tirsdag 10. mars 2020

TiTur Dalsfjorden 2020

Ved Mangevatna -
ruta til Skylefjellet og posten på TiTur Dalsfjorden 2020 går på langs midt i bildet.
Opning 10. mai.
Bakerst i bildet ligg Toreheia

Frå ruta til Skylefjellet

Som nemnt i blogginnlegget mitt datert 21. desember blir det lagt ut følgjande postar på TiTur Dalsfjorden 2020 på nordsida av fjorden - Brendeheiknappen, Eggene (Siktanuten), Skylefjellet, Nykshytta og Eikenesstølen. Etter kva ein erfarer skal no postane på Fjaler-sida òg vere i boks. Det er Vidsyn (dagsturhytta), Sylvsteinsheia, Storåsen, Jyttelshogjen og Svenova. Alle postane skal vere klare til opninga 10. mai. Inkludert merking og bøker i kassane. Du kan dessutan laste ned og bruke DNT-appen "Sjekk ut" for registrering, GPS og kart. Info blir vel lagt ut på kommunane sine infosider som før. Dessutan på ut.no som her. Eg kjem tilbake med meir info på bloggen når "alt har gått seg til". Det er jo to månader til enno. Sjølv er eg mindre kjend med rutene til eit par av postane på sørsida av fjorden. 





Same månaden som TiTur Dalsfjorden 2020 opnar, er det forøvrig 5 år sidan turstien Otterstein-Fossevikja opna. Den offisielle datoen var 31.mai (blogg med bilder og video). Mitt forslag er at dette burde vore markert. Kanskje i høve posten på Brendeheiknappen i Fossedalen? Turstien er mykje nytta. og er eit godt eksempel på eit folkemessig godt helsetiltak.


Ingen kommentarer: