![]() |
| Dagens |
![]() |
| Sola stakk gjennom i dag - her utsikt mot Granesundet i Askvoll - Atløy t.h. |
![]() |
| Dagens Alden og Heggøy |
Ja, det skal noko til å kome seg til fjells og heim att tørrskodd om dagen. Søkkblautt over alt! Og Furefjellet som eg var oppom i dag tidleg er ikkje noko unnatak. Gjennomvått, gjørme og sleipt underlag. Vel, vel bra og ha ei god vaskemaskin.
Dette set sjølvsagt krav til gode sko frametter. For det tørkar ikkje opp no før det kjem frost. Og halvhøge sko (i det minste) er eit must. Elles er det fornuftig med gamasjar! Ja, med noko anna på føtene blir ein søkk våt og gjørmete nede i skoa. Joggesko kan ein berre gløyme.
Eg kom meg tørrskodd heim igjen i dag òg. Men dei beste og nyaste skoa måtte til. Elles var det faktisk opplett og delvis sol på turen. 8-10 grader og lett bris. Fin trim!



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar