mandag 12. oktober 2020

Prosjekt stålkassar og trimbøker

 

Sett frå Stordalen - Markahengenipa midt i bildet
ny fjelltrimpost frå 11.10


Smørskornova, Røyrbotnholten, Skålefjellet, Toreheia og Ytrevågefjellet

I dag gjekk oppdraget ut på å flytte stålkassen som trimboka låg i på Stordalsfjellet til Vardenova. Og ta med den gamle boka heim. Så då gjekk turen til Rivedal i dag tidleg. 

Det er jo ein del lenger å gå denne turen frå Rivedal enn frå Osland. Og sjølvsagt litt kjedeleg å gå nesten same ruta fram og tilbake. Men må ein så må ein....😜

Elles har Dag Tore merka veldig bra til Vardenova frå Rivedal. Ein del av ruta er som før nemnt den same som går til Røyrbotnholten. Du kjem opp i DNT ruta til Nipebu frå Stongfjorden, og føl denne opp i skaret på austsida, der ein tek av til toppen. Eg gjekk deler av desse trassèane i dag. Og ein mellomting på austsida av Vardenova før eg kryssa ned øvst i Stordalen. Deretter eit stykke ned Stordalen til vestsida av Stordalsfjellet, og så opp eit dalsøkk mot nord, og til toppen (sjå gps data). Det er fantastisk flott utsikt mot aust her øvst i Stordalen. Eit perleområde! - sjå foto under. 

Panorama Stordalen
Portafjellet og Stordalsfjellet t.v.

Etter å ha teke nokre bilder på Stordalsfjellet, og ein video som vist under, gjekk så turen tilbake omlag same vegen. Denne gongen opp på toppen av Vardenova med stålboksen i sekken. 

Både på turen inn til Stordalsfjellet og ut att til Vardenova fekk eg god sikt til geitene til Gunnar Osland. Ein heil flott gjekk rett vest under Portafjellet. Eg fekk gitt beskjed om desse. Slike ekstraoppdrag blir alltid sett pris på. 

Geiter midt i bildet

På Vardenova er det elles kjempeflott utsikt i alle retningar. Så òg i dag i det flotte veret. 

Panorama Vardenova

No er både toppskiltet, trimboka og stålkassen til å ha boka i på plass. Kassen er viktig for å halde boka tørr. Det er jo veldig vèrhardt i fjella her ute på kysten. 

Alt på stell på Vardenova

Returen ned att gjekk i skåra på framsida av fjellet. Her er det luftig. Og ikkje merka for fjelltrimmen. Likevel er det varda slik at ein finn rette plassen ned. For her er berre ein plass ned. Resten av fjellet er stupbratt. Denne skåra er ikkje å anbefale vinterstid....😱 

Luftig ned på framsida av Vardenova



Etter å ha kome ned igjen i dalen der DNT-løypa går, gjekk så turen til Rivedal igjen frå sørsida av Røyrbotnholten. Flott tur på 4,5 timar.

På veg ned igjen til Rivedal t.v.
Rivedalskletten mot høgre.
Straumsnes og Rivedalsstølane t.h.


 Datoen eg påstår i videoen i dag er nok feil....😔

Foto Rivedal Stordalsfjellet Vardenova 12.10.20 

Fram og tilbake....
frå Rivedal - då stålboksen vart flytta frå Stordalsfjellet til Vardenova og trimboka teken med til bygds igjen...

Ingen kommentarer: