lørdag 31. oktober 2020

Spikaroppdrag av sklisikre matter

Morningens selfie på Markahengenipa

Tidleg morgontur til Skorvemarka i dag, og ein tur oppom fjelltrimposten på Markahengenipa. På same turen hadde eg lagt inn ein jobb med å spikre sklisikre matter på brua i ura nedanfor Krokavatnet. Så eg sette att sekken med alt utstyr nede i ura og gjekk vidare til toppen først. 

Fantastisk å få oppleve soloppgangen ved Kringla og Fossedalshengenipa igjen. Også over alle dei flotte fjella i vest. Nede i Skorvemarka var sola ikkje komen fullt ut då eg stod på toppen. Forøvrig ganske frisk morgontrekk frå søraust. 

Soloppgang over Fossedalshengenipa i dag

Så gjekk turen ganske fort ned igjen til spikaroppdraget som nemnt ovanfor. Traff forøvrig 3 personar som var ein tur til selet på Svortevikstølen for eit reparasjons-oppdrag. Dei fekk innvie mattene på brua akkurat då eg var ferdig...😎 Så var det tur til Holmedal for å feire ein 95-åring... I den alder er ein begynt å bli rimeleg vaksen....!

Sklisikre matter i ura på
ruta til Nipebu

Foto Markahengenipa 311020

Ingen kommentarer: