tirsdag 31. mars 2020

Normalen

Høgeheia i dag tidleg

At to dagar i fjellet kan vere så ulike som i går og i dag må ein nesten bu på Vestlandet for å oppleve...! Medan det var perlevèr i går, var det tilbake til regn og skodde i dag... Normalen med andre ord. Så då vart det ein kjapp morgontur på Høgeheia. Igjen. Eit par, tre plussgrader, vått og skodde, men faktisk relativt lite vind. Rett opp og ned. Og heim i dusjen. Ikkje så mykje å skrive heim om egentleg. Det er ikkje alltid eg set ord på "papir" frå desse turane. Men no er no dagens trim blogga. Eg treff iallefall aldri folk her ute... På godt og på vondt i desse rare tider...


mandag 30. mars 2020

To pust i bakken :-)

Dagens selfie på Toreheia

T.v. Mangevatna, Skylefjellet og Toreheia.

Ruta i dag gjekk inn Yndestadhøgeheia mot toppen av Toreheia t.h,😎😎😎
og nedatt ranen mot Skylefjellet og Mangevatna (sjå foto)

Yndestad

Yndestadhøgeheia med Skålefjellet i bakgrunnen

Mot Skylefjellet og Florøkanten

Luftig på Yndesdahøgeheia


 
Mangevatna

Eg tok tidleg avgarde på den flotte ruta som nemnt i headinga på bildefila. Måtte sjølvsagt utnytta sola den stunda ho var her. Litt strevsamt var det i nysnø og skavlar i motabakkane. Men trugane var gode å ha. Dei nytta eg omlag på halve turen. Og då er det ikkje så nøye om ein går over "stokk og stein" heller. Sjølve oppstigninga frå Yndestadhøgeheia og opp skaret til Toreheia frå sør var ganske seig. Her låg det mykje laussnø. I tillegg er det bratt! Så her måtte eg ta to pust i bakken for å kome meg opp. 

To pust i bakken i dag...😎
Det var praktfullt på toppen. Heller ikkje så mykje vind. Og nydeleg sol. Kanskje ei minusgrad eller to. Reine påskestemninga! 

Sidan det var så flott bestemte eg meg for å gå ned ranen på nordsida og vest til Skylefjellet. Trugane tok eg av meg før nedstigninga, og gjekk for det meste på fjellhamrane der snøen mange plassar var avblesen. Toppa så ut Skylefjellet og gjekk via Mangevatna og Svartevatnet heim igjen. Eg såg verken folk eller fe på turen. Berre der haren hadde hoppa. Heilt fantastisk flott. 

Haren treng mat og...
Heime igjen

lørdag 28. mars 2020

Tilbake til naturen

Dagens selfie

Høgeheia
 
Liavika

Stubseidvågen

ds

I dag gjekk eg den flotte ruta frå Holevika og via Høgeheia til Lia, Liavika og Vågen. Delvis sol, men ganske så sur nordavind. 

Frå Høgeheia og ned til Lia er det ikkje noko sti å snakke om. Her er det berre følgje rett nord og ned til fjorden. Eg har funne ein god trasse så kanskje kan merkast. Men elles er det i grunn ikkje vanskar med å finne fram. Frå Lia til Liavika er det heller ikkje sti. Men det går ein delvis synbar sti til Vågen. Deler av denne kan ein følgje nord og austover til å begynne med. Deretter er det berre å ta peiling rett nord og finne Stavfjorden. Frå Liavika er det god og merka sti til Vågen. Eg brukar alltid å gå denne ruta ein gong eller to på våren. Det er så flott å kome ned frå fjellet til Liavika. 

Som ein ser på bilda går naturen sin gong på desse gamle veglause gardane. Folk bur her sjølvsagt ikkje. Og naturen tek tilbake det som ein gong var rydda og bygt. Slik går åra. Tidene endrar seg. Og det ein levde av før er ein saga blott i dag. Det kan ein sjølvsagt sjå på på fleire måtar. Med nostalgi og romantikk. Men alt var ikkje betre før. Sjølv synest eg faktisk det er noko vakkert i forfall òg. Noko tidlaust. Noko naturleg. Der naturen får ta tilbake det den ein gong åtte. 

I dag vart det dårleg med transport frå Stubseidvågen, så eg måtte bite i det sure eplet å gå vegen heim igjen til Yndestad. Aldri særleg gunstig å avslutte turen med fleire kilometer på asfalt i fjellsko. Det er då ein blir trøtt i føtene.

fredag 27. mars 2020

Snart påske....

Det var den gong det.... på Blegja!

Legg spesielt merke til rottefelle-bindingar og Åsnes-spileski...

Nils Christiansen og Finn Bjarne Brynestad

Nils og meg... i grilldress på Blegja!
Intet randonee utstyr her gitt 😎



Eit dykk i bildearkivet kan gje mange interessante tilbakeblikk. Nærast av historiske dimensjonar. Ikkje minst når det gjeld utstyr og bekledning! Lenge før alskens randonee og fastspente sko (eg hoppa aldri på denne hypen - kanskje mest for aversjonen av å ha faste sko - etter å ha knekt begge beina i høgre ankelen i slalåmsko oppe i Cecilebotn på Steiestølen. Boren på avkappa bjørkepinnar til vegen, og via legekontoret i Dale og rett til Høyanger Sjukehus. 3 månader med gips opp i lysken. Rart eg vart bra igjen). Men når eg tenkjer tilbake kunne det no vere med livet som innsats med rottefellebindingar nedoverbakke i blaut vårsnø frå Blegja òg... I våte skisko som vrei seg i alle retningar. Det gjer eg iallefall ikkje opp igjen i dag...😎

Artig å kome over desse bilda igjen. Det minner meg på den fantastiske vårskiruta frå Sele i Bygstad til Bergsvatnet, opp Marifjell på vestsida av Storehesten og ut staurane. Ja, nesten så eg fekk lyst til å prøve fjellskia igjen. For den turen er for lang med trugar....😃


torsdag 26. mars 2020

Blytungt

Nipebu i dag

Tung snø inn Vagstaddalen til Atlevatnet

Det vart ein tung og våt tur inn Vagstaddalen til Nipebu i dag tidleg. Veldig vått! Elvar og vatn overalt. Og litt inne i dalen tung og djup snø. Mesteparten av turen gjekk difor på trugar. Likevel heldt eg faktisk på å snu...  Men beit det i meg. For etter å ha kome opp bakken til brua og utløpet av Atlevatnet, var eg fast bestemt på å gå inn. Okkesom. For med litt yr i lufta, kombinert med skodde, var det ikkje akkurat slik eg hadde sett føre meg denne påsketuren" i dag... (Fleire timar på trugar er dessutann rimeleg tungt!)

Utløpet av Atlevatnet i dag

Vel, eg kom meg inn og opp til hytta. Her var det like kaldt inne som ute. Så opphaldet vart av det korte slaget... Nokre bilder og namnet i protokollen, og eg sette peiling austover... I djup og tung snø. Blindeføre. Og under Fossedalshengenipa berre nokre meter sikt.


For planen min var egentleg å gå i Øvre Fossedalen og til Dalsfjorden. Men med skodde og dårleg vèr skippa eg det. Dessutan er det ein god del lenger enn til Markavanet. Så eg tok difor "standardruta" via vestsida av Fossedalshengenipa til Krokavatnet og vidare til Skorvemarka. Sidan Peter var heime for lesedag/heimekontor fekk eg fiksa transport. Men det står visst ein bil i Rivedal...😃

Snøfritt i Skorvemarka





Kart



mandag 23. mars 2020

Stormhyl

Frå Solsidevegen (mobil)
Det bles storm i fjellet i dag. Rennefòket fyk høgt til himmels over Skålefjellet og Fanafjellet i sør. Fjella eg ser godt frå sofakroken. Synnastormen durar i høge vræl oppe i Yndestadhøgeheia på nordsida av fjorden. Som du forstår er det lite aktuelt med fjelltur under slike forhold. 

Men med opplett og litt sol gjekk eg meg ein fin tur inn Solsidevegen i staden. Her er det flott utsikt heim igjen til grøne bøar og elles ut fjorden. 

Som sagt - det er godt å kome seg ut i frisk luft. Uansett. Synnavinden tek ikkje så hardt nede ved sjølve Stongfjorden. Omkransa som den er av fjell. Og ikkje minst er det kjekt å sjå etter vårteikn i låglandet òg... Ein treng ikkje opp i snøen på fjelltoppane for å ha ein god tur.


søndag 22. mars 2020

Kvardagsvèr (ein sundag)




Etter den flotte dagen i går, var det tilbake til normalen i dag. Stormkast i fjellet og grått i vèret. Men det vart til ein rask morgontur på Høgeheia i stormkasta. For trimmen sin del. Og for å sleppe å sitte heime heile dagen... Så lite som skjer for tida kan dagane fort blir lange av å trykkje heime i sofaen. Det er godt å få kome seg ut i frisk havluft og lufte vitet. 

lørdag 21. mars 2020

Fantastisk på Moldura

Dagens selfie

Nordvest-kanten av Moldura i dag

Mjåset
Spor


Mykje dyre- og fuglespor i dag i tillegg til mine
Attendesyn til ruta på Moldura frå Stongfjorden

Størdalsstauren med Stavenesodden og Høgeheia i bakgrunnen

Panorama mot Størdalsstauren (det er to personar på toppen)

Størdalsstauren 
Fantastiske forhold på Moldura i dag tidleg på den vanlege ruta frå Neset i Stongfjorden. Eit par minusgrader, og skare med litt nysnø oppe i bakkane. Sola fekk eg rett under Langedalen. Herleg. Turen gjekk nærast som ein leik i dei slette og gode bakkane. Ja, ein slepp å sjå seg for og kan nyte utsikta og ta bilder til alle kantar. Både opp og ned. Masse dyrespor i den ferske nysnøen òg.  

Utstyrsmessig bar eg trugane på ryggen heile turen. Dei fekk eg ikkje bruk for. Men tok på meg broddane i den bratte og hard bakken nedom Langedalen. Og gjekk med broddar resten av turen. 

Toreheia og Ytrevågefjellet i bakgrunnen

f.v. Blåfjellet, Blåfjellssåtaa, Bakkefjellet, Holmedal, Straumsnes og Dokka


Som rimeleg er var det relativt kald trekk på toppen. Så noko appelsin-kvikklunsj-påskestund vart det ikkje. Ein bør vel dessutan vere forsiktig å ikkje fryse på seg noko i desse korona-tider (og tru det er korona). 

Eg stakk utom Størdalsstauren på veg ned igjen. Og forsyne meg stod det to personar på toppen her då eg kom vest nok til å få sikta ned. Dei gjekk ned den merka stien på Stongfjorden-sida. Eg følgde same trakket, men svinga inn mot Neset oppe i bakkane. 

Suveren tur på denne flott ruta frå Stongfjorden. 





fredag 20. mars 2020

Morgonstrålar

Flokeneset

"Diamonds are forever"
 
Toreheia sett frå Ytrevågefjellet

Størdal t.v. 

I dag gjekk eg ruta frå Vågane til Ytrevågefjellet, Toreheia og om Krikavatna heim igjen. 

Det var eit par minusgrader i lufta då eg starta i 8.30 tida. Sola skein allereie eit stykke oppe i bakkane. Og etter eit kvarters tid nådde eg opp i morgonstrålane. Retteleg fint. Big boost. 

Eit stykke lenger oppe i lia tok eg på meg trugane. Og nytta dei bakkane opp på toppen av Ytrevågefjellet. Her er det ganske bratt. Då er det godt å slå opp bøylen under hælane på trugane, slik at du kan halde foten beint. Lettare å klyve bakkane då. 





På Ytrevågefjellet er det god utsikt til Svanøya og Florøkanten. Frå nord såg eg at snøbygene ville drive inn over ruta mi. Likevel nådde eg toppen av Toreheia før snøbygene kom på meg. Eg bestemte meg då for å gå om Krikavatna ned igjen, sidan denne ruta er godt merka, og ein kjem fortare ned i lægre lende enn om Yndestadhøgeheia eller Skylefjellet. Og då eg kom ned til vatna lava snøen ned. Så det var i grunn greiast å kome seg heim att. Rett vurdert. Sola hadde allereie gitt frå seg sine strålar for dagen likevel... Og turen var no allereie i boks. I dag var det ekstra fint å starta tidleg. 

onsdag 18. mars 2020

Virusfritt og med frisk havluft




Fin trimtur på Høgeheia igjen i dag tidleg. Opplett, litt vind og hald deg fast - litt sol...! Noko vått, men snøfritt. Påskestemning i lufta. Høgeheia treng eg vel ikkje seie stort meir om. Den har eg behørig nemnt eit uttal gonger før. Perfekt trim- og luftetur for liten og stor. Virusfritt og med frisk havluft!

To snuttar av skiftande vèr...



mandag 16. mars 2020

Skare-tur

Delvis sol på Fossedalshengenipa i dag

Oppe ved toppen

Klassisk utsikt frå ruta til Fossedalshengenipa og Nipebu

Ruta går opp lia ovanfor Krokavatnet

Starten på ryggen opp

Markahengenipa

Fossedalsvatnet i midten

Klassisk 
Nipebu t.v.


Flott morgontur på Fossedalshengenipa frå Markavatnet i dag. Med minusgrader i natt var det frose på. Perfekt med trugar oppover, men opp sjølve ryggen brukte eg broddar. Her var det såpass hard skare at eg slapp trugane. Det er jo lettare å gå med broddar enn trugar må vite.. Og då spesielt i bratt lende. 

Elles var veret delvis skya med litt sol no og då. Og bilda fortel vel sitt. Spesielt kjekt å registrere nokre næringssøkande snøsporvar nede i ei skjering ved hovudvegen då eg kom ned att. Her hadde sola smelta all snø... Nydeleg tur!

Foto Fossedalsheengenipa160320