søndag 4. oktober 2020

Markahengenipa - ny fjelltrimtopp frå 11.oktober (2)

Fleire vil gjere seg kjende med desse steinane denne fjelltrim-sesongen


På Markahengenipa får du nærkontakt med fleire nipe-ryggar...
mellom anna Nordre og Søndre Kringla og Fossedalshengenipa

Det er nydeleg utsikt til Skorvemarka frå Markahengenipa
(ser du nøye etter så ser du òg vindturbinane nord for Flørø)

...og det fantastiske fjellområdet vestover (panorama)
m.a. mot Nipebutraktene og Stordalen

Tilbake til han som ser etter sola...😄

I dag gjekk turen til Markahengenipa. Turstart frå Skorvemarka og vidare opp DNT-ruta til Nipebu. Ein tek av frå denne ruta rett nord for Fossedalshengenipa, og går ut ryggen på nordvestsida. Det vil kome opp nytt skilt her du tek av i løpet av neste veke. 

Som før nemnt er Markahengenipa ny post på fjelltrimmen til AHIL for 2020/2021. Første registreringane kan gjerast 11.oktober. I dag tok eg med  nytt toppskilt slik at ingen kan vere i tvil om kvar ein er....😃 Fjellet er frå før ein topp i Kystarven. Turen er òg skissert i ut.no Det er ein fin og grei tur på ein god times tid frå parkeringsplassen ved Markavatnet. 

Det bles like godt i dag som i går. I tillegg var det overskya. Men god temperatur. Flott tur i flott haustlandskap.

Foto Markahengenipa 041020

Del 1 her

Ingen kommentarer: