![]() |
| Ingebrigt, Roy, Arnljot, Vilde og Arvid |
![]() |
| Rett vest av Høgeheia med utsikt til Atløy og Alden |
![]() |
| På veg ned i Holevika Eg vart med Roy og gjengen på sauesanking i Høgeheia traktene i dag. Vi starta frå Holevika i dag tidleg og gjekk der i frå opp bakkane til Høgeheia. Her delte vi oss litt strategisk til sidan vi visste at sauene gjekk i dalsøkka aust om toppen. Og for å møte dei slik at vi fekk dei på "kjøl" retning stien ned igjen i Holevika. Eg sjølv gjekk med Roy og Arvid B. med hundane sine. Etter litt fekk Arvid samla dei. Sauene tok nordsida av Høgeheia som vist på bilde 2. Sjølvsagt gjekk det fleire timar og litt att og fram før vi fekk sauene ned i innhegninga i Holevika. Men alt i alt gjekk det veldig bra. Så no gjenstår det å plukke ut vèrlamma og elles det som skal gå til slakt. Resten reknar eg med skal opp igjen sidan dei går ute heile året. Flott og sosial tur! Kjekt å kunne bidra med noko nyttig, og få fjellturen som bonus. Takk for laget! Foto Sauesanking Høgeheia 181026 |



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar