torsdag 8. oktober 2026

Bokslepp på Størdalsstauren


Størdalsstauren i soloppgang i dag tidleg - foto frå Mjåseth

Eg ser heim att til raudehuset vårt midt i bildet

Dagens selfie på Størdalsstauren

I dag tidleg var eg ut til Dag Tore Mjåseth og henta ny fjelltrimbok og metallboks som skulle utplasserast oppe på Størdalsstauren. Registreringane for den nye 26/27 sesongen startar 11.oktober. Dag Tore hadde sett opp merkepinnar for nokre dagar sidan. 2.oktober vart elles boka på Furefjellet lagt ut. Begge desse fjella er nærast for heimebane å rekna for oss i Stongfjorden. Frå sofakroken ser eg så fint over fjorden og opp på Størdalsstauren. 

Eg har jo gått ein god del på Størdalsstauren opp gjennom åra. Spesielt når fjellet kvart sjuande år har vore fjelltrimpost. Men det er vel ikkje til å underslå at dei bratte bakkane rett opp frå fjorden gjekk adskilleg lettare før i tida enn i dag (vel, ok er er litt forkjøla då 😅). Det var nemleg eit blodslit opp dei gjennomvåte bakkane. På slutten oppe på dei humpete terrenget vestover mot toppen gjekk det litt lettare då eg fekk sola i ansiktet 😎.

Utsikta frå Størdalsstauren er nydeleg (sjå video under frå i dag og samleserie). M.a. sørvestover til Jamneheiane, vestover til Alden, Hovden på Atløy og Heggøyna. Vidare Staveneset og Høgeheia. Inn Stongfjorden, heim til Yndestad og inn til sentrum. Osland ser ein i nordaust. Og mot søraust ser ein nordsida av Moldura. Elles er det fin utsikt over mot Toreheia i nord og øyriket i Florø. Berre for å nemne litt. 

No får vi håpa at mange hiv seg på den nye fjelltrimsesongen. Denne forma for fysisk og psykisk fostring er absolutt å anbefale å bli med på. God tur!



Ingen kommentarer: