torsdag 30. april 2009

Vårkveld i Rivedal

Eit knips frå hagen... Årets første fjelltur i shorts gjekk på Stølsfjellet frå Rivedal i ettermiddag. Det var ei nydeleg, varm og stille kveldsstund. Som skapt for optimisme og glede. Varmt i bakken opp den bratte skåra mot toppen. Sveitten sila trass i lite klede. Som reine sommarsdagen. Litt svalande austatrekk på toppen gjorde berre godt. Det har vore ein veldig flott april, som så mange andre år. Eg høyrde nett her om dagen at april gjennomsnittleg var tørraste månaden i året på våre kantar. Det kan heilt sikkert stemme.

tirsdag 28. april 2009

Full tenning

Tidleg morgonsol lagar lysorgie av brunfarga fjorårsgras ved Leknesvatna 25/4. Nydeleg kveldstur opp kammen på Dokka i kveld. Eg måtte verkeleg halde tempoet oppe i øvre delen berre iført ei tynn trøye, knebukse og lette sko. For i tillegg til at sola forsvann, var det litt vind her på austsida av fjellet òg. Men det heldt akkurat. Ned igjen var det full pinne. Herleg...:-)

mandag 27. april 2009

Sommarvri

Frå Eitrenipa i kveld Eg pakka fjellklede for litt ymse vèr i bilen i dag tidleg, og gjekk på Eitrenipa etter jobb. Sparde vel ein time på å ha med meg det eg skulle. Så sommartanken er på plass. Ha alltid utstyret klart for ein tur eller to...:-) Nådde akkurat opp på toppen i ei tynn trøye før det begynte så smått å regne. Eg hadde med meg jakke og byteklede, men noko regn å snakke om vart det ikkje. Flott temperatur og lite vind på toppen. Det er utruleg kor snøen har minka siste dagane. Forøvrig raskt opp og ned - ein klisjè...:-)
Fra Eitrenipa 270409

søndag 26. april 2009

Einerkavar og vindmøller

Disig og lågt skydekke på Dokka i føremiddag Eg var på Stølsfjellet for første gong på fleire år i dag. Det vart eit ublidt møte med kronglete terreng og ein kamp mot einer. Eg fann sjølvsagt ikkje stien som det har blitt proklamert så fint for, så eg hamna ut i eit virrvarr med einerkavar. I verste duellane tenkte eg på Don Quijote, riddaren av den bedrøvelege skikkelse, sin kamp mot vindmøller. Eg var akkurat som han. Ein latterleg idealist, kravlande på hender og knær blant einer og stein, for å komme seg opp på nærmaste topp. Som om det stod om livet. Når ein brukar uttrykket at ein skulle hatt det på film, var dette akkurat ein slik sekvens. Vel, eg traff heller ikkje opp den skåra eg skulle heller. Og enda opp med å gå opp og inn heile dalen som om det var Nipebu eg hadde som mål. No visste eg at eg kom meg på toppen her i frå (eg var med å fange overvintrande geiter på sørsida av fjellet ein vinter). Så opp kom eg meg, sjølv om det vart ein god omveg. Men, dette var berre halve vegen. For eg traff sjølvsagt ikkje ned der eg skulle heller. Og hamna ut på loddrette stup. Ordet skårfeste dukka opp. Og tau hadde eg ikkje med. Så eg brukte nokre kilokaloriar opp og ned i fjellet, før eg fann rette skåra. (Mi erfaring er at det alltid er lettare å finne vegen opp eit fjell enn ned). Som om ikkje alt dette var nok, fann eg ikkje stien nedatt på stølen heller. Eg runda fjellet mot sør, og måtte gjennom einerbeltet og urane ein gong til. Eg skal ikkje gjenta orda eg brukte innvendig før eg kom meg ned att til elva og demninga. Toppen på audmjuking var likevel då eg traff fruen ilag med Anne nesten i Rivedal igjen. "Men du skulle ikkje gjort sånn og sånn"... Eg var heit om øyra frå før... Herleg var det då å køyre til Holmedal. Skru opp musikken, ta seg ei banan og ein skvett pepsi, for deretter å frese opp kammen på Dokka. Få einerkavane ut av tankane. Skikkeleg få ta i... Eg får seie som Odd Børretzen som hatar måker - eg hatar einer... Det einaste som hjelper når ein kjempar mot vindmøller er vel dynamitt, men mot einer kan det vel halde med fyrstikker? Ja søren, pytt, pytt, ein skogbrann til eller i frå...? Pyromanfakter er jo "in" for tida...

lørdag 25. april 2009

Sevja stig

Første bildet er frå Eitrenipa med utsikt vestover. Det andre frå Dokka austover og inn Dalsfjorden. To fantastisk flotte fjellturar i dag. Tidleg morgontur på Eitrenipa, med toppen kl 09. Etter middag gjekk turen på Dokka og toppen kl 15.45. Heldigvis hadde eg med meg byteklede på Eitrenipa. For der var det kald vind i dag tidleg. Disig. Og sola forsvann bak skyer som kom og gjekk. Det ligg att litt snø oppe i skara mot toppen. Ganske fast. Men øverste laget så pass blautt at det gjekk heilt fint utan broddar. Eg hadde dei heller ikkje med då det har vore plussgrader i høgda i fleire dagar. Etter å ha vaska ut vinterskiten av bilen ilag med Peter og ete ein fiskemiddag, reiste eg til Holmedal og gjekk opp kammen på Dokka. Reint sommarkledd i den nydelege ettermiddagen. Det var faktisk nesten 20 grader heime. Framleis ganske disig som ein kan sjå på bileta. Felles for begge turane var at det gjekk veldig lett. Moro. Og hadde det ikkje vore for at eg måtte ein tur til Førde og hente Marie som kom frå Sogndal, hadde eg teke med meg Hjartåsen òg. Men det får vere til ein annan gong:-)
Fra Eitrenipa_Dokka 250409
To fantastiske fjellturar i dag

fredag 24. april 2009

Ein enkel sang

Askvoll i motlys frå Dokka 22/4 Hadde ein roleg tur på Hjartåsen i ettermiddag. Traff på Vigdis nede, så vi slo følgje. Kjekt å late praten gå til ein forandring. Ei økt for sosialisering. Fint vèr, men ganske vindfullt på toppen. Etter fleire dagar med full guffe, var det greitt å roe tempoet litt.

torsdag 23. april 2009

Hat trick

Tredje kvelden på Dokka. Og tre forskjellige typar vèr... Askvoll i bakgrunnen Eg gjekk opp igjen på Dokka i dag òg. Men gjekk opp sjølve kammen. Det er bratt, men ein vinn fort høgdemeter:-) Etter å ha valt litt ymse ruter i det siste, blir det nok kammen eg for det meste vil velgje framover. For eg må opp nokre gonger på Dokka òg... Berre MÅ! Det bles ganske bra frå sør opp over kammen og på toppen. Men sjølv med lite klede var det ikkje problem med å halde varmenn så bratt som det er opp her. Fint og tørt. Heller ikkje i dag hadde det vore andre opp... så no ser det ut i boka som eg har fuska:-) Godt då å ha biletmateriale og blogg:-)

Tidlegare upublisert video

Hadde ein video frå Eitrenipa i vinter som var for lang for Picasa. Denne har eg lagt over på You Tube. Den er som følgjer:

onsdag 22. april 2009

Nydelege Dokka

Vi ser Dale, Rivedal, Straumsnes og Holmedal frå Dokka i kveld... Nydeleg vårkveld på Dokka. Faktisk endå finare enn i går. Ganske varmt, ingen vind og flott solskinn. Eg gjekk opp same vegen som i går til Vikastølen og opp den lange og bratte motabakken. Kjempegreie med lette sko:-) Etter å ha "rulla" meg litt i det tørre fjorårsgraset på toppen og teke nokre bilder, returnerte eg ned igjen kammen på austsida. Det var heilt snøfritt ned bratta. Kjempetur!
Fra Dokka 220409

tirsdag 21. april 2009

Dokka opp

Mobilbilde: Motiv vestover frå Dokka i kveld... Ja, ja Agnar, så vart det Dokka på meg i kveld. Eg gjekk direkte opp frå Vikastølen og ikkje om Nyksvatnet. Det er klart fortare og tyngre denne vegen enn hin. Det passar i grunn meg godt til vanleg. Det komande regnet låg på lur der vest i havet i form av ein mørkeblå himmel. Men eg kom meg fint opp og ned i småsko utan ein dråpe vatn. Utruleg kjekt å bruke andre sko enn fjellskoa. På ein måte blir ein i endå betre form...:-)

mandag 20. april 2009

Lett på foten

MMS frå Hjartåsen i kveld Eg hadde avtalt med Agnar om å gå på Dokka i ettermiddag, sidan han hadde ærend her ute. Diverre skar det seg då det låg tjukk skodde oppe i fjellet. Var ingen vits i å ta avgarde dit når ein likevel ikkje såg bort på Straumsneset. Agnar kjem opprinneleg der i frå... Men då karen køyrde til Førde igjen, gjekk eg likevel på Hjartåsen. Der gjer skodda ingen ting. Det har blitt relativt tørt i terrenget siste dagane. Eg valde difor å nytte meg av hybrid skora frå Lowa i dag. Det er ei herleg kjensle å få på lette sko. Som om kroppen fann ekstra krefter med ein gong... Og i dag har eg fått dei nye Inov8 skoa mine der reklamen lyder som fylgjer: The hills are calling. Bone hard tracks and muddy forest trails scream your name. Jagged rocks and shattered slate are waiting with a special `welcome home` surprise for the unwary. Say hello as you breeze past them on another flying visit. Once it gets into your blood, mountain running is a powerful narcotic. Technical running shoes from Inov8 are your only hope of coping with its painful addiction.

søndag 19. april 2009

Tidleg morgonstund

Frå Dokka i dag tidleg... Lett morgondis inn Dalsfjorden. Vi ser Eitrenipa, Blægja og Storehesten bakerst. Vardenova og Hekkelfjellet t.v. i midten, Kringla og Heileberget. Framme ligg Blåfjellet, Blåfjellsåta og Bakkefjellet Nok eit barnebarn har dag i dag. Sander til Margunn og Tor Ivar er 3 år. Så med tidleg avreise til Førde, tok eg ein morgontur på Dokka "før folk var stått opp"... Og så fekk Olaug seg ein tur etter at eg kom heim... Eg gjekk opp frå vassverket i Holmedal som vanleg. Men valde å gå bakken rett opp ved Vikastølen i staden for å gå opp til Nyksvatnet. Det var raskare, men tyngre. Morgonsola kom opp over Blåfjellsåta i bakkane her. Måltrasta kvitra om kapp frå toppen av trea. Men elles var det berre bruset frå elva som braut stilla. Ei nydeleg morgonstund. Eg skreiv meg inn i boka på toppen allereie 8.15. Ein lett søraust bris var frisk i kanten. Morgondisen fòr som slør over landskapet. Og litt skoddedottar låg på toppen av Atløynipa og øyane mot Florø. Snøen var hard som is og vitna om nokre kuldegrader i løpet av natta. Likevel var det sola frå ein skyfri himmel og det blå havet som slo ein mest denne morgonen. Nokre bilder måtte sjølvsagt til for å forevige denne flotte stunda, før eg sprang ned igjen same vegen eg kom opp. Då eg kom heim fekk Olaug avtalt med Sissel slik at dei òg fekk seg ein tur før vi skulle reise, medan Peter kunne leike med Markus. Så no er det snart tid for kaker og kaffi igjen. April er full av det meste...:-)
Fra Dokka 190409
"Early one morning just as the sun was rising..."

lørdag 18. april 2009

Herleg og farleg

Frå platået på Blægja i dag med utsikt mot Rørviknipa og ytst i Førdefjorden Frå Likkjeblægja med utsikt mot Dale og Dalsfjorden i dag Eg gjentok turen som eg gjekk for 14 dagar sidan i dag på Blægja frå Rørvika. Deretter vestover Blåegga til Eitrenipa og Markavatnet. Eg gjekk allereie klokka 7.30 frå Rørvika. Det var kjølig. Og måtte skrape is på frontruta heime i Stongfjorden før eg fòr. Medan gyllevogna gjekk nede i Rørvika, traff eg på snøen i første delen av bakken under hytta. Det var solid skare. Så hard at eg faktisk mange plassar såg fotefara mine frå fjorten dagar sidan. Litt spesielt sidan det var såpass lenge sidan. Det gjekk fort og fint oppover. Veldig greitt å ta seg fram på solid skare når ein kan kutte til vanleg uveisomme område og gå rett på Rørviknipa. Og oppe i urane sparer ein tid ved å unngå all steinen. Oppe i øvste og brattaste ura var sjølvsagt ikkje sola komen. Det var beinande hard snø. Eg forsikra meg for kvart steg at broddane og stavane sat. Misser ein feste og siglar her, stoppar du ikkje før i botnen av dalen. Og det er mange hundre meter...! Det var òg ei lita utfordring å komme seg heilskinna over skavlen og opp på platået. Solid skare og nesten is. Siglar ein her er vel største spenninga kva side av Rørviknipa ein passerer - anten på veg til Førdefjorden eller dalbotnen i vest... Men akkurat her er det vel så spanande når du skal ned igjen, og ser dei potensielle endestasjonane i auga.... Det var ein del morgonvind frå aust på toppen. Ganske friskt. Men du verden for ei utsikt mot havet, fjorden, dei grøne bøane og sol og snø! Fantastisk! Litt fotografering måtte sjølvsagt til... Eg hadde merka av nøyaktig kvar eg kom opp over skavlen, slik at eg kunne nytte "den lettaste" ruta ned igjen. Og sidan snøen var så knallande hard, var eg aldri i tvil om å halde fram vestover Blåegga til Eitrenipa. Det gjekk lett utover. Kjempeforhold. Eg kunne faktisk småspringe på skaren etter å ha vore opp på Likkjeblægja òg. Kjempeutsikt til Dalsfjorden og Førdefjorden på kvar side av fjellet her i frå. Midt ute på Blåegga traff eg på eit par karar frå Turlaget (Kjell K og Asle V) som hadde gått på ski frå Nipebu. Dei skulle treffe den organiserte turen frå Standnes til Blægja ute i skaret. Vi slo av ein liten prat. Snøen hadde minka mykje utover. Mange plassar var det berre berg og stein som stakk opp. Og dei to karane hadde teke av seg skia fleire gonger. Men for min del gjekk det greitt og lett ut på Eitrenipa. Eg var der litt etter klokka 12. Eg tok meg ein god pause i den varme lyngen. Nokre skiver og drikke. Og ei ny trøye var godt å få på seg. Perfekt utsikt mot aust der eg var komen i frå... Det var veldig hard skare ned skara frå Eitrenipa òg. Men eg kom meg ned utan å ta på broddane. Nedover til Leknesvatna og rundt, var det nesten heilt snøfritt. Du verden kor snøen hadde minka på 14 dagar. Rein vår. Sola bada seg i vatnet der dette låg isfritt. Veldig flott... Siste delen av turen var standard, og Olaug henta meg kl 2 ved Markavatnet. Så var det bilhenting i Rørvika. Sju timar etter at eg starta var eg heime igjen. Kjempetur!
Fra Blegja_Eitrenipa 180409

fredag 17. april 2009

Alt anna enn fjell

Området ved fossen frå Leknesvatna 8/4. Skåra opp t.v. for fossen og isen frå tidlegare i vinter. Det heng wire opp skåra til å halde seg i... Ei lita oppdatering... Eg har helde meg i ro i tre dagar no. Til gode for knær og til hyggje for barn og barnebarn. Tvillingane eg er bestefar til var nemleg 1. år i går! Det har difor vore besøk både hjå Kristine og Margunn (29 år 15/4). Olaug på si side har vore tre dagar i Oslo.... Men no er det helg igjen og flotte vermeldingar....

tirsdag 14. april 2009

Vårdraum på Dokka

Varmt og godt i fjorårsgras på toppen av Dokka i kveld Nydeleg utsikt inn Dalsfjorden mot Dale Tok meg ein fantastisk kveldstur på Dokka frå Holmedal etter arbeid i ettermiddag. Utruleg fint i kveldssola. Nydeleg innover Dalsfjorden og blikk stilt til havs. Perfekte blåfargar på himmel og hav. I tillegg til kontrastar mot kvit snø og bøar som grønkar langs fjorden, var utsikta som eit postkort frå Vestlandet om våren. Det kan jo ikkje finnast noko vakrare... Dokka er eit perfekt fjell for utsikt mot Dale og Askvoll. Sjølv om det ligg ein del snø på nordsida er det fint å gå opp på føtene... Her skal det bli mange fine turar framover... Og så ser eg jo "heim" til Dale òg...:-)
Fra Dokka 140409

mandag 13. april 2009

Perfekt påskeavslutning

På brua over elva ved Leknesvatna 2.Påskedag Ein av lagunane før fossen frå Leknesvatna i føremiddag Som så mange gongar før vart 2.Påskedag finaste dagen i påska. Eg har inntrykk av at dette er nærast regelen etterkvart. Eller er det berre ei innbilling? I følge bilda mine siste åra har denne dagen iallefall vore strålande. Det er omlag som at når påskegjestane reiser, kan vi fastbuande nyte finvèret...:-) Eg hadde avtalt med Vigdis i går kveld, då vi traff på kvarandre på Hjartåsen, at vi gjekk ilag på Eitrenipa. For meg er jo dette snart "the second home", medan Vigdis måtte friske opp vegen litt slik at ho var tryggare å gå åleine framover. Så vi møttes litt før 8 ved Markavatnet. Det vart jo ein perfekt dag. Litt småskyer til å begynne med, men dei fòr etter ei lita stund. No var jo dette sopass tidleg på dag at mykje av vegen opp til fossen låg i skuggen. Likevel vart det fort varmt opp gjennom lia. Vidare inn nordsida av Leknesvatna var det fantastisk fint. Stilt. Og flott solskinn frå aust spegla bare fjellrabbar, fjorårslyng og smeltande snø og is. Vår-landskap. Blægja og Eitrenipa låg bada i tidleg morgonsol. Drivande kvite. Eg såg årets første heipiplerker var komne frå varmare strok. Det er vår i fjellet òg... Siste skara opp på toppen låg endå i skuggen då vi kom opp der. Tydelegvis hadde det vore nokre minusgrader i løpet av natta, for snøen var ganske hard. Men ikkje verre enn at vi følgde i dei gamle spora mine opp. Litt isete var det òg mot toppen. Ein plass såg bar ut, men brått stod eg der på blåfrosne steinen og kom meg ingen stad. Vigdis, som allereie var komen seg forbi og opp, spurde om eg trengde hjelp...:-) Eg la merke til eit spesielt veltilfreds flin rundt munnen på ho då... Sola fekk vi igjen på toppen. Som så mange gonger før. Det er alltid dobbel premie det å komme seg opp på Eitrenipa. Toppen og sola på same tid! I dag var det i tillegg (nesten) heilt vindstilt. Det kan eg iallefall telje på ei hand det har vore sidan i haust. Så etter ein svipp og nokre bilder borte på sørvarden, tok vi oss litt sjokolade i lyngen der i sola. Perfekt! Akkurat eit slikt påskebilde eg ser føre meg... Vi tok på broddar ned igjen skara. Det var såpass hardt at det var greitt å sitte bra på. Eg tok litt bilder undervegs. Litt saft måtte til nede ved elva. Men elles gjekk vi rake vegen til Markavatnet igjen. Fint og greitt, og vi var der igjen i 12-tida. 4 timar er egentleg standardtid på denne turen. Men etter å ha slappa av heime på altanen nokre timar (Olaug og Peter var i lag med ein gjeng på Dokka) tok eg likegodt og køyrde til Askvoll og "sprang" opp på Hjartåsen òg. Vèret var så aldeles strålande. Eg tok minimalt med klede på. Raskt opp og ned. Ein smak av sommar... Heilt supert.
Fra Eitrenipa_Hjartåsen 130409

søndag 12. april 2009

Påskeharen

Tidleg havutsikt 1.Påskedag... Fin morgontur på Dokka i dag tidleg 1.Påskedag. Eg såg ikkje eit menneske. Men det var vel ikkje å vente. Eg var på toppen litt over halv 9... Det ligg ganske mykje snø der bak på nordaust sida endå. Forbausande mykje faktisk. Sjølv om det har minka ein god del sidan eg var opp for første gong i år for nokre dagar sidan. I dag var det første gongen eg forresten såg noko i det heile teke pga. tjukk skodde tidlegare. Snøen var ganske hard og god å gå i. Og spora frå før var godt synlege. Eg var heime igjen før klokka 10, så då fekk Olaug seg ein tur på Høgeheia. Resten av ungdommane på påskeferie sov tilsynelatande sin søtaste søvn.... Her er litt ymse døgnrytme i huset om dagen...
Fra Dokka 120409
Askvoll 1.Påskedag Seinare Så vart det ein tur på Hjartåsen til kvelds... Dagen vart altfor lang utan å bevege seg litt igjen. Etter lammelår, riskrem og senga, tok det si tid før eg kom meg til hektene. (Råna te att, som faderen seie...) Det er kanskje lett å "surne" vekk når ein har det for godt? Men eit par koppar kaffi hjelpe alltid på. Såpass at eg kom meg i bilen og fekk løyst sveitten opp Askdalen. Då vart eg meg sjølv igjen:-) Og kjende humøret steig... Då eg så traff Vigdis, og vi gjekk ilag ned igjen, fekk jo snakketyet føter å gå på òg...

lørdag 11. april 2009

Godt tima

Fossedalshengenipa og nye regnfylte skyer i dag tidleg (MMS) Brua over elva ved Leknesvatna i stad (MMS) I følge timesvarsla for vèret skulle det tilta med regn frå kl 13 i dag. Eg var difor tidleg (som vanleg...) avgarde på Eitrenipa for å booke denne inn for dagen, før regnet sette inn. Det bles jammen godt i høgda. Og eg hadde sjølvsagt vinden midt imot heile vegen inn nordsida av Leknesvatna. Det var ganske tungt! Men eg fann raskt ut at det var betre det, når eg fekk den i ryggen heim igjen, enn motsett...:-) Elles var det utruleg kor snøen hadde minka sidan eg var opp for nokre dagar sidan. Og forbausande nok var den ganske fast, både den som låg lengst nede, og oppe i skara. Breaktig konsistens... Så eg var ikkje særleg sliten då eg kom ned igjen. Og klokka? Den var ikkje meir enn 11.15 då eg sette meg i bilen..:-) Og regnet? Ja, det sette inn det når eg kom heim...:-)

fredag 10. april 2009

Som seinhaust

Bak varden på Dokka i føremiddag i eit ufyseleg vèr...men like blid:-) Eg hadde aldri tørt å gå opp igjen på Dokka i dag hvis det ikkje var for at eg kunne følgje spora mine frå i går. Det var nemleg så tett skodde då eg kom opp til Nyksvatnet og vidare oppover at eg ikkje såg nokon ting. Alt var kvitt. Fullstendig! Spora frå i går oppover, var delvis vekke i regnet. Men dei ned igjen, der eg hadde trakka ein god del gjennom, var godt synlege. Hadde eg rota meg vekk frå desse, er det ikkje godt å vite kvar eg hadde hamna. Det var skodda ja. Men det regna og bles i tillegg. Reint ufyseleg. Med minimalt under goretexen, var det berre å halde seg godt gåande. Det var nemleg iskaldt å stoppe opp. Men linja var grei, og eg var aldri inne på tanken om å snu. Så eg kom meg egentleg greitt både opp og ned. Som eg såg på snøen, hadde det ikkje vore nokon der sidan eg var oppe i går ettermiddag. Eg bytte ei våt ulljakke då eg kom ned igjen til bilen ved vassverket i Holmedal, køyrde til Askvoll, og tok like godt med meg Hjartåsen når eg var på dei kantar. Skodde, vind og regn på toppen her òg. Mykje væte i stien. Men greitt. No har eg sett på eit par vaskemaskiner for å få reint både utapå-klede og ull til komande økter. I skrivande stund er det opplett ute. Er det håp om noko meir sol denne påska? Det har jo vore eit nokre hustrige dagar no....

torsdag 9. april 2009

Dokka i skodde

Ein augneblink letta skodda litt på sløret på Dokka i stad og vi får eit glimt av Dalsfjorden... Det vart ein skodderik tur på Dokka i ettermiddag. Vèret var i klar betring, og i skrivande stund klårnar det visst heilt opp. Lovande til i morgon. Det låg forbausande mykje snø på nordsida. Men sidan den var rimeleg fast var det greitt å ta seg opp... Mot toppen var det tjukk skodde, men var aldri i tvil om retningen mot toppen. Så det gjekk greitt. Det var i grunn ikkje så mykje å ta bilete av då alt var kvitt. Men nokre knips var det... No får vi lade opp til i morgon og sjå kva vi finn på då...:-)
Fra Dokka 090409

Morgonfugl

Det klassiske motivet frå Blægja mot Heilevangstaurane, Lisjehesten og Storehesten t.h. Foto frå turen 4/4. Marie skulle på jobb på Askvollheimen i dag tidleg, så då passa det godt å køyre henne ned der og samstundes ta ein tur på Hjartåsen. Det slo om til ei saftige byge oppe på toppen med skodde, regn og vind. Av alle ting tok eg att ein kar frå Holmedal heilt oppe ved varden, endå klokka ikkje var meir enn 08.10 då vi skreiv oss inn. Ganske tidleg ein Skjærtorsdag. Toppen var iallefall ikkje noko blivende sted som det heiter. Så eg sprang på direkten rett ned igjen og let Holmedølingen gå i fred:-) Det skulle lysne litt i vèret til kvelden. Så no får vi sjå om det blir ein tur til. Hvis ikkje får eg roe ned til i morgon...

onsdag 8. april 2009

Ein smak av påske

Vårleg ved Leknesvatna i ettermiddag Etter å ha kosa heime med Peter og vore til Askvoll på snopetur, var Marie komen seg på føtene då vi kom heim igjen. Ho vart såleis med Peter på trampolina, medan eg stakk på Eitrenipa igjen. Olaug hadde kort dag i dag før påske. Klokka var allereie 12 då eg reiste frå Yndestad. Det var nydeleg vèr. Rett nok med litt skyer inn i mellom. Det gjekk vèl så greitt opp i dag som i går. Eg hadde nemleg spora mine frå i går å gå i. Det var ein stor fordel oppe i skårane. Fast og fint i trinna. Reine trappa opp! Strålande solskinn oppe i bakkane og på toppen. Og frisk vind som i går. Men kva gjer vel det når sekken inneheld rikeleg med byteklede, som for ein vinterdag...! Herleg å få skifta på seg tørre ullklede. Du får ein psykisk opptur når varmen kjem igjen i kroppen... Litt blautt var det ned igjen då eg seig gjennom på grunn av farten. Ein viss fare kan det vere med dette når kroppen er på god veg framover, og føtene sig ekstra ned i snøen og sit bom fast. Det går fort an å ta ein legg på denne måten....! Som i går skya det heilt til då turen var omme. Og det gjer i grunn ikkje meg noko, berre det er fint undervegs:-) P.S. Hvis nokon lurer på om det står bra til etter ein tung tur på Eitrenipa i går og ein til i dag, så er tilstanden heilt strålande... Om det beit trur eg nok eg kunne ta denne turen kvar dag. I gamle dagar var dagane fylte med mykje fjellgåing i arbeids medfør som melking, fjellslått, torvklypp og anna.... Då fekk ein jo trim i sitt daglege vyrke. I dag lyt vi kontoristar springe for helsa sin del, om enn kanskje ikkje i så stor grad som enkelte gjer...:-)
Fra Eitrenipa 080409

tirsdag 7. april 2009

Nok ei prøve

Fossedalshengenipa og Heileberget er innramma av nye uversskyer i dag Eg tenkte egentleg ikkje så mykje på nokon lengre tur i dag, før det vart klart at Peter reiste til Andreas i Grimelia og eg vart åleine. Så eg tok avgarde på Eitrenipa i 11-tia. Etter meldingane å dømme skulle det vere opplett på føremiddagen med regn ut på ettermiddagen. Det stemde heilt nøyaktig. Og faktum er at det vart rimeleg fint. Faktisk antydning til sol på toppen. Og nok ein gong var flaksen på mi side, for då eg svinga inn på tunet heime, plaska regnet ned:-) Elles prøvde eg trugane i dag. Men tanken på å gå issørpa inn vatnet, slo eg frå meg med ein gong. Eg tok ikkje sjansen, sjølv med dei på. Trugane fungerte veldig bra i det meir flate terrenget, og mindre bra på oppstigninga i dei hallande og bratte bakkane. Dessutan er det delvis roten snø og bart terreng om ein annan inn langs vatnet, og trugar på bar mark ser jo litt komisk ut:-) Så eg sette stasen igjen før siste oppstigninga. Oppe mot toppen, var all nedbøren i det siste komen som snø. Den hadde ikkje sett seg, så det vart ei kraftprøve å komme seg opp. Sveitten sila, og eg måtte stogge på eit par gonger for å få pusten igjen... Som sagt fekk eg antydning til sol på toppen, og kombinert med nye blå regnskyer i sør og vest, vart det rikeleg med kontrastar. Veldig flott. Men ein frisk søraust vind kjølte raskt ned kroppen, trass i klesbyte. Og kombinert med litt tidspress, gjekk eg fort ned att skara etter å ha skrive namnet i boka. Turen heim er i grunn ikkje så mykje å skrive om. Det gjekk heilt greitt. Men eg var bra køyrd då eg kom ned til bilen igjen...
Fra Eitrenipa 070409

mandag 6. april 2009

Våte myra

MMS Hjartåsen i ettermiddag Det var veldig vått på Hjartåsen i ettermiddag. Reine myra heile stigninga opp. Søkkblautt, det var som om skorna vart sugde fast i myra. Eg kjende at eg måtte halde litt igjen på farten. Men det vart no heldigvis opplett. Skodda kom og gjekk. Traff Vigdis, min gode turkompis, på veg opp då eg kom ned... Ho hadde nok snudd seg fort rundt då første solstrålane for dagen braut gjennom skydekket... Kor lenge var Adam i paradis...? Forresten, der er det vel alltid sol der...!? Eller regnar det i paradis...?

søndag 5. april 2009

Ytterpunkt

Fantastiske forhold på fjellet i går... At to dagar kan vere så diamentralt motsette som i går og i dag her i verda, kan berre vere tilfelle på Vestlandet. Frå blå himmel, strålande sol og kvitskimrande fjell, til pøsande regnvèr, skodde og vind. For det var akkurat sistnemnde eg fekk på meg på Hjartåsen i føremiddag. Piskande uvèr som på ein skikkeleg haustdag. Myr og vatn over alt. Herleg då å ha turen og bilda frå i går i friskt minne....

lørdag 4. april 2009

Kvite vidder

Skodda ligg framleis ute i havet rundt Svanøya og øyane i Florø Eg var klar. Klar for årets første Blægja-tur. Spent. Spesielt på øvste skaret og skavlen ved topp-platået. Også sjølvsagt på snøforholda. Eg vakna tidleg. Skodda låg tjukk som graut rundt husnòva. Såg ikkje bort på hi sida av fjorden eingong. Eg banna innvendig. For det måtte vel lette? Eg sat ein time lenger enn eg hadde tenkt, og visste ikkje heilt korleis eg skulle takle dette. Skulle eg gå og satse på at det letta? Eller skulle eg vente å sjå og evnt, velje eit anna mål? Men i 08-tida såg eg det lynsa og køyrde i Rørvika. Her inne var skodda letta tidlegare. Ikkje ei sky på himmelen. Perfekt! Så eg tok av garde den vanlege "sommarvegen" opp dei bratte bakkane. (Frå Rørvika til Blægja går du frå havet og omlag rett opp til 1304 moh. Toppen ligg over hovudet på deg når du står i Røvika). Første snøen traff eg ein liten halvtime seinare. (Der du kryssar den små elva frå Rørviknipa ved dei kvite bjørkene). Overrasking. Snøen heldt ikkje heilt. Hmm... Eg trudde det var skare heile vegen. Men eg beit tennene ihop. Oppe ved saltsteinane til sauene, tok eg bratt og beint opp mot Rørviknipa, slik at eg kom opp ein del aust for hytta. Det var blytungt, men greitt å spare litt tid i dette uveissame området. (Snøen hadde glatta ut heile bakken opp). Eg kom meg såleis raskt opp under Rørviknipa. Snøen heldt ikkje heilt her oppe heller. Det var framleis tungt. Heldigvis er formen god! I partiet der du rundar Rørviknipa og passerer vatnet, før du tek til på ura opp, hang det tunge snøgavlar frå nipa. Fleire ras var gådde her tidlegare. Endå var ikkje sola komen, og eg kom meg forbi utan problem. Opp sjølve stigninga mot "salen" mellom Rørviknipa og Blægja-platået var snøen fastare. Her hang òg snøgavlane faretrugande frå fjellet ovanfor... Eg tok på broddane. Første delen gjekk fort opp. Lenger oppe i det brattaste partiet, var det hardt. Og eg måtte vere obs. Miste eg fotfeste her ville eg sigle fleire hundre meter til botnen av dalen... Heilt oppe under topp-platået, måtte eg studere litt for å finne ein plass å komme over skavlen. Det er bratt her. Og hard skare som ikkje sola var komen til. Sigla eg her, ja, ja, då vart det iallefall lite goretex igjen... Men eg fann eit litt lausare parti som kryssa først til høgre og så til venstre, og eg vippa meg opp over kanten... Fantastisk! Utruleg! For ei utsikt... Årets første Blægjatur... Og varden låg der som ein diger sopp... Men det bles litt. Bles frå skyfri himmel:-) Eg fekk skifta ei trøye der bak varden og knipsa nokre bilder rundt omkring. Det hadde ikkje vore ei sjel her. Første mann ut:-) Eg hadde likevel meir på programmet. Eg gjekk ned igjen same plassen over skavlen, og tok ruta rett under fjellet mot sør, og tok opp mot Likkjeblægja. Her steikte sola inn i snøhellingane. Herleg, men det vart ganske blautt av det. På grunn av snøforholda kunne eg ta litt meir beint opp på nordkanten og kome meg fint opp på toppen. Her er det nydeleg utsikt til Dale og tilbake mot Blægja, Rørviknipa og Storehesten i aust (sjå bilete). Den vidare turen Eitrenipa gjekk òg heilt fint. Praktfulle forhold vestover Blåegga. Duvande, kvitt landskap bada i strålande sol. Og mange av dei langsgåande ryggane var greie å forsere på grunn av mykje snø som hadde flata ut berga og hamrane. Eg begynte brått å syngje... av alle ting - "He`ll have to go" av Jim Reeves - kva som gjer slikt? Det var nok mor mi eg hadde tenkt på som utløyste det trur eg... Men det rarast av alt var at årets første snøsporv flaksa rett forbi fjeset på meg i det eg sang... Utruleg rart. Nesten litt oververdsleg (Eller var det berre at han vart forstyrra av den falske og hesa synginga mi....:-)) Eg kjende det likevel godt i skrotten då eg nærma meg oppstigninnga på Eitrenipa frå aust. Snøen hadde for det meste vore tung og våt vestover... Så opp på toppen gjekk det seint. Var ikkje same fråsparket lenger som då eg starta for 5-6 timar sidan... Eg kom meg likevel opp og fekk fiska fram eit par skiver, litt saft og rosin/nøtteblanding... Det gjorde underverk! Det var 7 timar sidan frukost... Eg torde ikkje å ta ut Leknesvatna. Snøen som låg på vatnet var litt for blå i lèten til at eg torde... Gå gjennom isen hadde vore tragisk! Eg tok difor den vanlege ruta rundt i delvis roten snø. Tungt! Det var likevel berre å bite tennene i hop. Og eg kom meg rundt og ned dalen til Markavatnet. Steike meg. Eg var sliten og mørbanka. Det verkte både her og der. Mest i hoftene av ein eller annan grunn. Eg hadde avtalt med Olaug at ho henta meg, og saman køyrde vi i Rørvika og henta bilen. 8 timar etter at eg starta var eg der igjen. Det hadde vore ein tøff tur. Men du verden for ei oppleving... Det tek tid å fordøye slikt for ein lukkeleg mann...:-)
Fra Blegja_Eitrenipa

fredag 3. april 2009

Vårkveld på Staveneset

Eg heldt meg heime frå fjellet i ettermiddag for å lade opp til i morgon. Meldingane er fine. Noko som ser so som so ut for resten av påske. Vel, vi får ta ein dag i gongen å sjå det an. I staden for fjell, tok eg meg ein tur på Staveneset før sola gjekk ned. Nydeleg... Bilda fortel vel sitt..
Fra Staveneset 2009

torsdag 2. april 2009

Vanleg trimtur

Bilde frå Nordheia i går morgon. Nordsida av Storehesten t.v. og Heilevangstaurane med Blægja t.h. Etter ein roleg kveld i går, vart det ein svipptur på Hjartåsen igjen i ettermiddag. Det var ganske vått i lendet, men opplett. På toppen seig det på med ganske tjukk skodde. Men det er sjølvsagt ingen problem her med godt opptrakka sti heile vegen. Det er heldigvis lys for å ta eit par fjell i slengen snart. For turen på Hjartåsen kjennest egentleg ut som i kortaste laget no. Får tru det smeltar litt snø i Dokka og Stølsfjellet, så eg får ta til på dei i tillegg når eg først er i gong....