lørdag 7. mars 2020

Tøffe Sillan - guten i røyken

Drikkepause i snøføyka

I bakkane ovanfor Krikavatnet


Tøff vind og snøføyke på Toreheia i dag


Han fekk seg ny sveis i dag, Sillan. Og rouge i kjakane. Men heldt "hodet over vannet" (som kanskje nokon hugsar gjekk eg gjennom isen på Krikavatnet hitt året og vart mint på det). For broderen vart med meg på Toreheia i dag. Heime i frå. Når vinden durar oppe i Yndestadhøgeheia veit eg kva eg går til - og hei kor er det vel friskt og lett opp på fjellet... No måtte han visst innrømme at han hadde snudd om han var åleine. Så det er mogeleg dei lenger inne i fjorden ikkje er så vane med havluft. Den kan nemleg blåse ganske så frisk rundte øyra. I dag så friskt at Sillan bles overende oppe ved toppen. Sjølv kraup eg på alle 4, og fekk teke snutten ovanfor i skjul bak varden. 

Ovanfor Krikavatnet

No var visst Sillan litt nysgjerrig på korleis eg ville beskrive forholda i dag. Ja, samanlikna med tidlegare då han har sett eg har skrive "det bles tøft på toppen". Frå 0 til 10 spurde han. Tja, for ikkje å skuffe, og for å oppretthalde ei viss form for sjølvkjensle, svarte eg 8. Men slik er det vel med alt - det har med erfaring, forhold og terreng å gjere. Alt er lettare når det har vore prøvd før. Også vandring i vinterfjell i havgapet. I så måte fekk nok karen inna i fjorden ein aldri så liten elddåp av forblåste kystfjell i dag😃

2 kommentarer:

Sillan sa...

Eg bles rett overende! Hadde ikkje kjangs! Ikkje verandt for folk��. Eller fe��
No har eg krope innunder eit ullteppe. Der blir eg til våren kjem:)
Men takk for ei nær døden-oppleving, brorsan������

Gustav Skaar sa...

Sjølv takk. Vi får ta turen att til sommaren. I shorts. Det er slikt som set livet i perspektiv.