onsdag 21. oktober 2020

Dekkhotell inkl trimtur

Askvoll frå Smørkletten 28.april

Det er fint med dekkhotell. Sytalaust. Med tre bilar endå betre. Eg fekk skifta på Rav`en på Toyota i Førde før vi køyrde til Hamar førre helg. I dag var turen komen til Volvoen. Dekkhotell på YX i Askvoll. Peter styrer Aurisen. Med dekk i kjellaren heime. Litt greitt å støtte det lokale næringslivet. Kostar ikkje allverda heller. Og dekka blir skifta, reingjorde og tekne godt vare på. 

I høve time på YX, vart det tid til ein trimtur på Smørkletten først. Opplett då eg starta, men regn og skodde på toppen. Skikkeleg vått etter ei rotbløyte i natt. Slo av ein prat med ei blid og sporty jente oppe i bakkane. I tillegg var ein heil flokk frå barnehagen på tur i Prestemarka. Ja, ein må kome seg ut uansett vèr. Den må tidleg krøkjast som god krok skal bli.... 



Ingen kommentarer: