torsdag 4. mars 2021

Euforisk på Markahengenipa



Nydeleg morgontur frå Skorvemarka til Markahengenipa i dag. Sol og greier. Og snøen er smelta. Berre enkelte fonner som hadde frose ser knallharde til i løpet av natta. Morgonsol frå Krokavatnet og vindstille. Perfekt tur den lengste ruta nord om Fossedalshengenipa. 

Ok. Det var ein del issvullar oppe i skråberga. Men ikkje verre enn at dei gjekk greitt å trakke utom. Elles var berga tørre. 

"Brothers in Arms" - med fast blikk - 
ryggen på Markahengenipa i bakgrunnen

På veg ned igjen, med "Lake of tears" og Cosmic Sailor på øyret, vart det rett euforisk....💓 


Ingen kommentarer: