mandag 1. mars 2021

Striregn kuling og skodde 2

 


Opplett, men skodde på Kalderasnipa i Holmedal i går. Men i dag var alle himmelens sluser opne igjen på veg til Smørkletten i Askvoll. Eg trur knapt eg har sett Askdalen så full i vatn nokon gong. Heile stien nordover dalen var ei einaste elv. Ja, det er faktisk ikkje overdrive heller. Det rann vatn overalt. Og inst i dalen og opp bakkane på fjellet låg skodda. Heldigvis var det relativt vindstille. Så det var berre å komme seg opp og snu. 

I bakkane ned att traff eg jammen på Gunnar T. på veg opp. Friskt gjort i det vèret som var. Vi slo av ein kjekk prat i det silande regnvèret. Sjølvsagt kan ein ikkje stå i ro så mange minuttane når forholda er slik - så det var berre å kome seg avgarde igjen etter nokre minutt. 

Godt gjer no turane i alt slag vèr. Men spesielt godt er det no å kome seg i hus att etter endt rotbløyte! 

Frå Kalderasnipa i går

Ingen kommentarer: