søndag 11. oktober 2020

Familierunde


Gjengen på Bakkefjellet i dag
f.v. Miriam, Marie, Tiril, Øyvind, Olina, Tora, Olaug, meg og Håvard









Dei fekk seg ei runde på fjelltrimmen både liten og stor då vi avslutta 2019/2020 sesongen i dag. I eit nydeleg haustvèr var det siste dag for registrering på dei utgåande postane. Og kva betre var vel å avslutte denne på Bakkefjellet i Holmedal. 

I den solvarme bakken på sørsida av toppen kosa vi oss med kaffi, lefser og mykje anna. I lang tid. Flotte Bakkefjellet med si nydelege utsikt over Dalsfjorden og bygdelaga ikring. No er det 7 år til fjellet står på programmet igjen. Men fjella treng ikkje akkurat stå på noko fjelltrim-program for å nytast. Slik sett ligg no Bakkefjellet der for evig og alltid.... 




Ingen kommentarer: