mandag 28. juni 2021

Progresjon 3

Svartevatnet i dag 



Inntaket til fiberen rauk på fredag, så utan Internett er dette eit livsteikn via blogg på mobil. Litt krøkkje må vite... ... 

I dag er det tre veker sidan operasjonen min. Eg får seie at eg skundar meg langsomt til å gå/springe i fjella igjen. Men set no ekstra pris på langsame småturar. I går på Rinda. I dag litt lenger til Svartevatnet. Det gjer godt. Ikkje særleg tungt heller. Sjølv om muskelmassen, spesielt i føtene, er redusert. 

I løpet av ei veke eller to skal det bli mykje betre. Veit at eg vil sette ekstra pris på turane framover... For ingenting varer evig, veit du.... Berre fjella består! 

 

torsdag 24. juni 2021

Progresjon 2

Fekk endeleg henta meg ut årets TiTur-skjorte etter fullført runde i mai...😎

Kyrne har det godt på Lindhammaren

Litt sjølvskryt i dag òg. Hjelpe på motivasjonen etter operasjonen... Heile runda inn Solsidevegen til Lindhammaren og Blomberg og heim igjen i dag. Ok - forsiktig og labert tempo. Men boost for dagane som kjem. Og snart skal eg opp igjen i høgda... Solsidevegen er jo fin å gå den - både for liten og stor - og folk i ein healing prosess...😃  

onsdag 23. juni 2021

Progresjon





Ei viss form for progresjon i dag då Olaug vart med meg inn Solsidevegen. Litt meir tòl og tid til hjelp så er eg nok snart på fjellet igjen. Pusten finn eg nok att. Det går likar no...😃 

mandag 21. juni 2021

M/S Stangfjord




Flott og høgtideleg markering i Stongfjorden 14/6-16 då M/S Stangfjord kom heim frå Hardanger Fartøyvernsenter der den har lege til restaurering. Båten er ikkje heilt ferdig, men skal få siste hand på verket på Jensbua, ytst i Flekkefjorden. I tillegg skal det på plass ny motor. 


I helga er det dugnad på M/S Stangfjord. Dekket skal pussast og smørjast, Båten ligg ved kai ved Jensbua. Og det blir lova lunsj og god stemning. 

M/S Stangfjord kom heim til Stongfjorden 14/6-2016. 

Blogginnlegget med mange bilder finn du her. 

søndag 20. juni 2021

Jonsoknatt under hammaren

Jonsokbålet er tent under Svartetjørnshellaren - 
Fossedalshengenipa i bakgrunnen


Eg har hatt mange overnattingar under hellarane i Fossedalen. Fleire gonger under Svartetjørnshellaren. Men også under Kallhellaren ved Svortevikstølen i nord. Og under hellaren ved Osen i sør. 

Spesielt åleine synest eg det er ei god og stille ro å finne under desse hellarane. Godt vitande at her har det overnatta og levd fangstfolk og vandrarar langt tilbake til steinalderen. Utan å overdrive er det nesten som ein kan høyre dei prate i nattestilla.... Sjølv kjenner eg ein viss slektskap til Haugtussa av Arne Garborg. 

Under panna fager men låg
lyser augo som attum eim;
det er som dei stirande såg
langt inn i ein annen heim.

Midtsommar i 2016 gjekk eg turen frå Skorvemarka til Svartetjørnshellaren med overnatting under hellaren. Dagen etter vidare til Fossedalen og Dalsfjorden. Blogginnlegget kalla eg Jonsoknatt under hammaren

lørdag 19. juni 2021

Nysteikte lappar og kaffi

9/6-20 
Bengt Hellebust, Eli Tømmerbakke, Harald og Reidun Fossedal

Som kjent kjem eg meg ikkje på fjellet denne månaden. Og kanskje i mindre grad ei stund til. Så eg mimrar over juni-turar siste åra. I dag valde eg ut ein tur frå i fjor sommar. Sidan det no er ei stund sidan eg har vore i Fossedalen. 

Som vi veit var Brendeheiknappen i Fossedalen post på TiTur Dalsfjorden i fjor. Eg tok på meg merkinga dit. I all hovudsak langs den allereie merka stien frå Elraki som går via Brendeheiknappen og til Massbu. Det vart difor nokre turar dit. 

I 2020 var nok Brendeheiknappen eit nytt bekjentskap for mange. "Knappane" ligg litt utanom dei faste rutene i området. Ei flott perle i Fossedalen. Med nydeleg utsikt til Dale og Dalsfjorden. Laukelandshesten, Blegja, Fossedalshengenipa og Heileberget. Og sjølvsagt til Nedre Fossedal og fjellheimen mot vest. Nærare Kringla kjem du ikkje. Kringla virkar overveldande når du nesten kan ta på fjellet. 

På veg ned igjen frå Brendeheiknappen er det alltid like kjekt å ta avstikkaren bort om Nedre Fossedal. Det tek berre nokre få minutt. Så òg på denne turen i fjor, Der fekk eg både kaffi og lappar. Og blogginnlegget kan du lese her

God helg 💖

YouTube-bilder Brendeheiknappen under her

torsdag 17. juni 2021

Blodtørstige beist

 

Blegja og Eitrenipa frå Leknesvatna i vest - brua over vatna midt i bildet


Frå venstre mot høgre ser vi her deler av ruta over Eitrenipa, N&S Kringla med retur austsida av Krokavatnet

14/6-14 gjekk eg igjen den flotte rundturen frå Skorvemarka og via Leknesvatna til Eitrenipa. Deretter sør til Nordre og Søndre Kringla. Retur via aust om Øvre Fossedalen og austsida av Krokavatna til Skorvemarka igjen. Dette var før den nye kraftvegen vart bygd ved Markavatnet. Og før terskelen ved Eitrefossen vart murt opp i høve den nye reguleringa av Leknesvatna (sjå video). 

Terskelen på utløpet av Leknesvatna i dag


Vel, ein vender seg til det meste her i livet. Men utløpet av Leknesvatna og til Eitrefossen var flottare før. Noko genuint er borte. Det naturlege elveutløpet. På ein av dei flottaste plassane i kommunen. 

For oss som går ein del i fjellet er det ikkje berre flåtten som er eit stort problem. Like stort og gjerne verre er hordane av fluger som nærast eksploderer i antal flotte sommarsdagar. Slik og med turen 14/6-14. Du finn turen her med bilder og videoar.

På den gamle diktbloggen eg hadde ein gong i i tida har eg skrive om "Djevelens utsende" -  ganske heftig tittel då....😃

onsdag 16. juni 2021

Fisk og hjort på sym

Frå Høgefjellet i Kvammen 15/6-12

For akkurat 9 år sidan i dag, 15/6-16/6-2012 hadde eg ein flott og minnerik tur på Høgefjellet i Kvammen med overnatting under open himmel ved Bjørnastigvatnet - rett nord for Eitrenipa. Turen skulle vise seg å innehalde både fisk og hjort. Ikkje særleg spektakulært i seg sjølv. Men det er gjerne ikkje så ofte ein får feste hjortar på sym i eit vatn høgt til fjells på film heller - (sjå video på link - klokka var vel rundt 04.30).

Så her er den junihistoria - fisk og hjort på sym i Bjørnastigvatnet.

 Minnerikt.... 

tirsdag 15. juni 2021

Monsteret på Nipebu

Peter og Andreas på Nipebu sommaren 2008


I 2007 hadde bladet "Firda" ein serie i avisa dei kalla "Spikra i minnet". I det høve vart eg oppringd og spurd om eg ville bidra med ei naturhistorie som - ja - var spikra i minnet. Fredag 5/1-07 stod stykket på trykk i avisa

Sjølve historia var frå juni 2006. Altså 15 år sidan i dag. Og nokre månader før eg starta bloggen min. Eg la det ut som ein reprise 19/7-07 for å ha det på bloggen. Historia om "monsteret" på Nipebu finn du også her

Eg har fiska mange gonger på Langevatnet og Nipevatnet ved Nipebu etter dette. Av og til med bra resultat. Fisken er som alltid lunefull. Men her er framleis flott fisk. Så det er berre å ta turen. Det treng å bli fiska. Heldige er vi som har denne flotte DNT-hytta i nærområdet. 

Kjø frå Langevatnet ved Nipebu


Minnerike dagar del 1

Minnerike dagar del 2

Minnerike dagar del 3

Minnerike dagar del 4

Video stillbilder frå Nipebu

mandag 14. juni 2021

Minnerike dagar del 4

 


På bilde 1 ser vi rypemor vernar ein rypekylling (oppe til høgre)...
På bilde 2 er steggen komen til unnsetning...


Frå Smørskornova har vi flott utsikt til
Rivedalskletten, Flekke, Flekkefjorden og Leite 

Som nemnt - sidan eg ikkje kjem meg på fjellet i juni og så... - så mimrar eg litt over tidlegare blogginnlegg for denne månaden. 

I dag dreg eg fram ein tur på Smørskornova i Rivedal. Eit veldig flott fjell å gå på. Det ligg sentralt til nord for Rivedal og Rivedalskletten. DNT-ruta til Nipebu kryssar i nordenden av fjellet. Det er mange ruter til Smørskornova - alle flotte. Du kan gå via Bakkefjellet og austover Medheiane. Eller via Siklabergvatnet og Langevatnet der DNT-ruta går. Du kan også gå opp skaret frå Svelia, eller via gjetarhytta lenger oppe. Dei mest nytta rutene er gjerne via demma ved kraftverket i Rivedal der du kan gå opp heile skaret frå søraust- eller opp dalen mot vest og opp frå sør. Frå Rivdalsstølen kjem du deg fint på Smørskornova òg. Fjellet er eit relativt enkelt fjell å nå same kva rute du vèl. 

19/6-10 var eg igjen på Smørskornova. Då fekk eg meg eit uforgløymeleg møte med ein rypefamilie som eg nesten trakka på. Ok - eg har møtt mange ryper i fjellet opp gjennom åra... Men desse her fekk eg teke fleire bilder av. Rett ved føtene mine. Du kan lese heile blogginnlegget her. 

Eg kalla innlegget "Ei rørande stund" i juni 2010. 

Ta med deg videoen linka nederst - for som sagt Smørskornova er eit fantastisk flott fjell. Gjerne litt undervurdert og lite kjent.

Minnerike dagar del 1

Minnerike dagar del 2

Minnerike dagar del 3

Video stillbilder Smørskornova

søndag 13. juni 2021

Minnerike dagar del 3

Første solstrålane for dagen på "morgonsauer" ved Eitrenipa.

Sidan eg for tida er rekonvalesent, utan høve til fjellvandringar, mimrar eg litt med blogginnlegg frå arkivet. Frå juni-turar. Dei to første innlegga eg reposta med linkar var frå Blegja. Som turleiar saman med Agnar. I regi av Indre Sunnfjord Turlag. Del 3 er frå Eitrenipa. På natterangling. Eitrenipa er eit favorittfjell som eg har besøkt mange gonger opp gjennom åra. Eg ser Dalsfjorden då... Og havet. Der blått møter blått...

Turen gjekk eg to dagar før, eller rettare sagt ei natt før, den minnerike turen i førre innlegg.  Altså 27/6-09. Med start ved vegen i Skorvemarka. Den nye kraftvegen ved Markavatnet var ikkje bygd då. Dette er ein tur eg alltid vil hugse. Du finn blogginnlegget her.

Minnerike dagar del 1

Minnerike dagar del 2


lørdag 12. juni 2021

Minnerike dagar del 2

Blegja 28/6-09

I juni 2009 fekk vi igjen arrangere Blegja-turen som beskrive på innlegg og link i går. Dette i regi av Indre Sunnfjord Turlag. Med Agnar og underteikna som turleiarar. Det var sett opp båt frå Eikenes og Dale (hugs dette var før Dalsfjordbrua vart bygd) til Fossevika. Privatbil var organisert frå Førde til Standnes der turdeltakarane vart plukka opp med båt og skyssa til Fossevika.

Dagen openbare seg med perfekt turvèr. Og mange hadde møtt opp - både frå fjern og nær. I ettertid har fleire sagt til meg at turen denne dagen var ein av dei flottaste dei hadde vore med på. 

Medan bloggen min såg verdas lys i romjula i 2006, og difor ikkje har noko innlegg om turen det året, er det eit fyldig referat i 2009. Inkludert mange bilder og video. Alt saman finn du på linken her

Det har sjølvsagt vorte mange Blegja-turar etter dette. Dei seinare åra mest frå Rørvika ved Førdefjorden. Og eg har ein spesiell igjen som kanskje kan nemnast i neste kapittel. Eg får sjå. Men dei to mest minnerike er nok dei to eg har teke frå arkivet i går og i dag.  

 

fredag 11. juni 2021

Minnerike dagar del 1

Foto 10/6-06 - 15 år sidan 
(det er kanskje nokon som kjenner seg att...)


Som rekonvalesent neste månaden, og sett ut av spel på fjell og vidde, kan vi dra fram igjen nokre minnerike sommarturar frå eit rikhaldig arkiv. Det er jo høgsommar snart. Tid for reprisar. Men mest for å halde liv i bloggen som nærmar seg 15 år.  

Det første innlegget eg har valt å legge ut er ei annonsering for Blegja-tur 1/7-07. Med bilder frå året før. Bildet ovanfor er blant dei første eg tok med digitalt kamera. Om du vil lese beskrivinga så finn du ho her

Grunna dårleg vèr gjekk ikkje turen i 2007. Men kjekt å sjå tilbake på 2006 turen. Det ligg fleire bilder på bildefila. I tillegg har eg ei god gulrot i bakhand til neste innlegg. Så stay tuned. Som det visst heiter no til dags (onkel Herbjørn Sørebø snur seg vel i grava no)... 

God helg frå sofakroken...👍

fredag 4. juni 2021

Sommarmodus

Sognefjellet juni 2020


Kanskje har nokre fått med seg at det har vore litt færre oppdateringar på turbloggen min i det siste. Dette vil nok halde fram i juni òg. Eg håpar å kome sterkare tilbake seinare i sommar. Ynskjer alle ein god sommar! 🌄

 

tirsdag 1. juni 2021

Gjennom skoddeheimen

Frå nedstigninga av Toreheia - 
Skylefjellet og Blåfjellet t.h.

I dag tidleg gjekk turen frå dørgotta heime og gjennom skoddeheimen. Skodda låg tjukk heilt i fjorden. Men allereie på Rinda skein sola frå skyfri himmel. Fantastisk. Temperaturen steig minst 10 grader. Medan det berre var grader 9 heime. 

Nydeleg, tørt og fint til Krikavatnet. Speglande blank låg vatnet i morgonsola. Masse hoppande kjø. Med det nygrønande landskapet rundt. Ubeskriveleg vakkert. 

Vidare opp bakkane til toppen av Toreheia. Lett og greitt med morgonsola i mot. Havskodda låg tjukk ut heile Stongfjorden og til havs. Innatt heile Førdefjorden. Berre dei høgaste øyane i Florø stakk opp over skoddeheimen. Florø heilt skjult. Skimta berre toppen av Alden og Høgeheia heilt i vest. Artig oppleving dette å gå gjennom skodda og opp i sola. 

Berre dei høgaste øyane i Florø stikk opp
over skoddeheimen

Turen vidare gjekk den vanlege ruta vest til Skylefjellet og så til Blåfjellet. Deretter sørsida av Mangevatna og heim. Nydeleg morgontur.

Mobilfoto Toreheia Skylefjellet Blåfjellet 010621