søndag 30. desember 2018

Grått og vått

Kjentfolk på veg opp på Ytrevågefjellet i går

Sterke krefter i sving på Stongsåsen

Olaug på veg opp bakkane til Ytrevågefjellet
Etter to dagar på jobb denne romjula, gjekk Olaug og eg på Ytrevågefjellet i går. Grått og vått. Men likevel heldige ved at vi akkurat unngjekk regnet som møtte oss heime igjen. Så vart det tur til Dale i romjulsselskap hjå syster mi. 

I dag gjekk vi oss ein tur over Stongsåsen. For å få oss litt frisk luft. Uansett vèr og vind gjer det godt å gå seg ein tur. Julevèret er som det er. Men sola har no snudd, så då er det vel håp i hangande snøre. 




lørdag 29. desember 2018

På dansefot

"Shitbird"

Øyvind Selvik og Halvard Lunde

Ingrid Yndestad

Marie og Siv kosa seg på fest i
grendahuset i Vårdal
Jan Steffen og Ingrid
Eg tok turen på julejam i Vårdal Grendahus i går kveld. Mest for å høyre stongfjordingane Alice Vie, Ingrid Yndestad og Håvard Yndestad, eldste son til Olaug, og Egil Furnes og Jan Steffen Helle. Bandet har dei kalla "Shitbird" (sjekk Google). Og for eit kjempeflott inntrykk dei gjorde. Folk var med til tusen framfor scena, og stemninga stod i taket. Veldig bra.

Men først fekk vi med oss nokre låtar laga av Øyvind Selvik og Halvard Lunde med band. Låtane skal det bli plate av. Veldig bra musikk og skikkeleg spanande prosjekt. 

Dei to siste gruppene for kvelden hoppa eg over. Eldre folk bør vel helst i seng før klokka 24. Så eg køyrde heim igjen åleine og nådde det akkurat. Olaug, Peter og Marie fville bli igjen. Dei kom i eigen bil seinare på natt. Og Marie og Peter som ikkje trudde eg kunne danse... 👴Kjekk kveld 😅 


Alice Vie

Håvard og Ingrid
Håvard og Egil




Egil, Jan Steffen og Håvard







Video i 4K
Lyd avgrensa

Foto Julejam 28/12-18

onsdag 26. desember 2018

Jula 2018



I år var Torbjørn, Ingrid Anita og Håkon saman med Marie med oss i jula. Og 1. Juledag var vi samla heile gjengen med barn og barnebarn. Mine tre og Olaug sine tre barn + partnarar + Peter med tilsaman 8+4 barnebarn. Ja, så må eg ikkje gløyme mor mi som òg var med oss. På morgonen måtte Ingrid Anita reise til Bergen igjen for nokre vakter. Og Øyvind til Marie var i Molde. Men som de skjønar var vi ein heil skokk. 1.Juledag er den dagen i året huset vårt egentleg er litt lite...😅

Ovanfor har eg samla nokre bilder eg har teke. 


søndag 23. desember 2018

Dagen før dagen





Det klårna bra opp ut på dagen her i ytre strok. Og før middag fekk eg tid til ein snartur på Høgeheia på Stavenesodden. Der var det både julesnø og vintersol. Pluss litt skodde då eg nådde toppen. Men den klårna opp som dogg for sol medan eg stod der. Så fekk eg sjå sola i dag òg - dagen før dagen.



lørdag 22. desember 2018

Grå førjulsdag

Holmedal i dag

Atløy, Alden og Askvoll
I dag fekk eg prøve dei nye Lowa Tibet vinterskoa mine. Dei er isolerte med Prima Loft. Skoa innfridde til gangs på turen til Moldura frå Neset i Stongfjorden. Sidan tærne mine har fått seg mange forfrysningar, er eg veldig plaga med kalde føter. Men desse skoa er dei beste vinterskoa eg har hatt. Eit tynt par Nike dry fit sokkar, med brødpose utanpå, og Smartwool Extra Heavy Crew sokkar gjorde susen. Skoa er eit halvt nummer større enn min vanlege storleik.

Turen elles? Såg ikkje eit levande vesen. Verken dyr, fugl eller folk. Veret grått. Fin trimtur då.

torsdag 20. desember 2018

God Jul





I gathered some shots from this year to a slideshow.
They are somewhat random collected.

I wish you all a Merry Christmas 
and a Happy New Year!

💖

onsdag 19. desember 2018

Vinter på Fossedalshengenipa



Nokre foto frå Fossedalshengenipa på vinterstid

søndag 16. desember 2018

Litt av kvart

Mangevatna

Isen heldt på Mangevatna i dag

Wilken-hytta midt i bildet
Det bles på Skylefjellet i dag
 Det vart tid til ein tur på Skylefjellet i dag etter diverse juleførebuingar heime. Juletreet måtte sjølvsagt på plass. I tillegg sette fruen meg til å støvsuge i kjellaren... Og det tok jo si tid.... 

No var det ikkje akkurat særleg fristande med nokon lengre fjelltur i dag heller då. Den kalde austavinden kvein rundt huset. Og når det durar oppe i fjellsida heime veit eg akkurat kva eg møter oppe på fjellet. Med ein temperatur rundt frysepunktet på morgonkvisten sa resten seg sjølv. 

Men ei helg utan noko slags form for friluftsliv sit langt inne. Så eg nådde i sola likevel. Om so det bles aldri så mykje rundt øyrene. Roa og samvitet kom seg òg då. 


Foto Skylefjellet 161218

Sol på Rinda, men Stongfjorden ligg no i skugge...

Julekonsert i Holmedal

Montesorriskulen i Holmedal med Øyvind Selvik på gitar.
Primus motor for konserten, Henriette Hatlevoll, til venstre.

Askvoll Musikklag

Atløykoret hadde ein kjenslemessig versjon av "Himmelen faller ned"

Erlend Ona Gjul og Atløykoret.
Erlend ynskte òg velkomen. 

Gruppa "Skøy"

Orgelet i kyrkja i Holmedal er ein kulturskatt!

Det vanka blomar og takk
ds

Det er varmt og godt å kunne samlast i kyrkja fram under jul. Samlast til song og spel. I mørketida treng vi å vere nær. At fleire tykkjer det synte også att i den smekkfulle kyrkja i Holmedal i går. Det var stor stas å få vere tilskodar til årets Julekonsert. Ja, eit par gonger måtte eg tørke tårene. 

Julehøgtida er tid for refleksjonar. Nok eit år er omme. Og når ein etter kvart er blitt godt vaksen, går desse åra ekstra fort. 

Noko nærare inn på sjølve konserten let eg liggje. Det blir feil å dra fram enkeltutøvarar. Men det er alltid stor stas når ungane syng i kyrkja til jul. Dei var flinke. Innhaldet i den drygt halvannan time lange konserten ser du her: 


Stor takk til sponsorane.

Elles kom det fram at orgelet i Holmedal Kyrkje er veldig spesielt. Faktisk berre eitt av tjuefem orgel som er laga. Orgelet vart i si tid flytta frå Sandviken til Holmedal. Og er kun eitt av fire som enno er intakt. Orgelet i Holmedal er difor ein særeigen kulturskatt! Men det treng no vedlikehald. 

Det var kollekt ved utgangen. Til kyrkja og orgelet. Diverre er det slik i dag at mange av oss ikkje går rundt med kontantar. Personleg fekk eg difor ikkje gitt midlar til dette no. Oppfordringa må vere å starte ei kronerulling, eller få opplyst eit kontonummer/Vipps, slik at vi alle kan få gje midlar til dette gode føremålet. 

Takk for ein fin kveld og God Jul til alle. 

Primus motor Henriette Hatlevoll
Videoklipp
(du kan sjå dei i 4k på TV i litt svakt lys)





onsdag 12. desember 2018

Skuld julestjerna


Det har seg slik at for å få lys i julestjerna utanfor huset og lyskrimskramset på gelenderet (som dei andre i huset absolutt vil ha), så kjem tilkoblingane til vaskemaskin og tørketrommel på vaskerommet til kort. Etter forrige helgs turar hadde eg difor kvaler kva eg skulle velje av å vaske ullkleda mine eller ha lys i julestjerna. Sidan vi venta besøk i høve Olaug sin gebursdag, valde eg å vise fram den flotte tyske julestjerna vi fekk av familien Barwitzki sist dei budde hjå oss. Eg la difor alle kleda i vaskemaskina til dagen etter for å vaske dei då. 

Vel eg gløymde heile greia, og tenkte ikkje meir på det, før Olaug eit par dagar seinare sa at ho hadde hengt opp kleda mine i kjellaren og uttrykte "at eg kunne no ha gjort det sjølv". Jammen sa eg dei er ikkje vaska! 

No hadde det seg òg slik at eg fekk halsbetennelse etter turnèen forrige helg, og togg pencellin  heime eit par dagar. Så eg fekk no anledning til å ta kleda ned frå snorene i kjellaren å vaske dei. Som sagt så gjort (det vil seie eg gløymde sjølvsagt å slå på vatnet til maskina så programmet var ikkje starta første gongen eg skulle henge dei opp). Men opp på snora kom dei no til slutt. Ferdig vaska. Godt jobba tenkte eg. 

Då Olaug kom heim frå jobb og lurte på korleis dagen min hadde vore, kunne eg fortelje at eg endeleg hadde teke kleda ned frå snora i kjellaren og vaska dei og hengt dei opp igjen (og venta eit bra eller noko slikt). Men det gjorde no eg i går seier ho! Eg vaska dei og hengde dei opp då! Men, men, då er dei no vaska to gonger seier eg...! (Vel det kan no vere godt med lukt av Milo til jul ). Men når alt kjem til alt så er det julestjerna si skuld... Eg kan ikkje skulde på andre...😁

mandag 10. desember 2018

Song og spel

Skuleungane m.m.

Lasse Vie
Idun Losnegård



Det var streng justis i skulestova





Og så gjekk vi rundt om juletreet
Skålefjellsnissen



Johan Moen m/følgje





Stongfjorden viste seg i går frå si beste sida då skulen vart heidra for sine 100 år. Sjølv om skulen no er lagt ned blir den i framtida sett pris på i form av eit museum. Lasse Vie fortalde litt om skulen si historie. Det kom mellom anna fram at skulen hadde både vassklosett og gymnastikksal. Få om nokon skular i distriktet kunne oppvise til maken for 100 år sidan. Dette var takk British Aluminium Company. Dei lokaliserte den første aluminiums-produksjonen i landet til bygda. Skulen hadde i si tid 80 elevar. Bygdefolket kjempa ein langdryg kamp for skulen sin, men skulen vart diverre vedteken nedlagd sommaren 2013. 

I høve markeringa av skulen var det laga til teater med framsyning frå skulestova i gamle dagar. Johan Moen og Idun Losnegård stod i bresjen for dette. Johan spelte sjølv hovudrolla som lærar Grimelid. Imponerande spel av lærar og ungar. No var det ikkje plass til meir enn 40 tilskodarar i skulestova, så spelet måtte visast to gonger. Kanskje blir det og høve til å sjå spelet seinare. Sjølve stykket, Mesopotamia, er skrive av Rolf Losnegård. I høve dette  har Stangfjord Teater sett dagens lys.  

Medan første pulje tilskodarar hadde sett ferdig stykket, venta vi på den andre med kaffi og sosialt samvere i grendahuset. Og når så stykket var ferdigspela for andre gong, vart julegrana tend. Vi song så julesongar og gjekk rundt julegrana. Som vanleg dukka Skålefjellsnissen opp med gåver til dei minste. I år var klementinane bytta ut med godteposar. Det virka som ein suksess....

Deretter var det tid for basar i Grendahuset. Med kaffi, saft og kaker. Og eit overfylt gevinstbord gjekk frå ende til ende i salen. Til sist var det dei som ytte frampå at trekningane varde så lenge at ein ikkje fekk sjå Farmen. Men det gjekk visst til slutt det og. Gro Eikebø Stang drog trekningane sikkert i land. 

Takk til alle for ein fin kveld. 



lørdag 8. desember 2018

Magisk

Flott morgonlys over Skålefjellet

Litlevatnet og Moldura

Og så kom skylaget.
Frå nord denne gongen...

Nydeleg tur på Toreheia i dag føremiddag. Retur over Yndestadhøgeheia og Selda. Som vanleg flott trimtur frå døra heime. Litt vått. Litt snø på toppen. Men nesten vindstille. Ja, jammen fekk eg sjå sola òg. 

Det er alltid like kjekt å gå opp her heime.