lørdag 6. mars 2021

Ei sleipe

Slaps og våt snø på vått fjorårsgras gjorde det veldig glatt i dei bratte bakkane på Smørkletten i dag. Spesielt ned igjen. Det var best å gå utanom stien og utanom snøen så godt det let seg gjere. Elles var det jo lite sikt på toppen med yr og regn i lufta. Likevel traff eg fleire personar då eg gjekk ned igjen. Gunnar T. som sist og Ingvar S. som vanleg. Det vart berre nokre ord til kvar av dei i det heller dårleg vèret. Som i det siste - opp og rett ned igjen....  

Ingen kommentarer: