mandag 27. november 2023

Desember i bilete

Så står desember månad for døra. Ubrukt og ny. Det lyser i stille grender - og litt julekav. 

Her er ei samling bilete frå denne månaden. 

torsdag 23. november 2023

Dalstunet er eit monument fattigare





Foto frå trivlegare omstende i Dalstunet enn i dag.

Grana i Dalstunet var ikkje berre julegran. Ho var ein monumental del av sjølve tunet. Historisk. Planta av Harald Dale i 1929. Og som vi alle har sett av stammen på det nedsaga treet var ho frisk og fin. Spørsmåla er mange til dette endeliktet. Her berre eit par. Kvifor vart det ikkje hyra inn fagfolk for å vurdere tilstanden til treet før det låg der? Kvifor visste ikkje ordførar og kommunedirektør "noko som helst" før treet vart kappa? På tur til Oslo måtte det vere ei selsom oppleving å skjøne kva som gjekk føre seg heime!
Beklagar å seie det - slik saka står no er ho pinleg. Pinleg for administrasjonen. Pinleg for omdømet til kommunen. Trasig for oss som var glade i grana. Og ikkje minst er det trasig at det går rykte på bygda "om kven som står bak". Det må det bli slutt på. Men så lenge korta ikkje blir lagde på bordet av dei ansvarlege, vil dette ligg der som ei ilske. Treet blir ikkje gløymt sjølv om det blir nyttår! 
Uansett ynskjer eg alle ei tidleg God Jul helsing
P.S. Eg håpar dialogen i kommunen, både internt og eksternt, blir handsame betre ved neste korsveg.

tirsdag 21. november 2023

Ufatteleg hærverk...

Julegrana til høgre. Planta 1929.
Her er eit bilete frå 1957 frå Dalstunet. Året eg var fødd. Julegrana i bakgrunnen t.h.. Fotograf Atle Hjelmeland. Biletet ligg på Fylkesarkivet med denne teksten:: Herlege ungar, godt kledde i skinnluer og oljebukser. Snøen ligg endå i Dalstunet. Dei 
står framfor gamle stova til 'Bonden i Dale', som Johan Dale vart kalla. Den er diverre riven. F.v. Tove Fossedal, Per Dale, Frank Fossedal, Mona Thomassen, Olve Fossedal og William Dale.

Teikning Olav Skaar januar 1954 - julegrana t.v.

Etter å ha skrive dette blogginnlegget 12/11 om gamleløa og julegrana, kan eg berre konstatere at det tok 9 dagar før ein fann ut at julegrana måtte vekk. Vi som har vakse opp i Dalstunet for over 60 år sidan har hatt grana som eit kjært symbol for Dale. Den var ca 90 år.
Etter å ha styrt raseriet mitt i heile dag, og inn i mellom nekta for at det var sant at grana var vekke, tok tårene meg fatt då Roald Standnes posta det flotte biletet med julegrana i bakgrunnen. Ein tradisjon med jula er vekke for alltid!
Utan å henge ut nokon i gapestokken synest eg den nye ordføraren Leif Jarle Espedal bør gå ut å beklage det som har hendt. Timinga med saginga var usedvanleg dårleg vurdert.


mandag 20. november 2023

Album Dalsstølen og ELRAKI - frå Fossedalen - i grøne far


Dalsstølen i vinterskrud

Elsbeth Paulus på ELRAKI

Eg har laga eit par album frå Dalsstølen og ELRAKI-hytta. Bileta ligg på Facebooksida til Fossedalen - i grøne far. Dette er mest historiske bilete.

tirsdag 14. november 2023

Ei dose D-vitamin

Litt vind og godt med dun på toppen 

Ved Litlevatnet og Svartevatnet

Ved Krikavatna

Krikavatna og Mangevatna ytst ute -
Yndestadhøgeheia t.v. Skylefjellet t.h.

Vi nærmar oss toppen - litt snø
Alden, Stavenesodden og Yndestadhøgeheia i bakgrunnen

Yndstadhøgeheia - Flott utsikt til Krikavatna og øyriket i Florø - Skylefjellet i midten

Olaug hadde fri denne flotte tirsdagen, så det vart til at vi gjekk på Toreheia. Fjellet som ligg på nordsida av Stongfjorden "her heime". Det er fjelltrimpost for denne sesongen. 

Det var frost i bakken, litt austleg drag i lufta, og eit par plussgrader då vi gjekk frå Yndestad. Som eg tenkte fekk vi morgonsola oppe ved Rinda. Nydeleg! 

Vidare oppover hadde vi sola til vi runda opp den nordlege merka ruta til Krikavatna. Her var sola borte eit parti. Også delvis opp første del av dalen, før vi fekk ho att lenger oppe. Litt trekk var her. Og issvullar. Men heilt problemfritt utan broddar. Supert når myrar og vatn er frose på i terrenget. Oppe ved toppen låg det elles litt gamal snø. Ved varden vart det fult klesskift. Til tørre ull- og dunklede. 

Etter sedvanleg foto tok vi den andre ruta ned igjen. Den som går over toppane på Yndestadhøgeheia. Med flott utsikt heim igjen. Sol heile vegen! Og frå Yndestadhøgeheia ned til den første ruta ovanfor Svartevatnet og til Rinda igjen. Nydeleg tur!

Yndestadhøgeheia - heim til Yndestad t.v.

 Foto Toreheia 141123

søndag 12. november 2023

Gamleløa 2

 

Gamleløa i Dalstunet med julegrana til venstre. Januar 1954.

Eg skreiv eit blogginnlegg om gamleløa til Harald`n i Dale for ei stund sidan. Og kom i dag på at pappa teikna eit bilete av løa frå kjøkkenglaset heime. Her er eit mobilfoto av biletet. 

Pappa var flink til å teikne og måle. Og var egentleg kunstnar i sjela. Men vart lærar for å brødfø ein stor ungeflokk. Pappa gjekk vekk 3.mars 2015. 

Som eit minne om ein kjær pappa tek eg fram igjen biletet av gamleløa, gamle Dalstunet, julegrana og den flotte Kringla. Finaste fjellet ved Dalsfjorden. Og ynskjer alle fedre ein god farsdag. 

P.S. Av biletet ser vi  julegrana i Dalstunet. Januar 1954. Den står den dag i dag.   

onsdag 8. november 2023

Krokavatnet


Krokavatnet (1)
Eitt av dei mest sentrale fjellvatna i kommunen er Krokavatnet. Vatnet strekkjer seg nord/sør i den austlege delen av kommunen. Det ber sitt namn med rette… 
I høve kommunereguleringa mellom Askvoll og Fjaler 1/1-90, vart vatnet overført frå Fjaler til Askvoll. Vatnet har høg grad av solinnstrøyming. Det er såleis rikt på fin fjellørret. Nedfallsfeltet til Krokavatnet er truleg det siste i kommunen som ikkje er regulert til kraftutbyggjing. Det renn ned i Fossedalsvatnet og vidare til Dalsfjorden.
I eldre tider var Krokavatnet sentralt ved at den gamle ferdselsåra mellom Dalsfjorden og Førdefjorden gjekk langs vatnet. Det er fortalt at mange som skulle på sildefiske ved Florø-kanten nytta denne ruta då denne vegen er den kortaste vegen nord/sør. I tillegg ligg vatnet og fjellpartiet som det lågaste i lendet nord/sør. I gamle dagar var vatnet mykje nytta til å frakte høy vinterstid. Høy som mellom anna Fossedalsgardane slo på fjellteigar, og la under hellarar til frakt om vinteren med hest og slede.
Krokavatnet og Fossedalshengenipa m.m

Som med Fossedalsvatnet er det sti på både vest og austsida av vatnet. Kloppa i sør og Krokvasstølen (Svortevikstølen) i nord er sentral punkt der du kan velje kva side av vatnet du vil gå. Den merka DNT ruta mellom Nipebu og Massbu går òg over kloppa (sjå bildeserie). Kva side av vatnet som var mest nytta i eldre tider er uvisst. Truleg var det via Øvre Fossedalen og austsida, sidan denne sida er flatast. I dag er denne òg minst tilgrodd. Mange flotte og gamle fjellfuruer står her på denne strekninga.. Som kombinasjonsrute til/frå Eitrenipa og Kringla er også ruta i aust god. Eit anna flott turtips er å gå via Fossedalen og vestsida av vatnet til Fossedalshengenipa og Skjerlia. Eventuelt andre vegen. Ruta til Fossedalshengenipa via Svartetjørna frå Fossedalen går her.
Her er nokre bilete eg har samla i dag til litt ymse årstider: https://youtu.be/SasfzopwWL0?si=sYL3WqsdP1fd2vXi

fredag 3. november 2023

Fossedalstraktene



Med eit bilete teke 4/11-19 frå Driveknolten på Heileberget mot Fossedalstraktene ynskjer eg alle god helg. Eg har sett namn på ein del av fjelltoppane. Hugs at du kan forstørre opp biletet.

onsdag 1. november 2023

Framhald stadnamn i Fossedalen

 

Vi ser Ingrid Fagerheim, Greta Hekneby, underteikna, Hjørdis Åsnes og Målfrid Skaar (arkiv).

Stadnamn framhald
Det er nemnt fleire namn i Fylkesatlaset ved Fossedalstjørna. Djupetjønna og Djupetjørnhammaren ved Elraki. Og i vestenden namna Grunnetjørna, Røytehølen og Kattahølen. Djup, grunn og katt gir seg vel sjølv. Røyte kan kanskje ha med gamle skinn og løyse hår?
Holmen har fått namnet Holmen som rimeleg er.
Det er fisk i Fossedalstjørna. Iflg. ein annan tråd og Turid Bente Fossedal Hernes "Fisket masse i vannet nedenfor gården ! Tante Gunnhild stekte fisken og den var nydelig !
Foto ved Elraki og Fossedalstjørna
Vi ser Ingrid Fagerheim, Greta Hekneby, underteikna, Hjørdis Åsnes og Målfrid Skaar (arkiv).

Linkar til stadnamn på Facebook sida Fossedalen - i grøne far.

(intervju med Astrid og Sofie Fossedal)

Kjem meir