fredag 13. mars 2020

Praktfulle fjellet "mitt"

Toreheia i dag

Ruta langs ryggen ned frå Toreheia mot Skylefjellet går frå høgre mot venstre 

Sola skin undervegs 

Med trugar ved Krikavatnet

Vadet ved Krikavatna

Motiv under toppen mot Yndestadhøgeheia
 
Skylefjellet t.h.

Ved toppen på Toreheia




obs vindstøy


Etter ei solid snøbyge med fullstendig whiteout undervegs, og der tanken om å snu slo meg, heldt eg likevel fram og fekk ei praktfull sol på toppen av Toreheia i dag. Ja, sola heldt seg faktisk framme ein god halvtime eller så - nok til at eg nådde vest til Skylefjellet før neste nordabyge sette inn. Så i dag var eg heldig. Andre gonger er det som eg har nemnt før hin vegen. Her må ein ta det som det kjem - det viktigaste er å vere budd på skiftande vèr. 

Returen frå Skylefjellet
ved Mangevatna

I dag brukte eg dei nye trugane eg har kjøpt. På omlag halve turen. Dei er av same typen som eg hadde frå før. Med litt endra feste og noko lettare. Så spørst det om dei held like lenge som dei gamleTubbs Mountaineer 30 eg har hatt. Dei har vore veldig haldbare iallefall. 

Flott tur!

Ingen kommentarer: