mandag 23. mars 2020

Stormhyl

Frå Solsidevegen (mobil)
Det bles storm i fjellet i dag. Rennefòket fyk høgt til himmels over Skålefjellet og Fanafjellet i sør. Fjella eg ser godt frå sofakroken. Synnastormen durar i høge vræl oppe i Yndestadhøgeheia på nordsida av fjorden. Som du forstår er det lite aktuelt med fjelltur under slike forhold. 

Men med opplett og litt sol gjekk eg meg ein fin tur inn Solsidevegen i staden. Her er det flott utsikt heim igjen til grøne bøar og elles ut fjorden. 

Som sagt - det er godt å kome seg ut i frisk luft. Uansett. Synnavinden tek ikkje så hardt nede ved sjølve Stongfjorden. Omkransa som den er av fjell. Og ikkje minst er det kjekt å sjå etter vårteikn i låglandet òg... Ein treng ikkje opp i snøen på fjelltoppane for å ha ein god tur.


Ingen kommentarer: