søndag 1. mars 2020

Etter stormen

I dag kikka sola fram ei stund
  
Askvollfjella, Atløyna, Værlandet, Alden og Stavenesodden

Skylefjellet, Toreheia, Yndestadhøgeheia og Mangevatna
I dag gjekk eg opp her heime på Yndestad, og tok ruta til Skylefjellet, nordsida av Mangevatna og til Blåfjellet. Returen på sørsida av vatna til Rinda og heim igjen. Skylefjellet er frå 15.mai post på TiTur Dalsfjorden denne sesongen. 

I dei sørvende bakkane heime ligg det ein del snø. Men oppe på fjellet har det blese mykje. Og her er det for det meste snaue fjellet med ein del kunstnariske, vindforma snøfonner. Eg nytta trugar eit parti ned igjen, men elles gjekk turen på berre skorna. 


Vindblese oppe ved Skylefjellet

Blåfjellet i Grimelia i dag
No var det relativt kald vind i dag òg. Så eg måtte ta eit klesbyte på Blåfjellet. Då er den gode, gamle dunjakka mi god å dra opp av sekken. Likeeins eit par lag tørr ull og ein tynn, vindtett frakk under. Med den vindtette, godbuksa frå Paramo og stillongs under, er eg budd for det meste. 

Det vart litt tid til fotografering i dag (sjå foto). Eg likar dei fine snøformasjonane etter slikt stormvèr som vi har hatt eit par dagar no.


Vinden har teke godt ved Mangevatna òg.
Stavenesodden og Høgeheia t.v.

Ingen kommentarer: