tirsdag 13. oktober 2020

Prosjekt stålkassar og trimbøker (3 eller 4)

Oppe i sola etter ein opptur i skugge
 
Utsikt frå Størdalsstauren 

Fin utsikt heim igjen... (mobilbilder)

Så er stålkassen og den gamle trimboka på Størdalsstauren òg henta ned. Boksen skal ut på Blåfjellet i Grimelia. Men sidan eg fekk 2 mål ved på tunet i dag (som no er kome i vedakjellaren) lyt boksen overnatte på Yndestad. Den nye trimboka klarar seg nok fint ein dag til i godvèret. Utan stålhus 😊. Ja, for det er nesten ikkje måte på kor flotte dagar vi har. 

Sola er no vekke mesteparten av dagen på sørsida av fjorden. Så ruta frå Neset på Størdalsstauren ligg no i skugge. Likevel - du verda kor fint det er å kome opp i sola når du først har gått opp i skuggen. Ein psykologisk boost! Og ikkje minst å kunne nyte synet heim igjen. Til solsida 😎 

Størdalsstauren er kanskje ikkje favoritten til så mange. Men utsikta til Yndestad og Stavenesodden er uslåeleg!

Bildefilm Størdalsstauren:

Ingen kommentarer: