mandag 9. november 2020

Turbinar i morgonsol

Vindturbinane på Guleslettene var i dag heilt grusomme -
her med min gamle mobiltelefon

Morgonsol i dag òg....

..på Blåfjellet i Grimelia

Det var noko med lyset i dag tidleg som gjorde at turbinane på Guleslettene skar seg ut i horisonten i nord. Eg hadde ikkje med meg kameraet, så det vart med det dårlege mobilbildet øvst oppe. Eg må nesten få seie at det er smått utruleg kor forskjellig desse turbinane kan fortone seg. I dag veldig spesielt. Over 33 kilometer unna i luftlinje! I dårleg vèr og skodde ser ein dei sjølvsagt ikkje. Men i det flate lyset no om hausten og vinteren, og i låg morgonsol, blir turbinane heilt grusomme. Dei skjemmer heile den flotte utsikta vi tidlegare hadde mot nord. Det flotte kystlandskapet vi var vane med å kunne nyte frå fjella i Askvoll blir brote opp av dekelskapen. (Så får no andre meine det dei vil....).

Elles var det litt tørrare i dag. Og flott morgonsol. Nesten vindstille. Fantastisk flott november-morgon. Eg skreiv meg inn i boka kl 09.50. 10 minutt før den "vanlege tida"....😎


Ingen kommentarer: