tirsdag 31. mars 2015

Vèret vesna...





Om det var knallflott på Skålefjellet i går morgon, var det slett ikkje så fint på Indrevågefjell i dag. Ja, eg tok opp den gamle ruta frå Osland etter gamalt, då det var ei stund sidan eg hadde gått opp fjellet her. Det var nokolunde bra vèr då eg begynte på bakkane, men det tjukna fort til. Eg var i grunn tenkt vidare innover til Middagsnipa, men eg gav meg på det då vèret vesna slik. 

Elles retta eg opp igjen ein del av dei gamle vardane eg sette opp etter sist toppen var fjelltrimpost. Det kan jo hende det går folk her sjølv om fjellet ikkje er trimpost i år. Turen er iallefall fin den.

mandag 30. mars 2015

Nydeleg morgontur

Skålefjellet i dag tidleg




Og her andre vegen....

Utsikt vestover mot Moldura





Litt anna klima nede i Gjerdedalen enn ovanfor...

Eg gjekk ein fantastisk flott morgontur på Skålefjellet i dag tidleg opp gjennom Gjerdedalen til Mannskaret, og svinga opp mot Skålefjellet ovanfor andre elva. Det ligg endå alvorleg med snø her oppe, men det gjekk heilt fint å gå opp med broddar. Under eit lite lag med nysnø heldt skaren rimeleg bra etter minusgradene i natt. Det heldt med denne turen i dag då eg hadde litt andre ting på programmet òg...

søndag 29. mars 2015

Kvitt og blått





Eg gjekk den vanlege ruta heime frå på Toreheia og Skylefjellet i dag. Fasinerande kor vèret skifta. Ei vanvittig snøbyge på toppen av Toreheia og eg såg ingenting, til eg kom ned igjen på Krikavatna og sola skein. Ganske utruleg kor fort det skifta. Eg fekk ei ny solid dose ved Mangevatna, så iskrystallane svei i fjeset. 

Elle traff eg bra med folk på veg til trimposten på Skylefjellet då eg kom ned igjen under Rinda. Kjekt å sjå at folk nyttar området her oppe. Det er ganske unikt.

lørdag 28. mars 2015

Havluft




 



Eg tok turen frå Holevika og på Høgeheia i dag, vidare til Lia og Grimelia. Opplett og ganske bra vèr.. Nokre regndropar no og då, men ganske frisk bris. 

Dette landskapet er fargemessig omlag no som det var i haust. Brunt og nake. Med væte, myr, hamrar og sva. Sørgeleg lite liv å sjå no. Det einaste var ei forkava kjøtmeis ute i Lia. Og ein svartbak ute i Vågen. No får vi sjølvsagt håpe på at det kjem seg om litt når trekkfuglane kjem. For det kjem vel nokre i år òg, sjølv om dei er i tilbakegong. 



torsdag 26. mars 2015

Driveknolten 2015 (gamle og nye bilder)


Såg Vigdis hadde lagt ut bilde frå Driveknolten på Instagram i går. Så eg fekk det like godt føre meg å lage ein versjon av gamle bilder frå same plassen + nokre nye frå i fjor haust og i år. 
Gode og gamle minner sidan eg berre sleng innom desse trimpostane av og til no. 
Mesteparten av bilda er frå 2008.

onsdag 25. mars 2015

Nyydelege Toreheia






Fantastisk flott tur opp "trimløypa" mi på Toreheia etter arbeid i dag. Det heldt akkurat med lyset heim igjen. Det ligg berre nokre flekkar med snø på denne sida av Stongfjorden no, medan det på hi sida ligg rikeleg oppe i Moldura-traktene. Så her er det høve til å gå både på føtene og på ski til påske. No ser diverre vèrmeldigane heller skrøpelege ut, så det spørst på turvèret. Men ein tur eller to skal det alltid bli råd med uansett. 


tirsdag 24. mars 2015

Sel i solnedgang

Sel i solnedgang



Eg tok meg ein tur på Staveneset og tok nokre bilder i kveld. Her er dei:



søndag 22. mars 2015

Wooow det var vilt

...på Skylefjellet i dag tidleg. Sludd, rennefok og kraftig vind. Med heile sulamitten i fjeset ned igjen, var det berre å peise på heim att i dusjen. Puuhh!

Snutt Skylefjellet 220315




lørdag 21. mars 2015

Herleg broddeføre

Osland
Skålefjellet og Stongfjorden

Skavlar på toppen av Skålefjellet

Jomfrueleg på Skålefjellet i dag tidleg

Skålefjellet
Moldura

Rett vest om toppen av Fagredalen

Nydeleg på Moldura i dag

Dalsfjorden med Straumsnes og Dokka t.h.

I dag valde eg å gå opp Brekka frå Oslandsbotnen, og ta vestover Nipane til Skålefjellet. Mest fordi eg då hadde sola heile vegen. Sjølv om det bles litt austavind var det nydelege forhold. Hard skaresnø, delvis bare hamrar, og med sola i ryggen, gjekk det veldig fint opp på Skålefjellet (sjå fotoserie).

Frå Skålefjellet gjekk eg ned til Skålefjellsvatnet og oppatt Mannskaret, og heldt fram til Fanafjellet. Opp skaret var det knallhard skare og unnasols. Likevel gjekk det heilt greitt med broddar under føtene. Vèl oppe og vestover til Fanafjellet, var det ein sann nytelse igjen å gå i det flotte og solrike vèret. Rett nok bles det litt meir austavind her ute, så eg måtte ta på meg ei jakke og ei hue for ikkje å dra på meg eit kvart ilt til påske...:-) 

Så gjekk eg traversen vestover under Moldura, og tok opp austsida her. Fantastisk flott med 5 cm ganske hard nysnø opp igjen på skaren. Eg var veldig glad for at eg hadde hugsa på solbrillene. Sollyset frå den nye snøen var intenst. Eg sat nokre minutt ved varden, før eg tutla meg ned igjen på vestsida av fjellet, og den vanlege ruta til fjorden ved Neset. Heldigvis var Olaug heime så eg fekk skyss til Yndestad att. Bilen som stod oppe i Oslandsbotnen henta vi seinare. Perfekt fjelltur!


søndag 15. mars 2015

Flott morgon




Eg gjekk meg ein flott morgontur på Moldura i dag tidleg. 
Ansgar Bjarne Høivik
Vekslande forhold med fòksnø, skare og is. Fint med broddar under føtene. Nydeleg solskin det meste av vegen frå nordsida. 

Eg traff Ansgar Bjarne på den relativt tidlege returen min. (Vi skulle feire 15-års dagen til Peter heim og venta stinn brakke). Men vi slo av ein prat på ein bar bakke der i solskinet, før vi gjekk kvar vår veg. 

Ansgar Bjarne har merka veldig godt opp frå Neset i Stongfjorden til Moldura. Dette er ein utruleg flott trassè som eg anbefalar alle å prøve. Nordsida av fjellet har fantastiske renn for dei som likar ski. Mykje betre enn framsida mot Dalsfjorden.

Flott og herleg trimtur i dag, og heime igjen klokka 11.30.

lørdag 14. mars 2015

Dagen derpå








I dag gjekk eg den fantastiske ruta frå Osland til Ytrevågefjellet og vidare på Toreheia til Skylefjellet. I eit reint utruleg flott vèr. Stilt og fint. 

På denne sida av Stongfjorden ligg det no lite snø. Det går fint an å gå på berre føtene. Heile vegen er det sol. I dag var det reine påskestemninga. Og folk med ungar traff eg òg. Det er fint oppe i solbakkane no...



Ein minnerik dag

Gravferda til pappa vart ein minnerik dag. 
Bilder frå kyrkja og samlinga etterpå lèt eg vere av privat art.
Hjartet Anita hadde laga får vere det einaste eg legg ut frå stunda i denne omgang.

torsdag 12. mars 2015

Andre turar...

Gud i Eden

Sola til minne

Arven av vår

Siste tur

Det har blitt lite fjellturar i det siste. Eg har heller vandra litt i mitt indre. Ovanfor er poesi frå dei siste dagane. Fjellturar tek eg att når den tid kjem. Gleda i den indre naturen må gå i eitt med den ytre...utan stress! Poesien min ligg kanskje som du veit på LysandeStemningar.


.