mandag 19. oktober 2020

Rundtur i austerlei og heime


Søndagsmorgon - det gryr av dag over Hamar

Her budde vi...

Tone, Olaug og Sillan

Flott i Hamar
Tone, Sillan, Bergljot

Hamar domkirke

I helga var vi i barnedåp på Hamar. Yngste jenta eg er onkel til, Ylva Cornelia vart døypt i Hamar domkirke. Ho er andre barnet til Øystein Olav, yngste bror min, og Caroline Miriam. Vi var heile familien samla. Overnatting i eit digert hus som stiftesen Via Somnii disponerer. Det var veldig kjekt! Trass i alle korona tiltak. Både dåpen, arrangement, bilder o.a. høyrer til det meir private og blir ikkje kommentert eller lagt ut her. 

Etter ca 15 timar i bil i helga, var det godt å få seg ei runde i fjella i Askvoll. Så i høve med litt handel køyrde eg ned der, og tok den vanlege ruta opp Askdalen. I dag motsett runde i høve hi veka. Først på Fristadfjellet, deretter Kultingane og så Smørkletten. Sistnemnde nyleg lagt ut som ny fjelltrimpost. 



Det var frose på. Både på vasspyttar og elles. Men dei nye Lowa skoa er veldig bra. Vèret skya, men blikkstilt. I trimboka på Smørkletten var det allereie skrive ut fleire sider. Veldig bra! Returen gjekk ned den vanlege ruta i dalen. 




Ingen kommentarer: