torsdag 1. oktober 2020

Dugnadsånda lever

John og Agnar Lien med nytt toppskilt til Kalderasnipa
(og ja, det bles....😅)

I dag gjekk eg den flotte ruta frå Eidsfjorden til Kalderasnipene og Dokka. Kalderasnipene er som kjent ny fjelltrimpost for AHIL (Askvoll og Holmedal Idrettslag) sitt fjelltrimprogram frå 11. oktober. Etter å ha vore på Dokka, og kome tilbake til toppen for andre gong, traff eg to stk Lien karar. John og Agnar hadde gått opp ruta frå Nyksvatnet. Dei hadde med nytt toppskilt til posten. Super dugnadsånd!

Ruta frå Eidsfjorden kjem opp i venstre kant ved vatna.
Kalderasnipa (N) i midten og Moldura t.h. bak

Sjølv har eg alltid likt å gå ei rute til Kalderasnipene frå Eidsfjorden. Då slepp eg å køyre til Holmedal. Og så er det nydeleg utsikt til Fisma, Askvoll og til Mjåseth på denne ruta. Litt oppe i bakkane får du også auge på øyane i Florø. Og Alden og Atløyna. Lammetun og Lutelandet.... Så dukkar den flotte Eidselva og Eidsvatnet opp. Likeeins Moldura og Langeberga. Og på toppen ser du alle dei kjende fjella i aust. Elles flott utsikt til fjella rundt sjølve sentrum av Askvoll i vest. Sjå fotoserien. 

Utsikt mot aust frå Kalderasnipa (S) i dag

Eidselva

Det er god stigning opp frå Eidsfjorden til å begynne med. Så her får du kroppen godt i gong. Premien ventar over den første litt lange og bratte bakken. Og som vi veit "Ein kjem ikkje paa Fjellet med ein flat Veg" eller "Den som gjeng Fjellet, kann og fo ganga Bakken".😊 

Bildefilm frå Kalderasnipene

I dag bles det ganske friskt frå søraust på toppane, så video var ikkje muleg med mitt utstyr (blir berre skraping). Men med skiftande lys, skyer og sol i tillegg til dei flotte haustfargane, vart det til tider reine lysshowet. 

Frå Dokka i dag.
Holmedalsstølane i fint lys

Stien på denne ruta er ikkje merka, men retningen seier seg sjølv. Likeeins toppane. Elles er her mykje saue- og hjortetrakk oppover. Eidsfjorden, Kalderasnipene, Dokka er absolutt ein tur eg vil anbefale. 

Her er ruta som eg teikna inn på eit tidlegare blogginnlegg
(Dokka t.h. for markeringa) 

Foto Eidsfjorden Kalderasnipene Dokka 1.10.20

GPS - Eidsfjorden Kalderasnipene Dokka 1.10.20

 

Ingen kommentarer: