torsdag 8. oktober 2020

Grått og frikst


Ein av dei "tre bukkene bruse" på ruta til Blåfjellet i Grimelia i dag...  

...her ein annan dag
- midt i bildet står dei "tre bukkene bruse"- Blåfjellet ute t.v.


I regnveret og skodda i dag tidleg gjekk eg ein tur på Blåfjellet i Grimelia. Fjelltrimpost frå søndag av. Med bra sti, og godt varda, var det ingen problem med å gå ut frå "krysset" der ruta skil lag med ruta til Skylefjellet. Standardruta er likevel frå Grimelia. Frikst fjellvèr kan eg vel seie. 


Ingen kommentarer: