tirsdag 3. mars 2020

Mars-sol

Dokka i dag

Panorama Dalsfjorden

Askvoll

Kalderasnipa og Dokka frå nordvest

Utsikt ved Kalderasnipa 

Straumsnes frå Dokka i tidleg mars-sol

I dag tidleg gjekk eg den flotte ruta opp bakkane frå Eidsfjorden til vestenden av Eidsvatnet, og vidare opp på Kalderasnipene. Deretter sør og opp på Dokka. Endå er det unnasols første delen av ruta opp. Litt bratt, men egentleg veldig fort og greitt å få høgde opp frå fjorden. 

Første delen var snøfri. Og opp den første bratte bakken frå fjorden følgde eg 7 hjortar som eg hadde føre meg. Dei trakka jo bra spor i snøen. Og visste rimelegvis kvar dei skulle gå. Frå Eidsvatnet, då hjortane ikkje ville høgre, men gjekk sørover, nytta eg trugar.  

Morgonsola fekk eg ikkje før eg kom meg på høgde av Kalderasnipene. Frå nordvest. Skikkeleg stimuli. Sjølv om eg var tidleg ute hadde eg sol det meste av vegen her i frå opp på Dokka.  Ja, klokka var ikkje meir enn vel 10. då eg nådde toppen på Dokka i flott sol. Men med litt kald søraust trekk. 

Som alltid har eg litt problem med logistikken ved å gå andre ruter ned igjen enn der eg startar. (Om ikkje eg vèl ein rundtur då). No stod bilen i Eidsfjorden, og sjølv om eg egentleg hadde mest lyst å gå til Holmedal via Nyksvatnet og Nykshytta, var det ikkje så godt å gå heilt til riksvegen i Holmedal frå Vassverket, og deretter kome meg opp att til bilen i Eidsfjorden. Det var jo midt på dag og folk på jobb. Å ta taxi var no litt i drygaste laget... Så då vart det å returnere same vegen. Men ok - det er no tur i det òg... 
   




Ingen kommentarer: