fredag 6. mars 2020

Gode trakka spor

Fargerikt på Staveneset
Nedbøren vakar ute i havet...

Morgonsol i Smelværet

Holevika i dag tidleg med sørgåande hurtigrute oppe t.v.

Morgonsol på hyttefeltet på Staveneset

Eg gjekk ein fin og rask morgontur på Høgeheia i dag tidleg. For det meste opplett, men litt søraust trekk. Ja, eg såg faktisk i sola òg... Når det er sagt hadde eg griseflaks ved at eg unngjekk ei saftig regn- og sluddbyge akkurat då eg kom ned igjen til bilen. Som ein ser på bilda så ligg bygene og vakar rett ut for kysten. 

No er det meldt bra vèr til i morgon. Og med lite snø i Holevika, og nytrakka spor oppe i bakkane, er det berre å knyte på seg fjellskoa og ta turen. Du treng verken ski eller trugar. I går var eg forresten ein tur oppom Blåfjellet i Askvoll òg. Gode trakka spor her òg. 

Frå Blåfjellet 5/3 med utsikt til Staveneset og Høgeheia i disen t.h.


Ingen kommentarer: