i morgonsol i dag.
   
Skåra opp på framsida diagonalt i fjellet

I dag valde eg å gå den merka ruta opp. Sidan eg ikkje har sett merkinga her før, men gått skåra på framsida. Og elles aust frå. Det såg heilt fint ut. Men det er ganske så bratt opp både her og på framsida. Det er vel ikkje til å stikke under ein stol at Vardenova kan ha sine utfordringar vinterstid med snø, skare og is. Bratt og luftig både her og der....😨 Men det er jo veldig flott utsikt på toppen då. Som nemnt før. Fjellet er lett synbart frå alle kantar. Sjå foto-link. 

Dagens Vardenova selfie


Rett nedom fjellet på veg ned att traff eg så på Dag-Tore i dag. Han hadde fri midt på dagen. Vi hadde oss ein bra prat der i sola. Han har gitt T-merkinga her oppe eit nytt strøk. Godt jobba (igjen).   

Traff på Dag-Tore under Vardenova i dag tidleg

Deretter gjekk returen ned under Røyrbotnholten og myrane til demningen og Rivedal igjen. På veg ned att her forsvann sola i eit tjukt skylag frå sør. Så i dag var det veldig greitt å vere tidleg på an....😎

Tilbake i Rivedal i fine haustfargar

Foto Vardenova 271020 

YouTube still-bilder (hugs HD)



mandag 26. oktober 2020

Fint med alternative ruter

Motiv rett vest for Kalderasnipa
(alle bilder mobil)

Dokka sett frå Kalderasnipa i nordvest

Med småbarnsbesøk frå Bergen i helga vart det i går trilletur med barnevogn i staden for fjelltur. Greitt for ein pensjonistkropp med ein dags pause frå fjell. I tillegg var no ikkje vèret av det beste heller. 

Utsikt mot fjella i aust

I dag tidleg gjekk derimot turen opp igjen på Kalderasnipa frå Eidsfjorden. "Eidsfjord-ruta" som eg har døypt denne trassèen. No med ein del vardar ovanfor Eidselva og opp Kaldrasbøane. Greitt å følgje same ruta opp. Og fint i skodde. Ok. Det er vel litt lenger opp på toppen enn frå Nyksvatnet og Holmedalssida. Men sjølv synest eg det er kjekt med fleire alternative ruter. Kan fort bli litt kjedeleg å gå opp og ned same vegen heile tida. 

Vèret i dag var overskya, frisk søraust vind oppe i fjellet. Framleis ganske så vått. Noko som viste godt att på Eidselva. Stor og flott i dag. 


Ein går over elva i øvste kanten av bildet
rett nedom den eine bjørka som står der

Eidselva var stor i dag -
Kyllaren og Fristad midt i bildet


 

lørdag 24. oktober 2020

Kjapt på Blåfjellet

Blåfjellet i Grimelia
 

Mangevatna med Toreheia i delvis skodde


Eit glimt av sollys ved Litlevatnet

Kjapp tur på Blåfjellet i Grimelia igjen i dag tidleg. Gjekk heime i frå som vanleg. Opplett, delvis skya og litt dråpar i lufta no og då. Ganske så vått i terrenget. Passe og god trimtur dette som ikkje tek så lang tid. 

Som dei andre dagane var det ein sverm med trast på trekk. Mange hundre. Det er ein stor trekk-korridor for mange fugletypar på Stavensodden. Oppsiktsvekkande at dette ikkje er teke omsyn til når det gjeld utbygginga av industriområda for vindturbinar på Guleslettene og Lutelandet. Desse områda nord og sør for Stavenesodden ligg akkurat i same korridoren. Diverre taper naturinteresser ofte mot menneske som kan tene pengar.  


fredag 23. oktober 2020

Trim i boks

"Brothers in arms"


Panorama Markahengenipa
mot Nipebutraktene og Stordalen


Fossedalshengenipa 

Etter eit oppdrag i Førde på nokre timar, gjekk eg oppom Markahengenipa på "veg heim igjen". Fjellklede og sko i bilen. Klesbyte ved Markavatnet...😎

Så mykje er det vel ikkje å skrive heim om... Overskya, vått og ein del gjørme. Men lite vind. Frosne vasspyttar og nokre snøflekker. Opp og ned same vegen. Folk og dyr såg eg ikkje. Trim i boks! 

Foto Markahengenipa 231020

Her 15. oktober

torsdag 22. oktober 2020

"Eidsfjord-ruta"


Skodda lettar i bakkane ovanfor Eidselva

Frå Kalderasnipa i dag

Kalderasnipene (posten på toppen t.h.) sett frå vest

Ned igjen i Eidsfjorden

Dagens selfie på Kalderasnipa

I dag tidleg gjekk turen til den nye fjelltrimposten på Kalderasnipa. Eg likar som før nemnt "Eidsfjordruta". Den er litt lenger enn den merka ruta frå Holmedal. Men eg slepp litt køyring, og kan parkere ved Eidsfjorden. 

"Eidsfjordruta" til Kalderasnipa

Delvis og ganske tjukk skodde eit parti. Flott då eg kom opp ovanfor Eidsvatnet. Blikkstille! Ja, det vart egentleg ganske fint. Ok - det er vått! Og blautt. Dei våte og myrlendte bakkane krev sin mann....😊 Det gjer seg å få bytta nokre sveittevåte klede på toppane no. Framover blir det fort kaldt i dei få plussgradene vi har. Returen gjekk ned att same vegen. 

 

Foto Kalderasnipa (mobil) 221020 


onsdag 21. oktober 2020

Dekkhotell inkl trimtur

Askvoll frå Smørkletten 28.april

Det er fint med dekkhotell. Sytalaust. Med tre bilar endå betre. Eg fekk skifta på Rav`en på Toyota i Førde før vi køyrde til Hamar førre helg. I dag var turen komen til Volvoen. Dekkhotell på YX i Askvoll. Peter styrer Aurisen. Med dekk i kjellaren heime. Litt greitt å støtte det lokale næringslivet. Kostar ikkje allverda heller. Og dekka blir skifta, reingjorde og tekne godt vare på. 

I høve time på YX, vart det tid til ein trimtur på Smørkletten først. Opplett då eg starta, men regn og skodde på toppen. Skikkeleg vått etter ei rotbløyte i natt. Slo av ein prat med ei blid og sporty jente oppe i bakkane. I tillegg var ein heil flokk frå barnehagen på tur i Prestemarka. Ja, ein må kome seg ut uansett vèr. Den må tidleg krøkjast som god krok skal bli.... 



tirsdag 20. oktober 2020

Frikst i kuling og regn



Eg var ein trimtur på Blåfjellet i Grimelia i føremiddag. Heime i frå. Frikst i vind og væte. Temmeleg gjørmete enkelte plassar. Spesielt frå Rinda. Men fint utover på sørsida av Mangevatna. Så mykje meir enn rett opp og ned vart det ikkje...😊 Ein heil del trast på trekk der oppe i dag.... Kanskje ikkje så rart at dei søkjer anna overvintringsplass. Vèrhardt og null mat. 






Oppsummering TiTur Dalsfjorden 2020

Nykshytta 18.mai


Brendeheiknappen 12.mai

Eggene 11.mai

Eikenesstølen 15.mai

Jøtelshaugen 23.mai

Rivedalsstølen 8.juni

Skylefjellet 29.mai

Storåsen 24.mai

Svenova 24.mai

Sylvsteinsheia 2.juni

Vidsyn 2.juni

TiTur Dalsfjorden 2020 var slutt 1.oktober. I det høve ser ein at følgjande oppsummering er lagt ut på Fjaler Kommune si heimesida. Det er berre å gratulere Fjaler Kommune, Askvoll Kommune, Indre Sunnfjord Turlag og turgruppene i kommunane for eit flott gjennomført helsemessig tiltak. Med ny rekord deltakarar ser ein at initativet er både framtidsretta og godt motteke. Vi ser alle fram til at TiTur Dalsfjorden 2021 startar 1.mai neste år. Lukke til med planlegging, tilrettelegging og merking.

Følgjande var postar i år

P.S. Eikenesstølen vart bytta ut med Rivedalsstølen grunna parkeringstilhøva.



mandag 19. oktober 2020

Rundtur i austerlei og heime


Søndagsmorgon - det gryr av dag over Hamar

Her budde vi...

Tone, Olaug og Sillan

Flott i Hamar
Tone, Sillan, Bergljot

Hamar domkirke

I helga var vi i barnedåp på Hamar. Yngste jenta eg er onkel til, Ylva Cornelia vart døypt i Hamar domkirke. Ho er andre barnet til Øystein Olav, yngste bror min, og Caroline Miriam. Vi var heile familien samla. Overnatting i eit digert hus som stiftesen Via Somnii disponerer. Det var veldig kjekt! Trass i alle korona tiltak. Både dåpen, arrangement, bilder o.a. høyrer til det meir private og blir ikkje kommentert eller lagt ut her. 

Etter ca 15 timar i bil i helga, var det godt å få seg ei runde i fjella i Askvoll. Så i høve med litt handel køyrde eg ned der, og tok den vanlege ruta opp Askdalen. I dag motsett runde i høve hi veka. Først på Fristadfjellet, deretter Kultingane og så Smørkletten. Sistnemnde nyleg lagt ut som ny fjelltrimpost. 



Det var frose på. Både på vasspyttar og elles. Men dei nye Lowa skoa er veldig bra. Vèret skya, men blikkstilt. I trimboka på Smørkletten var det allereie skrive ut fleire sider. Veldig bra! Returen gjekk ned den vanlege ruta i dalen.