onsdag 11. mars 2020

Merkeleg samantreff

Frå ruta mellom Høgeheia til Furefjellet t.h.

Sola møtte meg på Høgeheia

Dagens selfie
Fin og luftig trimtur på Høgeheia igjen i dag tidleg. Bra vèr. Litt vind. Og eg fekk sjå sola. Temmeleg flaks sidan regnet slo inn då eg kom heim igjen. Som kanskje sagt til det kjedsommelege - some you win and some you lose. 

Ja det var såpass bra at eg tok turen ut om Furefjellet òg før eg returnerte til Holevika. Men så mykje liv er det ikkje å sjå - Sjå måtte eg likevel to gonger då eg kom heim - og såg bildet nedanfor av Holevika - tek kl 11.03 11/3...😲 

Merkeleg samantreff - Holevika klokka 11.03 - 11.03
(eg måtte gni meg i auga)



2 kommentarer:

Øystein Helle sa...

Frisking i frisk vind.

Gustav Skaar sa...

Takk Øystein. Ja her lyt ein tole både vind og sno om ein skal få seg ein tur... 😊