onsdag 31. mars 2021

Turruter 3

 

To niper i boks

Fint og vindstille kl 09.39

I dag tidleg gjekk eg opp framsida av Markahengenipa. Denne ruta er litt kortare enn den merka ruta. Men med meir hamrar og sva. Nokre snøfonner ligg òg igjen oppe i skårane på nordsida. Eg måtte såleis fram med broddane då det var frose godt på i natt. Berga var òg glatte av både is og væte. Er du ikkje heilt van med slike forhold er "Nipebu-ruta" klart å føretrekke for turen sin del. Iallefall til det tørkar opp og snøen forsvinn. 

Veret var overskya. Rundt null grader. Nesten vindstille. Og som sagt var det frose på i høgda. 

Det er ein del hamrar, berg og sva på nordsida av Markahengenipa - 
her med utsikt til Skorvemarka.

Etter å ha toppa ut i 09.30 tida gjekk eg ryggen aust. Så ned dalen. Og deretter opp neste rygg. No på Fossedalshengenipa. Her låg det ein del snø oppover. Litt blaut og litt hard. Om eit anna. Berga var delvis bare. Men òg med is. Broddane brukte eg berre heilt nede i første skaret. 

Under toppen av Fossedalshengenipa frå nord

Skodda lettar -
tilbakeblikk mot Markahengenipa og mot Florø

Diverre seig det på med skodde då eg nådde opp under toppen. Og ved varden var det ikkje særleg sikt akkurat. Så bilder vart det dårleg med. No hadde eg berre med meg den gamle mobilen likevel. Utan mat og drikke òg. Så då vart det ned igjen same vegen. 

I botnen av ryggen traff eg faktisk ein kar som ikkje hadde vore her før. Han hadde sett meg frå vassenden på Krokavatnet og teke same vegen. Her oppe er det sjeldan ein treff folk! Nede i kraftvegen ovanfor Markavatnet traff eg òg Anita D.R. med dotter også. På veg på Markahengenipa. Nokre ord med dei òg. Og ynskje om god tur og god påske! Flott morgontur og to fjell i boks...😎

God påske til dykk alle som er innom bloggen min!🏃🐣🐤

 Mobilfoto Markahengenipa Fossedalshengenipa 310321




tirsdag 30. mars 2021

mandag 29. mars 2021

Turruter

Publisert på Facebook sida Fossedalen - i grøne far i dag med teksten: 
Her er eit bilete frå Nordre Kringla som eg har "krota" inn strekar på og skal syne noko av stinettet som har vore omtala i det siste. Nipebu-Massbu er DNT-merka. Dei andre rutene er ikkje merka.

Kommentarar på FB.


GPX-fil av deler av nord/sør Krokavatnet aust

 

Heftig og transjakla

Hard vind og piskande regn i fjeset i dag...

og elvane renn feil veg...

I dag var det temmeleg heftig oppe på Blåfjellet. Hard søraust vind. Vanskeleg å fòte seg. Og piskande regnvèr midt i mot. Væte du - elvar og overflatevatn overalt. Ja, ganske så transjakla då eg kom ned igjen😃 

Smørkletten i går

I går var Olaug og eg på Smørkletten. Bles heftig då òg, men opplett til vi kom halvveges ned igjen. No treng vi snart noko brukandes påskevèr. Har vore mykje dårleg i det siste. Vi får leve i håpet...

lørdag 27. mars 2021

Krokavatnet aust

Facebookinnlegg på Fossedalen - i grøne far
Det er sikkert ikkje så mange på gruppa og elles som har gått turen nord/sør eller omvendt langs austsida av Krokavatnet. Den gamle ferdselsåra frå Førdefjordsida til Dalsfjorden.
Vedlagde bilete, som er teke frå ryggen på Fossedalshengenipa, viser ruta i landskapet. Frå Svortevikstølen i venstre kant mot enden av Krokavatnet i sør. Forstørrar du opp biletet, så ser ein alle dei interessante forkastningane i fjellet ved Brunene. Fjella i midten er f.v. Gjelsvikefjellet, Høgefjellet med Tjuvbergsnova, Eitrenipa, Blegja og Storehesten m.m. Vi skimtar og Leknesvatna.
Så mange stadnamn finn vi ikkje på denne sida av vatnet. Men vi har Skoraelva og Skoraøyra midt i biletet. Skorane ligg litt lenger mot høgre. Skor kjem av avsats i brattlende, berghylle, kløft i bergside. Noko som må seiast å passe bra til landskapet. Elles har vi Siriura og Styggedalen lengre mot høgre. Kan Siriura kome av eit jentenamn?
Elles har eg samla nokre bilete frå denne sida av Krokavatnet som syner det flotte terrenget og utsikta. Og ikkje minst alle dei gamle furutrea som står her. Nokre som forvridde gaddar. Dei er viktige for biologisk mangfald. Spesielt viktige for insekt, biller, tovinger, barkteger og kveps. Og også som reirplass og matressurs for hakkespett.
God palmehelg!

 


Alt slags vèr

Ved toppen av Grønene i dag tidleg. Vi ser mot Dalsfjorden og Flekkefjorden.

ds nokre minuttar før....

Eit gløtt av sol i Askvoll

Ein del rennefòk oppe ved toppen. Dokka t.h.

Eg var ein tur til Holmedal i dag tidleg og gjekk den vanlege ruta via Grønene til Kalderasnipa. I alt slags vèr. Regn, snødrev, rennefòk og så kom sola fram. Før det same gjentok seg. Ja, nesten alt slags årstider på ein gong. I høgda var det kome nokre centimeter med nysnø. Den våte nysnøen halvveges opp Grønene var temmeleg sleip. Spesielt ned igjen same vegen. Så mykje vår var det ikkje i høgda akkurat. Men grei tur!

Noko nysnø i høgda

 

torsdag 25. mars 2021

Ei oppdatering

25/3

24/3

23/3

22/3
Nokre oppdateringar på bloggen denne veka. Mykje væte, skodde og regn - og gjørme! Men òg opplett. Lite bilder utanom selfie frå fjelltrimpostane. For dokumentasjonen.

Så mykje elles er det vel ikkje å skrive heim om. Våren er jo her. Men vi får no håpe og tru på litt betre vèr etter kvart. I grunn litt lei denne bløyta. Det grå og det svarte. No ser eg fram til meir fargar, lette sko og klede... Som eg sa til ei jente i Askdalen i dag.  


mandag 22. mars 2021

Mars i bilder

 

Eit utval bilder frå månaden mars


søndag 21. mars 2021

Vårslepp

Smil til mobil...😃
21/3

Siste bakkane mot toppen...

I går 

Det var reine vårsleppet i Prestemarka, Askdalen og på Smørkletten i dag. Folk i alle aldrar på tur. Og full parkeringsplass. Så det vart ein stopp både titt og ofte. I dag vart også Olaug med (eg var der nede i går òg). Greitt å kunne gå ein tur i lag no og då.... For det meste fær eg jo og strenar åleine. I dag i litt rolegare tempo. Fint til ei avveksling. Og fekk knapt løyst sveitten.  

Vèret vart egentleg veldig bra. Litt vekslande skydekke med tendens til sol. Nesten vindstille på toppen. Og eit dryss med nysnø. Kjekk tur.


fredag 19. mars 2021

Perfekt topptur på trugar

Morgonsol i Mandelia og Hatlelia


Ytst ute mot toppen
Skorpa og Storebatalden t.v.

og den flotte utsikta mot aust til ryggane av
Blegja, Eitrenipa, N&S Kringla og Fossedalshengenipa

Litt feiring må til....😃

I dag gjekk morgonturen til Skorvemarka og Markahengenipa igjen. Sol på morgonen. Men det skya til nesten med ein gong eg kom opp der i 08.30 tida. 

Eg gjekk på berre skoa opp til Krokavatnet. Det låg ein del snø og is opp urane og berga. Og spor til Svortevikstølen. Men frå vatnet og vidare opp Nipebu-ruta fekk eg god bruk for trugane. For skaren heldt meg ikkje. Men den heldt trugane...! Så eg flaut opp på snøen. Godt tenkt å ta trugane med! Så det gjekk egentleg som ein leik opp bakkane og skråberga til nordsida av Fossedalshengenipa... Trugane sette eg frå meg ved "Brothers in Arms" steinane som før. For ut over sjølve ryggen var snøen mykje avblesen. 

Sedvanleg trekk ute på toppen. Eksponert som den er for vèr og vind. Så vegen gjekk ganske fort inn igjen til steinane. Her eg bytte på meg nokre tørre klede. Deretter ned igjen same vegen. Perfekt! 

Foto Markahengenipa 190321 

onsdag 17. mars 2021

Fossedalen og fjella ikring

 

I same spor

Berre eg ser Dalsfjorden....

Toppen av Grønene med utsikt til f.v.
Hekkelfjellet, Vardenova, Blåfjellet, Blåfjellssåta og Bakkefjellet



I dag gjekk eg oppatt same spora i Grønene som mandag. Dei var framleis gode etter eit lite snødryss i natt. Opplett, antydning til sol, og noko trekk på toppen. Alltid litt trekk her på Kalderasnipa. Så eg fekk på meg tørre og varme klede. Noko stunt bort på Dokka vart det ikkje i dag heller. Morgontrim i boks. Og nede igjen ved vassverket før 11...😎

Mobilfoto Kalderasnipa 170321


Vår i Askdalen

 

Morgontur i går

mandag 15. mars 2021

Manndomsprøve i Holmedal


Berre eg ser Dalsfjorden....

..Moldura


og Dokka

og nesten heim att til Stongfjorden

Ganske mykje snø i høgda igjen....

Det var rimeleg tungt å bakse seg opp dei bratte bakkane i Grønene i Holmedal i dag tidleg. Med snø til leggene og knærne i enkelte parti øverst oppe. Eg hadde vel egentleg ikkje rekna med det var kome så mykje snø. Så det vart ei lita manndomsprøve å nå toppen på Kalderasnipa. Og hadde ikkje den glitrande morgonsola og dei drivande kvite bakkane pusha meg, hadde eg nok gitt meg på det....

Ja, for du verda for ein premie det var å kome opp på toppen av Grønene, og gå resten opp og vest dei meir kuperte bakkane til Kalderasnipa. Tungt ja. Men med den drivande snøkvite Dokka spegla i sol på venstre handa, og den minste like kvite Moldura i nord, så var det absolutt verdt slitet denne fantastisk flotte morgonen. Og utsikta til Dalsfjorden og Flekkefjorden då... (sjå foto). Fantastisk! Men å gå om Dokka "heim att" sto likevel ikkje kreftene meg bi...😎
 
Ut på dagen skya det til - så i dag var det omvendt av morgonturane i helga. Litt flaks må ein ha...😃

Foto Kalderasnipa 150321 



søndag 14. mars 2021

tirsdag 9. mars 2021

Vårleg i Askdalen

Fekk meg ein god prat med Ingvar S i dag

Jamneheiane fremst og heim til Yndestad i midten bak - 
Toreheia med nysnø

Stavenesodden med Høgeheia

Vår ved Presteelva


Eg snudde litt på flisa i dag og gjekk på Smørkletten i Askvoll. I godvèr. Har vel valt denne toppen og Blåfjellet i Grimelia meir i dårleg vèr. Mest grunna mindre eksponert tid oppe i vind, skodde og regn. Så i dag var det kjekt å gå inn dalen og opp bakkane. I sol. Lite vind. På tørr og hard sti med litt snø på toppen. 

Kjekt var det òg å få ein prat med Ingvar på toppen. Vi treffest jo av og til på denne ruta. Og som nemnt har det nesten alltid vore i dårleg vèr. I dag måtte eg forevige karen. Vi er vel komne i ein alder der vi ikkje har så mykje å skjule. Sminke har vi ikkje bruk for...😎

Elles traff eg Anita B.M. då eg småsprang ned att bakkane. Ein liten passiar vart det der òg. Etterpå småsprang eg ned att dalen. Tørt og fint som det var. Som i går - ei ny rett herleg vårkjensle. 

mandag 8. mars 2021

Elevar og bål


Brennande aktivitet på Vikastølen i dag

 - det brenn både her og der.
Ruta opp Grønene til snøen mot venstre.

Flinke elevar på dugnad - Bernhard t.v.


- medan John ser til ungar...

og held oppsyn med flammane
(foto Bernhard)

Nederst i Grønene og Vikastølen -
Blåfjellet, Blåfjellssåta og Bakkefjellet i bakgrunnen.

Det var sydande aktivitet rundt Vikastølen då eg kom ned igjen frå Kalderasnipa i Holmedal i føremiddag. På veg ned Grønene såg eg det flamma og rauk frå 4 bål. Det viste seg at John, Anne Grethe og Bernhard (som eg kjenner frå Dale) var her med 9. og 10.klasse frå Askvoll skule. Ein heil gjeng rydda og brende einer. Som eg har sagt mange gonger - einer er noko herk! Så eit herleg tiltak dette. Godt humør. Og heilt sikkert veldig kjekt for elevane å få vere ute og gjere noko handfast og nyttig. Vèret må vel seiast å ha vore perfekt til dette. Delvis skya og vindstille som det var. Eg stoppa sjølvsagt på og fekk meg ein god prat med Bernhard og John. Ja, dette vart ei skikkeleg kjensle av vår. Det går mot lysare tider på mange måtar. 

Elles var turen opp på fjelltrimposten heilt grei. Ein del snø i høgda. Kald trekk på toppen. Og såleis skifte av sveitte klede. Broddane tok eg på ned igjen. Det er jo litt bratt i Grønene. Og meir behageleg og trygt å gå med broddar når det er frose på både her og der. Ein slepp å bruke så mykje tankar på kvar ein set føtene. Nok ein flott morgontur... 😎

Dagens selfie

Foto Kalderasnipa inkl dugnad Askvoll skule Vikastølen 080321

søndag 7. mars 2021

"Flatbrødaktig" snø i høgda

Frå Markahengenipa er det flott utsikt til f.v.
Høgefjellet, Kringlefjellet, Blegja, Storehesten, Synste Stauren, Eitrenipa, N&S Kringla og Fossedalshengenipa

Dagens....

Eiternipa, N&S Kringla og Krokavatnet

Turen i dag gjekk opp igjen i Skorvemarka og "Nipebu-ruta" til Markahengenipa. Litt nysnø i høgda. Lett "flatbrødaktig" snø ut over ryggen. Og noko is på skråberga lenger nede. Ikkje verre enn at broddane var unytta. 

Elles traff eg eit par personar då eg gjekk ned igjen same ruta. Og det stod fleire bilar nede ved kraftverket. Her hadde gjerne nokon gått andre vegen. Heime igjen kl 11.30 og klar for litt VM på ski...😎