tirsdag 6. oktober 2020

Rundt omkring i Askvoll

Dokka og Ringstad frå Fristadfjellet
(alle foto mobil)

Eg måtte ei handlerunde til Askvoll i dag tidleg. Då tok eg med meg ein rundtur inne i Askdalen. Og sjekka mellom anna av den nye fjelltrimtoppen til AHIL inst inne i dalen. God sti og godt merka. Klar til 11. oktober for fjelltrimmarane.

Smørkletten ber sitt namn med rette.
Som ein "smørklatt" inst i Askdalen...😊

Utgang av Askdalen
Ved Prestelva

Det er flott utsikt ned igjen dalen til Askvoll. Og til dei fleste av dei andre fjella som omkrinsar sentrum og dalen. I nordaust ligg Jamneheiane, i søraust Kultingane og Fristadfjellet. I sørvest Hjartåsen, Eggene og Blåfjellet. Mot vest får du den klassiske utsikta mot Alden og Værlandet. Øyane i Florø ser du i nord i lag med Staveneset. Og ein får faktisk eit blikk heim att til underteikna på Yndestad i Stongfjorden. 

Eg tok returen via fjellpartiet i aust og var oppom Kultingane og Fristadfjellet. Det er fint å gå ned austsida av Smørkletten og over skaret mellom toppen av Askdalen og nedstigninga til Fismavatnet. For så å gå det slake og fine fjellet sørover til dei nemnde toppane. Her er god sti heile vegen. Noko som elles er tilfelle med alle dei andre fjelltoppane rundt sentrum. Alle toppane er skissert i ein 7-fjellstur på ut.no



Ingen kommentarer: