onsdag 31. mars 2021

To niper i boks

Fint og vindstille kl 09.39

I dag tidleg gjekk eg opp framsida av Markahengenipa. Denne ruta er litt kortare enn den merka ruta. Men med meir hamrar og sva. Nokre snøfonner ligg òg igjen oppe i skårane på nordsida. Eg måtte såleis fram med broddane då det var frose godt på i natt. Berga var òg glatte av både is og væte. Er du ikkje heilt van med slike forhold er "Nipebu-ruta" klart å føretrekke for turen sin del. Iallefall til det tørkar opp og snøen forsvinn. 

Veret var overskya. Rundt null grader. Nesten vindstille. Og som sagt var det frose på i høgda. 

Det er ein del hamrar, berg og sva på nordsida av Markahengenipa - 
her med utsikt til Skorvemarka.

Etter å ha toppa ut i 09.30 tida gjekk eg ryggen aust. Så ned dalen. Og deretter opp neste rygg. No på Fossedalshengenipa. Her låg det ein del snø oppover. Litt blaut og litt hard. Om eit anna. Berga var delvis bare. Men òg med is. Broddane brukte eg berre heilt nede i første skaret. 

Under toppen av Fossedalshengenipa frå nord

Skodda lettar -
tilbakeblikk mot Markahengenipa og mot Florø

Diverre seig det på med skodde då eg nådde opp under toppen. Og ved varden var det ikkje særleg sikt akkurat. Så bilder vart det dårleg med. No hadde eg berre med meg den gamle mobilen likevel. Utan mat og drikke òg. Så då vart det ned igjen same vegen. 

I botnen av ryggen traff eg faktisk ein kar som ikkje hadde vore her før. Han hadde sett meg frå vassenden på Krokavatnet og teke same vegen. Her oppe er det sjeldan ein treff folk! Nede i kraftvegen ovanfor Markavatnet traff eg òg Anita D.R. med dotter også. På veg på Markahengenipa. Nokre ord med dei òg. Og ynskje om god tur og god påske! Flott morgontur og to fjell i boks...😎

God påske til dykk alle som er innom bloggen min!🏃🐣🐤

 Mobilfoto Markahengenipa Fossedalshengenipa 310321




Ingen kommentarer: