lørdag 10. oktober 2020

Sporty jenter

Utsikt frå Hekkelfjellet i dag - 
vi ser m.a. Blåfjellet, Dokka, Kalderasnipene, Moldura, Fagredalen og Fanafjellet. 
Mot Holmedal og Dalsfjorden midt i bildet.

I dag tidleg gjekk turen til Rivedal. Deretter opp kraftvegen og over dei blaute myrane mot nord. Eg ville opp på Smørskornova. Egentleg på utkikk etter nokre dyr som er på vidvanke. Etter gamalt går eg opp skårane på søraustsida av fjellet. Det er ganske bratt oppover når ein har passert myra, men såleis kjem ein seg fort opp. Frå Smørskornova er det flott utsikt mot Dalsfjorden, Rivedalsstølen, Straumsnes, fjell og dalar. Ja, i alle retningar. I dag hadde eg utstyrt meg med kikkert. Men ingen dyr var å sjå. 

Her ved kraftdemningen i Rivedal ser vi Smørskornova, Røyrbotnholten, Vardenova og Stølsfjellet

Det var blautt og tungt over myrane nord for Rivedal i dag.
Vi ser skodde over Flekkefjorden midt i bildet.

Eg gjekk så vidare ned på sørvestsida av Smørskornova, og kryssa vest for fjellet til utløpet av Langevatnet. Vidare opp på Hekkelfjellet på nordaustsida. Her oppe er det flott utsikt mellom anna til Skålefjellet, Svarthamrane, Siklebergvatna og vidare vest til Fagredalen. Moldura og Dokka. 

Utløpet av Langevatnet

Flott utsikt frå Hekkelfjellet - 
vi ser Dokka, Kalderasnipene, Moldura, Fanafjellet, Svarthamrane og Skålefjellet.
Siklebergvatna mot høgre (sjå elles fotoserie)

Vel, ingen dyr å sjå. Ikkje eit levandes liv! Sjølv i kikkert. Eg heldt så fram på sørsida av Hekkelfjellet, og kryssa ned i enden av Langevatnet i vest, og ned fjellet til Bogetjørna. Deretter opp austsida av Blåfjellet og Blåfjellssåta. Her åt eg meg eit par skiver i den solvarme bakken. Med utsikt til Dale og toppen av Bakkefjellet. Sola midt i mot. Vindstille. Og ikkje ein lyd. Fantastisk. 

Eg åt meg ei skive i den solvarme bakken - med utsikt til Dale og Bakkefjellet

Mot Rivedalsstølen og området der hadde eg tidlegare sett ned mot frå oppstigninga til Smørskornova. Men eg tok ein ekstra kikk frå austenden mot Medheiane. Så bort på toppen av Bakkefjellet. Måtte no skrive meg inn i boka ein siste gong. Posten her blir teken ned i morgon. Tok nokre bilder og "kvalte" eitt mot motlyset sidan sola skein så fint i Bakkevatnet. Og fekk såleis eit litt "kunstferdig" eitt av Straumsneset og Holmedal...


I dag passa det veldig fint med at Olaug og Marie var ein tur i Dale. Og såleis kunne ta med bilen min som stod i Rivedal ut att til vassverket i Holmedal då dei køyrde ut att. Kjekke jenter gitt. Då dette nettopp var i boks, traff eg på ei blid og sprudlande jente på veg opp bakkane. Så eg slo av ein god prat med Anita Osland Nilsen. Men i farten gløymde eg bilde til bloggen, så her får vi tru at det er greitt å hente fram eitt frå arkivet. Eg får håpe eg blir tilgjeven.... 😎 

arkivfoto frå Eitrenipa - 
Anita Rennestraum og Anita Osland Nilsen

For berre nokre minuttar lenger nede traff eg på Herdis Helle. Her kan vi vel takke facebook for gjenkjennelsen... Så vi kom i godt snakk der i bakken. Og som ein takk for praten måtte det bilde til. Då kom eg jo på at eg ikkje kunne gjere skil på jentene eg hadde møtt...😃 

Herdis Helle

Så turen fekk ein flott slutt. Med treff av sporty jenter. Men det eg egentleg såg etter, viste seg å vere ein heilt annan stad. Nærmare bestemt nesten heime...


GPS





Ingen kommentarer: