søndag 8. november 2020

Folksamt i fjellet i dag

Hildegunn, Olaug og Ingrid

Flott morgonsol opp bakkane til Vikastølen og Nykshytta i dag

Litt morgonskodde i Holmedal

ds

Olaug på Kalderasnipa - Dokka bak t.h.

Oss to

Familien Bell Jonstad frå Førde

I dag vart eg med Olaug på fjelltrimposten på Kalderasnipa. Og denne gongen frå Vassverket i Holmedal. Eg har jo tidlegare brukt Eidsfjorden som utgangspunkt for denne turen. Men det er alltid litt kjekt å byte på rutene til toppane rundt omkring. Så i dag tidleg gjekk turen til Holmedal. 

Sidan vi var tidleg ute, fekk vi full valuta med morgonsol første delen av turen. Det var faktisk så godt og varmt i bakkane mot Nykshytta at jakkene måtte av. Sola varme skikkeleg i ryggen. Og når sant skal seiast så var dette i grunn planen òg. I Holmedal er vi på solsida. Medan ruta frå Eidsfjorden no ligg 80% i skuggen. Det er alltid greitt å velge turruter etter årstidene og korleis sola står på himmelen....😎

Oppe ved Nyksvatnet forsvann likevel sola. Og her i frå og opp måtte jakkene på igjen. Det låg delvis litt skodde i høgda. Men vindstille. På sjølve toppen bles det rett nok litt meir. Sjølvsagt blir ein fort kald når ein er sveittevåt i vinden på denne tid av året. Så etter eit par bilder gjekk turen ned igjen. No tok vi om Grønene ned att bakkane til Vikastølen. 

Holmedal frå Grønene

Ved Vikastølen traff vi så eit kobbel med jegerar. Reine bølet. I tillegg traff vi den tidlegare nabojenta Ingrid med turkompis Hildegunn. No busette i Holmedal. Dei gjekk i same ærend som oss. Så vi slo av ein liten prat med dei. Litt lenger nede traff vi så familien Bell Jonstad frå Førde. Kjenningar frå før. Og særs ivrige turfolk. Liv Janne har blogga turar i mange år. Så det vart tid til nokre hyggelege ord her òg. På veg ned siste biten traff vi så ein familie til og fleire turfolk. Ja, parkeringsplassen var heilt full då vi kom ned igjen til Vassverket. 

Flott tur. Og herleg å få oppleve nokre solstrålar igjen. 

Ingen kommentarer: