tirsdag 2. mars 2021

Blåfjellet retro














Bilda er frå våren 2007

Ingenting å sjå på Blåfjellet i dag heller. Skodde og regn, men relativt vindstille. På veg ned igjen begynte eg å tenke på då fjellet var post for 14 år sidan. Det vart nokre kjekke turar hit då òg. Og eg måtte sjå gjennom nokre "historiske" bilder då eg kom heim igjen. Vi har nok forandra oss ein del vi som gjekk på fjellet då. Men Blåfjellet er akkurat det same... Heldigvis. Det ligg klart for nye generasjonar. 

Elles dukka soga om kneproblema mine denne sesongen opp igjen. På veg ned igjen frå Kalderasnipa måtte eg bokstaveleg tala rygge ned bakkane med stivt kne og vanvittige smerter...! Eit svart kapittel og nokre månader med knesmerter sette ein stoppar for mykje av fjellturane. Heldigvis vart det ingen operasjon etter MR, men trena sjølv styrke og vart bra igjen. Knærne har fungert godt sidan... Så Blåfjellet og Kalderasnipa og postane på denne fjelltrimsesongen har ei historie. Både på godt og vondt. Og heldigvis - igjen - er vi no so ihopskrudde som menneske at det er mest det positive vi hugsar i livet. Minnerike bilder set no alltid ein spiss på det.


Ingen kommentarer: