Soloppgang ved Skålefjellet i dag. Foto frå Rinda.
Frå Skylefjells-ruta til Blåfjellet
Mangevatna i dag tidleg
d.s. Blåfjellet t.v. Skylefjellet t.h.
To turar i dag.
Tidleg morgontur til Blåfjellet i Grimelia med stålboksen som vart henta ned frå Størdalsstauren i går. Som overnatta på Yndestad i natt. Fantastisk soloppgang ved Rinda, Svartevatnet og Mangevatna. Blikkstille vatn. Det glitra i gull! Dei flottaste fargar i blått og brunt. Ein fantastisk kombinasjon.
No vart det med opp og ned på Blåfjellet i dag. Eg hadde nemleg ein tur til i tankane. Stålboksen og trimboka på Indrevågefjellet. Den gamle boka måtte ned. Og stålboksen må til Markahengenipa. Til den nye trimposten. I morgon. For på fredag ber det austover i barnedåp og 3 årsdag... Og pause frå trimbøker og heimefjell....😄
Som tenkt så gjort. Ei skive og ein kopp kaffi heime. Så til Indrevågefjellet på nytt oppdrag. Rett opp og ned. Og ny overnattingsgjest i natt. Som skal til Markahengenipa i morgon....😎
Indrevågefjellet i dag
Panorama Indrevågefjellet
Vindturbinane på Guleslettene - over 33 kilometer unna...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar