mandag 30. november 2020

Våt, våtare, våtast

Rundtur Stongfjorden

Løypa i dag

I dag var berre himmelens sluser vidopne. Så det vart ingen fjelltopp. For oss som likar å gå i fjellet, er det gjerne rart å "måtte" gå "Solsidevegen" når vèret er på det dårlegaste. Harmonerer jo ikkje heilt med namnet. Ei fullstendig bløyte. Gjørme, elvar og myr overalt! Og då meiner eg overalt!

Det er fleire rundløyper ein kan ta her heime utan å gå på toppane. Fine turar med ungar. "Solsidevegen" kan ein kombinere med å gå over Stongsåsen eller til Trengjeskaret og Brandhaugen og ned til Gjerda. Godt merka er det òg. Så då vart det ei runde i dag òg. Fjell fekk vere fjell. Men lufteturen i boks. Og vèret skal visst bli betre i morgon .... 


søndag 29. november 2020

Etter ein dag "fri"...

Fint lys mot Florøkanten nokre minuttar i dag tidleg 

Etter ein dag "fri" med shopping i Førde i går, var Olaug og eg tilbake på ein morgontur til fjelltrimposten på Blåfjellet i Grimelia. Eg har funne ut at i dårleg vèr frå sørvestleg kant er det litt meir livd på begynnelsen av denne ruta enn over Rinda heime i frå. Litt kortare er det òg. Sjølv om bilturen kjem i tillegg. Men når sant skal seiast så er det gjerne ein flottare tur å gå heime i frå og ut med Mangevatna enn opp med gruvene... (Dei er rett nok spanande nok for dei som ikkje har gått her før...) Heime i frå er det heller ikkje så myrlendt som det er på enkelte parti på ruta der ute. Det fine med slik vi bur er sjølvsagt å kunne velge turmål og turruter etter årstida vi er i, vind og vèr. Så slik òg i dag. 

I utgangspunktet var vi tenkte oss til Holmedal i dag. Og turen til Kalderanipa. Men med skodde i fjella der nede og regnbyger i tillegg ombestemte vi oss. Det var sikkert eit rett val. Lufte oss fekk vi iallefall denne søndagen òg.... 


fredag 27. november 2020

Tid for broddar i sekken....

Soloppgang ved Fossedalshengenipa

Panorama mot sør/søraust

Dagens selfie

Skorvemarka

Eit snev av vinter på Markahengenipa i dag. Lett snø i høgda dekka over både frost og is. Så det vart litt obs obs på berga utover sjølve ryggen mot nord. Også glatt opp skråberga nedom Fossedalshengenipa. Eg tok den lengste og merka ruta i dag. Trur neppe det hadde vore heilt forsvarleg å gått opp frå aust og på framsida slik tilhøva var. Den ruta er ikkje akkurat noko vinterrute heller - iallefall for "folk flest". 

Elles bles det ein ganske så sur søraust vind oppe på ryggen. Betre då ein kom i livd for Fossedalshengenipa og ned igjen til Markavatnet. Fin tur. Men det er klårt at forholda gjerne bli meir utfordrande framover enn dei har vore. Neste tur blir nok med broddar i sekken.   

Foto Markahengenipa 271120

onsdag 25. november 2020

Desember



Så langt kan vi vel seie at November har vore av det skrale slaget med mykje mildvèr og regn. 
Litt lei av dette så tok eg å kikka på desember månad. Reint bildemessig. 
Eg sette i det høve i hop ein liten serie bilder frå denne månaden. 
Og kalla rett og slett serien for "Desember". Hugs HD og lyd. 

Så gjenstår det jo å sjå om vi kan vere like heldige med vèret i desember som på desse bilda....
Det er lov å håpe - og drøyme! 

tirsdag 24. november 2020

Skodde, kulingkast og regn

Det er flott det er godt merka til Kalderasnipa

Vikastølen nede til venstre
 
Mot Bakke og Flekkefjorden i dag tidleg


Ja, av og til går ein berre på pure viljen. Eg tenkte på det etterpå i dag - òg... For det var egentleg ganske så ryskje då eg gjekk opp frå vassverket i Holmedal til Vikastølen i dag tidleg. Og vidare opp Grønene til Kalderasnipa. Oppe ved toppen var det ganske tjukk skodde. Vind og regn. Så veldig bra med god merking av John. Steinar, kjeppar og vardar stod som perler på ei snor i den dårlege sikta. Her oppe er ikkje stien like synbar alle plassar heller- i dag også delvis skjult av snø. 

God merking gir ei god kjensle når vèret er dårleg (og som vi veit kan skodda kome fort på). Ei oppfordring i så måte må vere at når du tek turen på desse postane, så sett gjerne opp igjen steinar eller pinnar der desse har falle ned. Eller sett opp ein ny om du ser ein som vantar. Det gir ein ekstra tryggleik for oss alle.  

mandag 23. november 2020

Låg vintersol

Fristadfjellet, Askdalen og Askvoll i dag

 
Jamneheiane
Mjåset t.v.

Dagens selfie på Smørkletten

Og så dukka sola opp

Smørkletten eller Steinheia ligg i enden av Askdalen
(bak treet  - no i skodde nokre minuttar etterpå eg var der)

Flott tur på fjelltrimposten på Smørkletten i dag tidleg. Etter ei regnbyge til å begynne med var det stort sett opplett heile turen. Ja, sola dukka til og med opp då eg stod på toppen. Magisk! Den låge vintersola er jo fint innramma av dalen og fjellsidene rundt no.... Med sentrum i midten der sør. 

søndag 22. november 2020

Luftig med fruen

Og jammen såg vi i sola på toppen....!

Vindfullt i dag òg.... 
(sjekk buksa....😂)

Grimelia med nydyrkingsfelt

Nok ein luftig tur på Grimelia og Blåfjellet. I dag på søndagstur i lag med Olaug... Opplett og ein liten kuling på toppen. Ein god del mindre vind enn i går. I dag snudd meir på nordvestleg retning. Elles er det jo ganske så blautt når du kjem over gruvevegen. Tørrare oppe på sjølve fjellet. Fin luftetur!  


lørdag 21. november 2020

Tilbake til normalen

Eit glimt av lys

Grimelia i dag

Skikkeleg tøff vind på Blåfjellet i dag tidleg. Ned på fire eit par gonger rett vest for toppen. Men det heldt seg faktisk opplett nesten heile turen. Unnateke ei solid byge då eg gjekk. 

Nesten surrealistisk å vere her på same fjellet som i går. Diamentralt forskjellig vèrforhold. Så, ja, det skiftar fort her på kysten. Synd å seie det, men i dag  var det vel tilbake til normalen.... 

Mobilfoto Blåfjellet 211120 



fredag 20. november 2020

Woow - perfekt heime!

Ved Litlevatnet. 
Moldura bak i midten.

...mot sola i sør...

Flott på Skylefjellet i dag tidleg

Novembersol over Yndestadhøgeheia.
Toreheia-traktene oppe mot venstre.

Reven traskar òg ved Mangevatna

Mangevatna.
Ruta ut over "dei tre bukkene bruse" t.v. mot midten

Ved Svartevatnet og sol over Moldura i sør

Fantastisk morgontur frå døra heime til Blåfjellet, Skylefjellet og rundt Mangevatna og heim att. Perfekt. Tørr nysnø, kald frisk luft og soloppgang ved Rinda. Kunne ikkje fått ein finare morgontur i november 

Vel, no har denne månaden vore elendig vèrmessig så langt. Som eg skreiv i går. Og la ved bildeserien frå november i fjor. Men somme av bilda i dag hadde nok gjort seg på ein ny serie frå i år. No er visst dagen i dag berre eit unntak i så måte. Dei varslar visst orkan ved Stad og regn i nye bøtter og spann! Jo, jo - ein får ta det som det kjem - og kose seg ekstra med bilda frå i dag. Og håpe på ein betre desember enn november. God helg!

Foto Blåfjellet Skylefjellet 201120 



torsdag 19. november 2020

Joy of November


Synd å seie det, men november i år vart ikkje som i fjor...

onsdag 18. november 2020

Surkle surkle surkle (2)

Elva som kjem frå Mangevatna og Grunnevatnet
var diger i dag!

 

Rennande, surklande, fløymande vatn overalt. Svære dammar. Vel, stort meir er det gjerne ikkje å seie om trimturen på Blåfjellet i dag. Reprise på reprisen....  Heldigvis var det nesten vindstille og fritt for skodde. Det er kombinasjonen med regn og vind som er verst. Det er då du blir våtast (og kaldast). I dag heldt jakka og buksa seg bra tørre. Faktisk verre i går. Skoa derimot vart våte oppe ved toppen. 

Eg har fleire skopar eg byter på. Vinterskoa er eg ikkje begynt å bruke endå. Og unnateke fjellskoa, som eg brukar sjeldan, toler ingen av dei væta over litt tid. Som eg skreiv i går skal det no noko til òg - å vasse i overflatevatn er ikkje lette trekking sko laga for. Gore Tex eller ei. Det blir alltid ei svakheit i skoen - anten rundt sålen, framme rundt tåa eller over pløsa. Rifter her og der. Med relativt hard bruk er ikkje dette til å unngå. Du kjem deg ikkje til fjells på flate vegen.... Og enkelte ting lyt ein berre leve med - som å bli våt på føtene no og då...  

tirsdag 17. november 2020

Kliss klass på Smørkletten

Eg trur turen på Smørkletten i dag tidleg må ha vore den våtaste turen eg har gått i år. Det fløymde ned. Elvar og vatn ovreralt. I tillegg var det både skodde og bra tak i vinden oppe ved toppen. Og glatt ned dei bratte bakkane.... Skikkeleg frikst med andre ord. 

Spesielt skoa hadde ikkje ein sjanse til å halde ute all væta. Kanskje gummistøvlar hadde vore tingen. Men då blir ein jo våt inne i frå. Rab-jakka funka derimot bra. Den har rett nok lett for å bli våt innvendig då alt av lufting må stengast. Men den må jo nesten karakteriserast som ein forhistorisk modell etter kvart. Paramo buksa heldt sånn delvis. Her er det glidelåsane på sidene som er største svakheita. Men du verden - det skal jo noko til å halde ute ei slik væte....! Verst er det med så kraftig regn kombinert med vind. Sjølv med alskens impregnering i kleda... Så i dag kunne eg ikkje kome meg fort nok heim att i dusjen. 

mandag 16. november 2020

Soloppgang ved Vikastølen


Soloppgang ved Vikastølen 16/11

Nydeleg morgontur opp Grønene ved Vikastølen til fjelltrimposten på Kalderasnipa i dag tidleg. Flott soloppgang ved Vikastølen. Noko vått opp bakkane til toppen. Litt trekk frå søraust i høgd. 

Etter Kalderasnipa gjekk så turen vidare sørover og oppom Dokka òg. Retur ned ranen. Låg novembersol og delvis skya her borte. Fine fargar då sola stod på. Noko sleipt enkelte parti ned ranen. Både på berg og jord. Så greitt å vere obs - og ikkje drøyme seg heilt vekk i den flotte utsikta til Holmedal 😎. 

Mobilfoto Kalderasnipa Dokka 161120 


søndag 15. november 2020

Ei sleipe

Olaug på veg opp bakkane ovanfor Krokavatnet.
Svortevikstølen bak nede til venstre. 

Litt høgre oppe mot toppen på nordsida av Markahengenipa


Heftig vind på toppen
Eg vart med Olaug på Markahengenipa i dag. No var eg der på fredag òg, men ho mangla denne fjelltrimposten, så eg vart med. Sjølv kan eg jo gå heile veka for meg sjølv. Fint å ha fruen å gå i lag med - iallefall ein dag i veka. 

