tirsdag 3. november 2020

Kunst ved Presteelva

Kunst ved Presteelva


Eit glimt av sola i dag òg...

I dag tidleg gjekk trimturen til fjelltrimposten på Smørkletten igjen. Unnateke ei haglebyge på toppen, var det stort sett opplett. Men vått, vått... Og ganske sleipt i deler av dei bratte bakkane mot toppen. Elles rann det elvar nesten overalt. 

På veg ned igjen traff eg ein annan pensjonist, Ingvar S. Vi slo av ein liten hyggeleg prat. Og nede mot "Eventyrskogen" traff eg først ein heil skuleklasse, så nokre ungar frå barnehagen. Med sine mange artige og kunstneriske utsmykningar er det kjekt både for liten og stor her nede i skogen ved Presteelva. 


Ingen kommentarer: