torsdag 12. november 2026

To fine

 

Dagens Alden og Heggøyna

Utsikt mot øyriket ved Florø i nord

Saltskåren

Her ser vi ned i Saltskåren frå toppen i nord

Så vart det andre trimturen på Furefjellet denne veka. I dag med eit dryss av nysnø på toppen. Og ein litt sur nordatrekk. Elles ganske blautt og ein del gjørme oppover. Fin trim iallefall.

I morgon er det vel meldt litt betre vèr. Så då får vi sjå om eg finn på noko anna. Turen på Furefjellet er jo ikkje "allverda" lang - når ein først teke avgarde meiner eg. 

søndag 8. november 2026

Grått og stilt på stauren

Godt selskap på Størdalsstauren i dag


Haustfargar og gråvèr 

Ein kik heim igjen til Yndestad og Stongfjorden

Olaug og eg bestemte oss for ein tur på Størdalsstauren i dag. Fjellet er post på fjelltrimmen for 26/27. Då vi parkerte i Størdal var det allereie ein kar som starta same turen. Det såg eg var Bjarte R. frå Førde. Vi kom i snakk rett oppe i første bakken. Og gjekk i lag oppover. Sjølv valde vi å gå den trassèn som vi gjekk før om åra. Meir rett opp. Så tok vi igjen merkinga lenger oppe vest for Langedalen. 

Det var sjølvsagt noko vått og blautt oppover. Løypa har gjerne ikkje den beste stien på fjelltrimpostane denne sesongen. Men det kjem seg nok etter kvart når folk går her meir. 

På toppen var det litt yr i lufta. Og lett disig. Så den beste utsikta fekk vi ikkje i dag. Men kjekt med nytt selskap både oppover og på toppen. Bjarte R. tok forøvrig turen om Fanafjellet i aust før returen. Medan Olaug og eg gjekk ned igjen via merkinga. God søndagstrim! Og så avslutta vi med eit bad i fjorden😀! 


fredag 6. november 2026

Fantastisk på Bakkefjellet

Dagens på Bakkefjellet

Nydeleg morgonstund på Bakkefjellet i dag. Frost på bakken. Og knall sol! På toppen klokka 10.30. Ja, eg var veldig heldig som kunne nyte desse par timane med fantastisk klår luft og solskin. For då eg var nesten komen ned igjen til vassverket forsvann sola i eit tjukt skylag! Og der vart ho...

Frå videoen og bilda kan ein elles sjå at det låg skodde både over Dalsfjorden og Flekkefjorden. Elles var det som nemnt frost på gras og steinar oppover. Ikkje verre enn at det gjekk heilt greitt. Med Scarpa sko vel og merke. No framover trengst det gode sko med godt mønster. (Det gjer det forsåvidt elles i året òg, men no ekstra viktig).  Og eg hadde faktisk sikra meg med broddar i sekken òg. Alltid greitt at dei ligg der om forholda skulle tilseie bruk. 

Som nemnt før er det god sti og godt merka frå vassverket i Holmedal til Bakkefjellet. Ingen grunn til å gå seg vekk om du vil prøve fjellet for første gong. 

Foto Bakkefjellet 061126

torsdag 5. november 2026

Frå "skøyter" til "rødt klister"

Furefjellet i dag

Eit gløtt av sol i Granesundet

I dag skifta eg ut Hoka "skøytene" mine med Scarpa "rødt klister" og gjekk morgonturen på Furefjellet Ja, slik kjendest det ut i samanlikning med turen på Blåfjellet på søndag. Då eg låg flat ned bakkane. Så i dag var festet upåklageleg. Elles var det vått og blautt ut på toppen som før. Ned igjen litt regn. Det blir nok meir Scarpa enn Hoka framover ja. 

For dei som ikkje har vore opp her ute på Staveneset, er Furefjellet ein lett og grei tur opp frå Holevika. Det er skilta Høgeheia. Men lenger oppe Furefjellet der du tek av vestover ved den vesle granskogen. 

søndag 1. november 2026

November-bløyte

Ingvar, meg og Olaug på Blåfjellet i dag

F.v. Eggene, Hjartåsen og Steinheia
bak f.v. Furefjellet og Høgeheia

Sauesundet og Atløynipa    

Vi ser mot Ringstad, Kyllaren og Stråmen

Eg vart med Olaug på Blåfjellet i dag. Eg var der hin dagen òg. Men fruen måtte få seg ei registrering òg. Veldig flott vèr i dag. 8-10 grader og sol. Med noko nordatrekk på toppen. Noko anna var væta. Og sleipa. For det renn elvar over alt. 

På veg oppover såg vi ein person oppe i bakkane. Det skulle vise seg at det var ein kjenning frå Møteplassen, Ingvar S. Han var nokre minutt får oss på toppen. Her fekk vi oss ein hyggeleg passiar. Og eit foto måtte sjølvsagt til. Elles nydeleg utsikt her oppe. Og adskilleg betre enn fredag. 

Vi gjekk i lag ned igjen alle tre. Her skulle det vise seg at skorna mine slett ikkje var så gode som eg trudde. Så eg låg på rumpa opptil fleire gonger. Ja, reine skøytene eg hadde på føtene. Fruen skreik visst ut fleire gonger. Og Ingvar som gjekk bak fekk jo godt sikt til alle tryninga mi.... Vel, vel som han skreiv Jakob Sande - beina kom heile heim---😄

No kjem middagsgjestane, så det får halde med denne rapporten...




fredag 30. oktober 2026

Tilbake på Blåfjellet i Askvoll

Dagens selfi

Skyer og skodde over Atløy og Alden i dag tideg

Sauesundet

Askvoll

Ja, det er ei stund sidan eg har vore oppom Blåfjellet i Askvoll. Men sidan fjellet no er med i programmet på fjelltrimmen, var det greitt å ta dagens trimtur opp hit. No var ikkje veret av det beste i dag tidleg. Grått, men vindstille og rundt 10 varmegrader. 

Frå parkeringsplassen ovanfor kyrkja bar det inn ved den flotte Presteelva. Her er det laga til flott grusveg til og med for rørslehemma. Frå brua bar det opp bakkane mot nord og vest. Det viste seg fort at det var gjennomblautt og sitla og rann vatn overalt. Og i dei bratte bakkane frå omlag halvveges oppover var det i tillegg sleipt. Men eg toppa no greitt ut i litt søraust vind. 

Var det glatt opp, var det sjølvsagt endå glattare ned igjen. Og rett på snørra bar det ein gong. Utan at det gjorde verre skade enn gjennomskitne klede. Jo, jo, det er haust i fjellet. Men trimmen var no i boks. Elles var det fleire på tur nede i Prestemarka. Når det er så flott tillaga som her triggar det også folk til å kome seg ut!

Under ligg bildekavalkade frå arkivet frå Blåfjellet i Askvoll - 
under gjerne litt betre forhold enn i dag...😃


torsdag 29. oktober 2026

November

Øvre Fossedal i novemeber

Så er allereie november like om hjørnet. Ein fin månad i fjellet om vèret lagar seg.Vedlagt ligg arkivbilder frå denne månaden òg. God Helg!

lørdag 24. oktober 2026

Fin morgontrim til Rebni og Rebnesli

 

Rebni 

Rebnisli 

Skjolden frå stigninga til Rebni

Sidan vi er på besøk i Skjolden i helga gjekk eg meg ein morgontur til Rebni og Rebnesli i dag. Det er ein fin og passelig tur opp hit frå Skjolden. Trimposten ligg på 580 moh.

Det var berre 4 grader på morgonen, overskya og vindstille. Stien opp går for det meste på smal traktorveg. 

Frå Rebni er det fin utsikt mot Skjolden og heilt ut mot Molden. Kjekk trimtur opp hit på ca 2,5 timar. 

Foto Rebni og Rebnesli 241026

fredag 23. oktober 2026

Fjellgarden Ormelid

Ved Ormeli

Fjellgarden Ormeli 

 I dag besøkte Olaug og eg fjellgarden Ormelid. Inst inne og over Fortunsdalen i Sogn. Her har foregått eit utruleg flott restaureringsarbeid i mange år.  Plassen er høg-aktuell om dagen sidan filmen om Markens Grøde har premiere 30/10. Mykje av handlinga i filmen er filmatisert på Ormeli. 

Ormelid vart freda av Riksantikvaren i 2011. I dag er det stiftinga Ormelid Gard som eig garden. Sjå elles her.

Veret i dag var overskya, ca 8 grader og vindstille. Elles er vegen opp på fjellgarden som ligg på 450 moh ganske enkel. Det er traktorveg heile vegen. Går ein lenger kan ein gå opp til den spektakulære Ormelitunga Det hadde vi ikkje anledning til i dag. 

Det er nydeleg utsikt ut Fortunsdalen her i frå. Elles fekk vi oss ein god prat med ein kar som hogg ved. Andre var her ikkje å sjå i dag. Ein fin tur på vel 2 timar opp og ned. 

tirsdag 20. oktober 2026

Supert på Bakkefjellet

Flott utsikt mot Dale og Flekke - Rivedal nederst

Dagens selfie - Atløynipa og Dokka i bakgrunnen

Straumsnes og Holmedal

Eg køyrde til Holmedal i dag tidleg i 09 tida. Og frå vassverket fekk eg meg ein nydeleg tur til Bakkefjellet. Nokre få plussgrader på morgonen, knallblå himmel og morgonsol. Og nesten heilt vindstille. 

Stien opp på Bakkefjellet er god. Merka og forholdsvis tørr. I dag med nydelege haustfargar. Dokka og Moldura skein av gull i morgonsola. Bygdelaga låg stille og flott ved den nydelege fjorden. Fantastisk oktoberdag! 

Etter å ha toppa ut sette eg meg ei stund i grasbakken nedom toppen. Fekk skifta på meg nokre tørre klede. Og åt meg eit par skiver og litt melkesjokolade. Herlig. Og med den utsikta til sola og Dalsfjorden. Trur dette var flottaste dagen denne hausten. 

På veg ned igjen traff eg ein kvinneleg fjelltrimmar òg. Kjekt det. Fekk oss ein liten prat før turen gjekk ned att same vegen til vassverket. 

Foto Bakkefjellet 201026

søndag 18. oktober 2026

Sauesanking på Høgeheia

Ingebrigt, Roy, Arnljot, Vilde og Arvid

Rett vest av Høgeheia med utsikt til Atløy og Alden

På veg ned i Holevika

Eg vart med Roy og gjengen på sauesanking i Høgeheia traktene i dag. Vi starta frå Holevika i dag tidleg og gjekk der i frå opp bakkane til Høgeheia. Her delte vi oss litt strategisk til sidan vi visste at sauene gjekk i dalsøkka aust om toppen. Og for å møte dei slik at vi fekk dei på "kjøl" retning stien ned igjen i Holevika. Eg sjølv gjekk med Roy og Arvid B. med hundane sine. Etter litt fekk Arvid samla dei. Sauene tok nordsida av Høgeheia som vist på bilde 2. 

Sjølvsagt gjekk det fleire timar og litt att og fram før vi fekk sauene ned i innhegninga i Holevika. Men alt i alt gjekk det veldig bra. Så no gjenstår det å plukke ut vèrlamma og elles det som skal gå til slakt. Resten reknar eg med skal opp igjen sidan dei går ute heile året. Flott og sosial tur! Kjekt å kunne bidra med noko nyttig, og få fjellturen som bonus. Takk for laget!

Foto Sauesanking Høgeheia 181026

 

fredag 16. oktober 2026

Tørrskodd?

Dagens


Sola stakk gjennom i dag - her utsikt mot Granesundet i Askvoll - Atløy t.h.

Dagens Alden og Heggøy

Ja, det skal noko til å kome seg til fjells og heim att tørrskodd om dagen. Søkkblautt over alt! Og Furefjellet som eg var oppom i dag tidleg er ikkje noko unnatak. Gjennomvått, gjørme og sleipt underlag. Vel, vel bra og ha ei god vaskemaskin. 

Dette set sjølvsagt krav til gode sko frametter. For det tørkar ikkje opp no før det kjem frost. Og halvhøge sko (i det minste) er eit must. Elles er det fornuftig med gamasjar!  Ja, med noko anna på føtene blir ein søkk våt og gjørmete nede i skoa. Joggesko kan ein berre gløyme. 

Eg kom meg tørrskodd heim igjen i dag òg. Men dei beste og nyaste skoa måtte til. Elles var det faktisk opplett og delvis sol på turen. 8-10 grader og lett bris. Fin trim!

mandag 12. oktober 2026

Trimbok er komen til gards

Dagens 

Foto Ytrevågefjellet 121026

I dag gjekk turen frå Vågane ved dei gamle gruvegangane og opp bakkane til Ytrevågefjellet. Her har det lege ute ei fjelltrimbok siste året. Denne posten gjekk ut i går og er at dei som er erstatta med nye. Dei ser du her. Så storsekken måtte til for å få metallboksen og boka med ned igjen. Det er Dag Tore Mjåseth og John Lien som tek seg av "rekneskapet" for fjelltrimmen.

Det var ganske surt oppover i dag tidleg. Og undervegs fekk eg på meg regn. I tillegg til ein frisk bris vart det kaldt. Så på toppen fekk eg skifta på meg tørre klede. Og fram bar det med god vindtett hue og hanskar. Nokre fotoshot med mobilen så gjekk eg ned igjen same vegen. Fint kva som er gjort ein mandagsmorgon 😃



søndag 11. oktober 2026

Flott sesongåpning

 

Traff dette blide turfølget på veg til Furefjellet i dag tidleg
f.v. Mona Rørvik, Åse Rivedal Solheim, Magni Rivedal og Johan Nordvik

Eg køyrde i Holevika i dag tidleg for ein sesongopning av fjelltrimmen på Furefjellet. I delvis skya vèr, lett bris og 8 grader. Godt haustvèr med andre ord. Og det vart ein fin og grei tur opp på posten. Men det kan vere greitt å merke seg at det er ganske blautt i partiet utover frå skiltet ved vegskiftet mot Høgeheia. Her bør ein ha høge sko. Noko von om at det tørkar opp er vel lita. 

Noko overraskande var det at eg traff ein kar frå Ukraina då eg nådde toppen. Kanskje ikkje nett det eg hadde tenkt meg. Veldig bra! Og på veg ned igjen mot Holevika fekk eg meg ein prat med det kjekke turfølget som vist ovanfor. På parkeringsplassen var det endå fleire som skulle på tur. Supert! Det er elles utruleg bra at ein har fått opparbeidd skikkeleg parkering her ute. Det var det stor trong for. Applaus til kommunen og Arve Åsnes som har fått dette til 👋

Då får vi håpe og tru at den nye fjelltrimsesongen ber frukter. Og at mange hiv seg på. Flott åpning i dag. 


torsdag 8. oktober 2026

Bokslepp på Størdalsstauren


Størdalsstauren i soloppgang i dag tidleg - foto frå Mjåseth

Eg ser heim att til raudehuset vårt midt i bildet

Dagens selfie på Størdalsstauren

I dag tidleg var eg ut til Dag Tore Mjåseth og henta ny fjelltrimbok og metallboks som skulle utplasserast oppe på Størdalsstauren. Registreringane for den nye 26/27 sesongen startar 11.oktober. Dag Tore hadde sett opp merkepinnar for nokre dagar sidan. 2.oktober vart elles boka på Furefjellet lagt ut. Begge desse fjella er nærast for heimebane å rekna for oss i Stongfjorden. Frå sofakroken ser eg så fint over fjorden og opp på Størdalsstauren. 

Eg har jo gått ein god del på Størdalsstauren opp gjennom åra. Spesielt når fjellet kvart sjuande år har vore fjelltrimpost. Men det er vel ikkje til å underslå at dei bratte bakkane rett opp frå fjorden gjekk adskilleg lettare før i tida enn i dag (vel, ok er er litt forkjøla då 😅). Det var nemleg eit blodslit opp dei gjennomvåte bakkane. På slutten oppe på dei humpete terrenget vestover mot toppen gjekk det litt lettare då eg fekk sola i ansiktet 😎.

Utsikta frå Størdalsstauren er nydeleg (sjå video under frå i dag og samleserie). M.a. sørvestover til Jamneheiane, vestover til Alden, Hovden på Atløy og Heggøyna. Vidare Staveneset og Høgeheia. Inn Stongfjorden, heim til Yndestad og inn til sentrum. Osland ser ein i nordaust. Og mot søraust ser ein nordsida av Moldura. Elles er det fin utsikt over mot Toreheia i nord og øyriket i Florø. Berre for å nemne litt. 

No får vi håpa at mange hiv seg på den nye fjelltrimsesongen. Denne forma for fysisk og psykisk fostring er absolutt å anbefale å bli med på. God tur!



fredag 2. oktober 2026

Merketur på Furefjellet

Dagens selfi i havbrisen....😎

 

Furefjellet ligg ytst på Stavenesodden med utsikt til m.a. Alden og Heggøyna

...og Granesundet i sør. Vi ser Askvolfjella t.v. og Atløy t.h.

Fin merketur og rydding av stien til Furefjellet i dag. Fjellet er post på den nye fjelltrimmen for 26/27. Pinnar med raud måling er kome på plass. Og litt einer og busker ved stien er klipt.

Det er som regel friskt å kome ut til det ytste fjellet på fastlandet i kommunen. Sjeldan vindstille her. 


Stien til Furefjellet føl elles bakkane opp frå Holevika på same traseen som til Høgeheia. Men tek av frå denne rett nedom granfeltet og går vidare opp bakkane mot vest (Stien til Høgeheia går gjennom det vesle granfeltet og tek opp mot aust). No skal stien til Furefjellet vere godt merka for alle til å ta seg opp hit. Hugs likevel at det stadvis er noko blautt i terrenget oppe mot vest. Så småsko egnar seg ikkje. Trimbok er lagt ut. Men posten er gjeldande frå 11.10. 

God tur! 


Gjengen i Katalonia

Her er gjengen på Montserrat. Det kom tre, fire etter at bildet var teke. 
Vi var ein super gjeng denne veka. Tusen takk for turen. Den gav meirsmak!


Her er vi alle samla minus 1 person
På Costa Brava og eit stykke før Callela de Palafrugell 

onsdag 30. september 2026

Oktober

 

Soloppgang som speglar seg i Krokavatnet.
Vi ser Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla.


Oktober er her. Og vi kan ta ein tur innom bildearkivet for denne månaden også.