I dag valde vi å gå opp på framsida. Eller ruta som går meir rett på fjellet frå aust, og som rundar kanten på nordsida og opp. Med så pass mykje væte i det siste vart det litt klyving i våte og sleipe berg oppover. Eg trur difor at vinninga med denne ruta i høve den andre gjekk opp i spinninga. Iallefall i dag. Her er ein del forkastningar i fjellet ein skal opp og ned over òg. Frå toppen og ned att valde vi difor den andre ruta. Den som er merka frå nordsida av Fossedalshengenipa. Eit meir "behageleg" alternativ. Ruta vi gjekk opp i dag eignar seg vel heller lite som eit vinteralternativ. Det er ikkje heilt ufarleg oppe i desse bratte berga -iallefall når det ligg snøfonner, is og skare.   

Elles bles det heftig opp på toppen. Og vått og gjørmete var det overalt. Men namna i boka er på plass....😊

Mobilfoto Markahengenipa 151120

lørdag 14. november 2020

Kvar er vèrgudane?




Regn og kulingkast på Blåfjellet i dag tidleg. Frikst! Intet liv å sjå! Kan nokon gjere noko med vèret? Finst det ein vèrgud vi kan påkalle? Synest vi fortener nokre fine dagar no... 😜

fredag 13. november 2020

Fjellvåken og eg - på tur

Tussmørket kjem fort på no - 
her Skorvemarka i ettermiddag

Leknesvatna i midten bak

Markahengenipa i ettermiddag

Etter eit oppdrag på nokre timar i Førde køyrde eg oppom til Markavatnet og gjekk på Markahengenipa på "veg heim igjen". Omkledning på parkeringsplassen..... 😄Frisk vind og overskya vèr. Og veldig mildt. Det er så smått begynt å tørke opp etter alt regnet i det siste. 
Elles ei flott naturoppleving då eg heldt på å "trakke" på ein fjellvåk som flaug opp framfor føtene mine oppe ved toppen. Vi kvapp vel like godt begge to... Han segla fint vidare sørover mot Nipebu. Eg raskt bortom toppen og ned att same vegen som eg kom. Så då vart det mosjon i dag òg.... Litt etter skjema...😂

Mobilfoto Markahengenipa 131120


torsdag 12. november 2020

Grå november

Brunt og grått - landskapet er klart for snø....
Vi ser Hekkelfjellet, Blåfjellet, Blåfjellssåta og Bakkefjellet i midterste rada

Ein rask tur på Kalderasnipa i dag tidleg. Opp "Grønene-ruta" frå Vikastølen. Det har tørka bra opp dei siste dagane. Men litt glatt er det jo ned igjen desse bratte bakkane. Elles både vind og regn i lufta der. Ikkje verre ein må rekne med på denne tid. 

onsdag 11. november 2020

Fossedalen 2020


Eg har sett i hop ein liten bildeserie frå Fossedalen og fjella ikring tekne no i 2020.

Musikk 
Meditation Impromptu 03
Kevin MacLeod



Tussmørke - heile dagen

Fruen i huset har fri i dag. Så etter at flatbrødbakinga var over for i dag, gjekk vi oss ein tur på Blåfjellet i Grimelia - igjen. 

Framleis vått, men det har tørka opp litt. Elvane er mindre òg. Elles bles det godt der oppe. Milde sørlege vindar. Ein slik november-dag det ikkje blir skikkeleg lyst. Så slik går no denne månaden i år.... 

tirsdag 10. november 2020

Morgonstilla

Holmedal i dag tidleg

Moldura

Mot aust - og kjende fjell

Mot "Eidsfjord-ruta" og Stavenesodden ytst ute

Dokka sett frå Kalderasnipa
(alle foto "gamal" mobil)

Stilt, grått og brunt på Kalderasnipa i dag tidleg. Opp den relativt bratte ruta frå Vikastølen via Grønene. Ein veg som får hjarteslaga til å slå fort...💓 Litt kortare enn om Nyksvatnet vil eg tru. Men har ikkje målt tida. Eg lurte litt på om eg skulle gå om Dokka og ranen ned att, men det vart med tanken. For her oppe var det litt regn i lufta og ein kjøleg trekk.  Men du verden - det er jo mildt til å vere snart midt i november. 10 grader viste termometeret i bilen heim igjen. Det vart likevel berre rett opp og ned. Det er no greitt nok det. Så får vi håpe og tru på sol framover. Solnedgangen heime i går i 16. tida var flott.