lørdag 3. oktober 2020

Holmedal Rivedal Stongfjorden

Soloppgang over Dalsfjorden i dag

I dag gjekk eg runda Bakkefjellet, Medheiane, Smørskornova, Svarthamrane, Skålefjellet med start ved vassverket i Holmedal og enda opp heime i Stongfjorden (sjå gps-bilde). Og i dag såg eg etter både storfe og sauer. På heile denne ruta og på toppane er det jo god utsikt til både dalar og søkk. I tillegg hadde eg med kikkert.  Eg såg to personar på Hekkelfjellet. Dessutan  folk ved tilsynshytta i Svelia (veir og storfe-beite). På nordsida av Smørskornova er det god sikt ned dit. Men nok ein gong måtte eg konstatere at resultatet av dyr vart magert. Ikkje eit dyr å sjå. Og fugl? Berre nokre få heipipiplerker som hadde utsett trekket. 

Soloppgang over Straumsnes og Holmedal i dag

Turen starta som sagt i Holmedal. Eller meir presist i Stongfjorden. Tidleg morgonstund. Avgang før kl 08 frå Vassverket. Før soloppgang. For Olaug måtte nok ein gong på jobb... (Utan å utdjupe det noko meir). Så ho skyssa meg inn til Holmedal i same rennet. 

På veg opp på Bakkefjellet tok morgonbrisen ein del. Det er elles skugge her oppe på vestsida om morgonen. Flott lys over Dokka og Moldura då sola stod opp. Og oppe ved toppen fekk eg den gode stimulansen det er av soloppgang over Dalsfjorden....

Dokka og Moldura i dagens første solstrålar

Etter å ha teke nokre bilder gjekk så turen vidare austover. I dag kutta eg ut Blåfjellssåta og Blåfjellet og tok ruta rett inn over Medheiane. Nesten komen inn under Smørskornova ser eg to personar rett aust for toppen av Hekkelfjellet. Reknar vel med at dette var rypejegerar som òg hadde starta tidleg. 

Langevatnet og Hekkelfjellet, Moldura bak t.v.

Etter å ha teke nokre bilder på toppen av Smørskornova gjekk eg så først vestsida og ned på nordsida for å sjå etter dyr. Men i det haustbrune landskapet var det som sagt ingen ting å sjå. Verken mot sør, nord, vest eller aust for den del. 

Eg tok meg nokre slurkar saft ved utløpet av Langevatnet. Ein plass eg alltid stoppar litt. Fantastisk flott akkurat her som DNT-løypa frå Stongfjorden til Nipebu går. 

Ved utløpet av Langevatnet passerer DNT-løypa frå Stongfjorden til Nipebu

Eg følgde så den merka ruta nokre hundre meter til nordsida av Hekkelfjellet. Kryssa så stien frå Svelia til Siklebergvatna og heldt fram opp bakkane mot Svarthamrane. Sola varma, men viden bles. Nok ein slik dag med av og på klede. Og av og på med hue. Toppa så ut Svarthamrane. Fin utsikt til Stongfjorden og Holmedal samstundes. Og til Dokka og Moldura rett i vest. 

Deretter gjekk turen nordover på deler av den merka ruta frå Holmedal til Skålefjellet. Ja, merka og vardane står framleis bra etter forrige gong fjellet stod på fjelltrim-programmet. 

På Svarthamrane i dag. Skålefjellet i bakgrunnen. 

På toppen av Skålefjellet bles det òg friskt. Men eg fekk teke opp ein video bak ein stein. Vindsus er alltid eit problem. På Skålefjellet er det som vi veit flott utsikt til Stongfjorden. 


Eg fann meg ein litt lun plass nede i bakkane på vestsida av fjellet og åt meg eit par skiver og drakk litt saft. Deretter ned den vanlege ruta via Brekka og Gjerdedalen til sentrum og heim igjen. 

Kjempeflott tur. Sjå foto og video.



GPX - Bakkefjellet, Medheiane, Smørskornova, Svarthamrane, Skålefjellet 031020

Ingen kommentarer: