Traff dette blide turfølget på veg til Furefjellet i dag tidleg f.v. Mona Rørvik, Åse Rivedal Solheim, Magni Rivedal og Johan Nordvik
Eg køyrde i Holevika i dag tidleg for ein sesongopning av fjelltrimmen på Furefjellet. I delvis skya vèr, lett bris og 8 grader. Godt haustvèr med andre ord. Og det vart ein fin og grei tur opp på posten. Men det kan vere greitt å merke seg at det er ganske blautt i partiet utover frå skiltet ved vegskiftet mot Høgeheia. Her bør ein ha høge sko. Noko von om at det tørkar opp er vel lita.
Noko overraskande var det at eg traff ein kar frå Ukraina då eg nådde toppen. Kanskje ikkje nett det eg hadde tenkt meg. Veldig bra! Og på veg ned igjen mot Holevika fekk eg meg ein prat med det kjekke turfølget som vist ovanfor. På parkeringsplassen var det endå fleire som skulle på tur. Supert! Det er elles utruleg bra at ein har fått opparbeidd skikkeleg parkering her ute. Det var det stor trong for. Applaus til kommunen og Arve Åsnes som har fått dette til 👋
Då får vi håpe og tru at den nye fjelltrimsesongen ber frukter. Og at mange hiv seg på. Flott åpning i dag.
|
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar