onsdag 8. november 2023

Krokavatnet


Krokavatnet (1)
Eitt av dei mest sentrale fjellvatna i kommunen er Krokavatnet. Vatnet strekkjer seg nord/sør i den austlege delen av kommunen. Det ber sitt namn med rette… 
I høve kommunereguleringa mellom Askvoll og Fjaler 1/1-90, vart vatnet overført frå Fjaler til Askvoll. Vatnet har høg grad av solinnstrøyming. Det er såleis rikt på fin fjellørret. Nedfallsfeltet til Krokavatnet er truleg det siste i kommunen som ikkje er regulert til kraftutbyggjing. Det renn ned i Fossedalsvatnet og vidare til Dalsfjorden.
I eldre tider var Krokavatnet sentralt ved at den gamle ferdselsåra mellom Dalsfjorden og Førdefjorden gjekk langs vatnet. Det er fortalt at mange som skulle på sildefiske ved Florø-kanten nytta denne ruta då denne vegen er den kortaste vegen nord/sør. I tillegg ligg vatnet og fjellpartiet som det lågaste i lendet nord/sør. I gamle dagar var vatnet mykje nytta til å frakte høy vinterstid. Høy som mellom anna Fossedalsgardane slo på fjellteigar, og la under hellarar til frakt om vinteren med hest og slede.
Krokavatnet og Fossedalshengenipa m.m

Som med Fossedalsvatnet er det sti på både vest og austsida av vatnet. Kloppa i sør og Krokvasstølen (Svortevikstølen) i nord er sentral punkt der du kan velje kva side av vatnet du vil gå. Den merka DNT ruta mellom Nipebu og Massbu går òg over kloppa (sjå bildeserie). Kva side av vatnet som var mest nytta i eldre tider er uvisst. Truleg var det via Øvre Fossedalen og austsida, sidan denne sida er flatast. I dag er denne òg minst tilgrodd. Mange flotte og gamle fjellfuruer står her på denne strekninga.. Som kombinasjonsrute til/frå Eitrenipa og Kringla er også ruta i aust god. Eit anna flott turtips er å gå via Fossedalen og vestsida av vatnet til Fossedalshengenipa og Skjerlia. Eventuelt andre vegen. Ruta til Fossedalshengenipa via Svartetjørna frå Fossedalen går her.
Her er nokre bilete eg har samla i dag til litt ymse årstider: https://youtu.be/SasfzopwWL0?si=sYL3WqsdP1fd2vXi

Ingen kommentarer: